Samfunn
UD og Arkivverket har svikta
Utanriksdepartementet tok aldri kontakt med Terje Rød-Larsen om dei manglande dokumenta frå Oslo-prosessen. UD nøgde seg med det avvisande og negative svaret Rød-Larsen gav til riksarkivar John Herstad i mai 2006.
Det er i år 26 år sidan Prio-forskaren Hilde Henriksen Waage oppdaga at arkivet i Utanriksdepartementet heilt mangla dokument frå den avgjerande perioden i 1993 då forhandlingane mellom Israel og PLO gjekk føre seg i Noreg: Oslo-prosessen. Ho varsla om resultatet internt i UD, men funnet vart først offentleg kjent gjennom rapporten ho publiserte i 2004.
«Privatperson»
Utanriksdepartementet tok i 2006 det standpunktet at sidan Terje Rød-Larsen ikkje var tilsett i UD, var han å rekne som ein privatperson, og at arkivmateriale han måtte ha, var å rekne som eit privatarkiv. «Vurderinga er basert på UDs tolking av relevant regelverk på området», skreiv UD i ein e-post som svar på spørsmål frå Dag og Tid i 2012. I 2025 opplyste UD til Dag og Tid at det ikkje vart laga ei juridisk vurdering av spørsmålet. I 2012 opplyste UD til Dag og Tid også at det ikkje finst spor av at departementet på noko tidspunkt tok direkte kontakt med Rød-Larsen om «dokument-saka».
UD si «tolking» er klart i strid med det professor John Herstad, tidlegare riksarkivar, og professor Jan Fridthjof Bernt, forvaltningsekspert, har fastslege overfor Dag og Tid. Dei har påpeika at Rød-Larsen var hyra inn og betalt av UD, og slik var å rekne som «tenestemann».
Brev til Rød-Larsen
Arkivverket har heller ikkje mykje å vise til etter John Herstad sitt initiativ kort tid før han gjekk av med pensjon i 2006. I 2018 sende Arkivverket eit brev til Rød-Larsen med oppmoding om å revurdere standpunktet sitt om ikkje å levere arkivet sitt til Riksarkivet. Rød-Larsen var likevel avvisande. Arkivverket konkluderte med at dei ville gjere ein ny framstøyt når Rød-Larsen gjekk av i IPI – International Peace Institute. Han gjekk av i 2020. Men ennå har ikkje Arkivverket, nå Nasjonalarkivet, løfta ein finger.
Først i førre veke, etter at skandaledokumenta frå Epstein-filene vart publiserte, tok Nasjonalarkivet kontakt med Utanriksdepartementet for å drøfte kva ein bør gjere nå. Etter at Dag og Tid på ny tok kontakt med Nasjonalarkivet, sende arkivet ut ei pressemelding der ein varsla at ein nå tek opp att saka.
Då Prio-forskaren Hilde Henriksen Waage i 2004 publiserte funnet av manglande dokument i UD, førte det til omfattande medieomtale og engasjement, og historikarar og andre fagfolk engasjerte seg. Søkelyset vart retta mot Terje Rød-Larsen, som hadde hatt ei sentral rolle i Oslo-prosessen.
«Omfattende privatarkiv»
I mars 2006 tok riksarkivar John Herstad kontakt med Terje Rød-Larsen med oppmoding om å levere/overføre det han måtte ha av dokument/materiale til Riksarkivet.
Rød-Larsen sende 9. mai eit svar der han for det første opplyste at han hadde «et omfattende privatarkiv, med materiale også fra forhandlingene i Norge».
Det er eit anna bilete enn det forsvararen hans, advokat John Christian Elden, nå søker å formidle.
For det andre viser Rød-Larsen i svarbrevet til «uttalelser fra enkelte historikere, UD-tjenestemenn og Riksarkivaren selv, uten at noen av disse har kommunisert med meg. Dette har ikke bidratt til det tillitsforhold som er en nødvendig forutsetning ved donering av et privatarkiv som omfatter notater fra følsomme samtaler med bla. nålevende politikere og diplomater fra en rekke land.
På denne bakgrunn vil jeg donere mitt privatarkiv til et internasjonalt annerkjent arkiv i utlandet.»
Utanriksdepartementet hadde før dette kontakta Mona Juul og Jan Egeland, som hadde vore involverte i Oslo-prosessen, med spørsmål om dei hadde dokument som var relevante.
Mona Juul svara at ho ikkje hadde dokument, sjølv om Juul, som var tilsett i sekretariatet til utanriksministeren, mellom anna hadde ansvar for å halde orden på utanriksministeren sine papir. Jan Egeland opplyste at han hadde nokre dokument som han leverte til UD.
Viktige avklaringar
6. juni 2006 sender så Utanriksdepartementet ut eit brev der ein takkar for dokument som er leverte, knytte til Oslo-prosessen. I brevet blir det presisert at «det ikke mangler dokumenter i Utenriksdepartementet sitt arkiv», med den viktige presiseringa at alt som er levert til journalføring, finst i arkivet.
Så kjem fylgjande viktige avklaring:
«Vi er også klar over at flere involverte personer som deltok i Oslo-prosessen, ikke var ansatt i Utenriksdepartementet i det gitte tidsrommet, og at disse dokumentene ikke er/vil bli en del av vårt arkiv.»
Nøkkelen
Det er dette som er nøkkelen til å forstå usemja som nå har kome til syne om kva som vart uttala frå UD si side i 2006, då Jonas Gahr Støre var utanriksminister. Den gongen uttala Anne Lene Dale Sandsten, som var kommunikasjonssjef i UD, til Bergens Tidende (ikkje til Dag og Tid, som det feilaktig er referert til i media):
«Vår konklusjon er at det ikkje finst dokument han (Terje Rød-Larsen) har frå Oslo-prosessen, som er sakna i UD sine arkiv. Vi ser på saka som avslutta.»
Bakgrunnen var altså spørsmålet om journalføring eller ikkje. Dokument som ikkje vart journalførte, vart såleis ikkje «sakna».
Nå blir statsminister Jonas Gahr Støre konfrontert med kva kommunikasjonssjefen i UD uttala på hans vegner i 2006, medan han i dag seier at han alltid har meint at alle dokument i saka bør samlast i offentlege arkiv. I dag blir han skulda for løgn, men forklaringa kan vere ei anna:
Utsegna frå Støre og UD i 2006 baserte seg på at alle journalførte dokument var å finne i arkivet, og såg bort frå UDs eiga mistolking av regelverket.
Det er nærliggande å sjå utsegna frå Støre nå som uttrykk for at han har retta seg etter den snuoperasjonen Utanriksdepartementet tidlegare har gjort i dokumentsaka.
Utanriksdepartementet har gjennom alle år frå 2006 halde fast ved standpunktet at ein ikkje mangla dokument i arkivet.
Først i januar i fjor vedgjekk UD overfor Dag og Tid for første gong at ein manglar dokument frå Oslo-prosessen. UD ville likevel ikkje svare på når og kvifor ein hadde endra standpunkt i dette spørsmålet.
Det er nærliggande å tru at Utanriksdepartementet hadde kome til at det var uhaldbart å stå fast på at det ikkje mangla dokument i arkivet, etter dei funna professor Hilde Henriksen Waage hadde publisert seinhaustes i 2024. Ho hadde funne og fått tilgang til norske dokument i det israelske riksarkivet, mellom anna brev frå utanriksminister Johan Jørgen Holst, graderte «strengt fortruleg» i 1993. Dette var dokument som UD korkje hadde eller har i sine arkiv.
Manglande handlekraft
Samstundes var det påfallande at journalisten Odd Karsten Tveit hadde sitert frå nokre av desse dokumenta i boka han gav ut i 2005 – Krig og diplomati. Tveit har ikkje vilja opplyse kvar han har fått tilgang til dokumenta. Det gjeld mellom anna eit brev som Holst skreiv til den israelske utanriksministeren Shimon Peres i juli 1993 etter møte med PLO-leiar Yasir Arafat i Tunisia, og som Holst sende til Peres med ekteparet Terje Rød-Larsen og Mona Juul som kurerar.
Heller ikkje desse opplysningane har fått Arkivverket/Nasjonalarkivet eller UD til å aksjonere i løpet av det dryge året som har gått sidan Waage publiserte dei nye funna sine.
Men handlekrafta har tydelegvis vanta. Korkje UD eller Arkivverket har fylgt opp det ansvaret dei naturleg er pålagde.
Nå har Nasjonalarkivet og Utanriksdepartementet spela ballen over til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget.