JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Tapt truverd

Trygve Slagsvold Vedum lover å kompensera for at Finansdepartementet bomma på inflasjonen. Det får han neppe heilt til.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FYLGJEFEIL: Tusenvis gjekk i fakkeltog mot nedlegginga av Mork rehabiliteringssenter i Volda.

Foto: Svein Aam / Møre-Nytt

14412
20230210

Inflasjon

I framlegget til nasjonalbudsjett for 2022 trudde Finansdepartementet at inflasjonen skulle verta på 1,3 prosent. Han vart på 5,8.

I budsjettet for 2023 trudde Finansdepartementet at inflasjonen skulle verta 2,8 prosent.

Noregs Bank meinte inflasjonen skulle verta på 4,5 prosent.

jon@dagogtid.no

Om kvelden den 27. januar kom dei franske gule vestane til Volda. No skal det seiast at folk hadde teke på seg gule refleksvestar for å verta sette i mørket, så nett desse vestane låg det kan henda ikkje nokon djupare symbolikk bak. Men same kva gjekk 1700 menneske i fakkeltog langsetter gamlevegen mellom Ørsta og Volda. Dei var på veg til det statlege Mork rehabiliteringssenter rett utanfor Volda sentrum.

Senteret har i over 40 år tilbode folk som av ulike grunnar har vorte påførte funksjonshemmingar, opptrening for å kunne makta kvardagen og kanskje arbeidslivet betre. No har styret i Helse Møre og Romsdal vedteke at dei vil leggja ned Mork. Nedlegginga er mykje ein fylgjefeil.

Bom på bom

Dette skreiv Finansdepartementet i oktober 2021 i framlegget til nasjonalbudsjett for 2022, altså det komande året: «Inflasjonen anslås samlet sett å komme betydelig ned (samanlikna med 2021, red. merk.). Det anslås å gi en reallønnsvekst på 1 3/4 pst. neste år, etter nullvekst i inneværende år.» Dei hamna på 1,3 prosent som den mest trulege veksten i konsumprisane.

I det reviderte nasjonalbudsjett som vart lagt fram den 12. mai 2022, innsåg Finansdepartementet at dei hadde bomma skikkeleg, og reviderte opp overslaget sitt til 3,4 prosent. Dei fleste sektorane fekk delvis dekt den auka konsumprisveksten, men ikkje heilt, sidan Ukraina-flyktningane måtte få ein del pengar og Forsvaret òg.

Kva vart inflasjonen på i 2022? Han vart på 5,8 prosent. I røynda fekk offentleg sektor samla ei kraftig innstramming i 2022. Dei som ikkje makta å dekkja inn dei reduserte realløyvingane fortløpande i 2022, må dekkja inn dei for høge utgiftene i 2022 i dette budsjettåret.

Kva trudde Finansdepartementet at inflasjonen i 2023 skulle verta då dei la fram nasjonalbudsjettet i oktober 2022? At konsumprisveksten skulle verta 2,8 prosent i år. Dei rekna også med, som dei gjorde i 2021, at vi skulle få reallønsvekst det komande året. Difor sette dei den såkalla deflatoren, som er ein kombinasjon av inflasjon og lønsvekst, til 3,5 prosent.

Saldert budsjett

Enkelt sagt: Får du som leiar av ein offentleg etat 3,5 prosent meir over statsbudsjettet i 2023, skal det gjera at realveksten i utgifter og tenester vert 0 prosent i 2023. Det høyrer elles med å nemna at vi fekk reallønsnedgang i 2021–2022.

Her kjem eit tilleggspoeng, som er litt komplisert, men likevel viktig: Ja, i revidert budsjett for 2022 fekk dei underliggjande etatane delvis kompensert for ekstrainflasjonen. Men då Finansdepartementet i 2022 rekna på utgiftsveksten for 2023, nytta dei ikkje revidert budsjett som utgangspunkt, men saldert statsbudsjett for 2022. Dei rekna altså med utgangspunkt i det budsjettet for 2022 som vart vedteke hausten 2021.

Dimed «forsvinn» inflasjonskompensasjonen frå revidert nasjonalbudsjett 2022 i budsjettet for 2023. Etatane får ikkje ein auke på grunnlag av rekneskapen for 2022, faktisk bruk av pengar, men på grunnlag av det vedtekne budsjettet for 2022.

Åtte veker utan noko

Det gjekk åtte veker frå framlegget til nasjonalbudsjett vart lagt fram i byrjinga av oktober, til ein budsjettavtale med SV var klar i byrjinga av desember. I den perioden reviderte ikkje Finansdepartementet tala, sjølv om dei i framlegget vedgjekk at dei nok undervurderte kor høg inflasjonen kom til å verta i 2023.

Den 22. september, to veker før Trygve Slagsvold Vedum presenterte framlegget til statsbudsjett for 2023, la Noregs Bank fram sine inflasjonsprognosar for 2023. Dei rekna med at prisveksten kom til å verta 4,5 prosent i 2023, som var 1,7 prosent høgre enn Finansdepartementet trudde to veker seinare.

No trur Statisk sentralbyrå at inflasjonen vert 4,9 prosent i år. Skal dei tilsette i offentleg sektor få kompensert litt av den sterke reallønsnedgangen som kom i fjor, må nok deflatoren verta på minst 6 prosent, som er 2,5 prosent høgre enn Finansdepartementet la til grunn.

Pressemeldinga

Førre fredag sende Finansdepartementet ut ei pressemelding. Vi kan sitera eit litt langt utdrag av di meldinga gjev ei god forklaring på kva konsekvensane av bommen vart:

«Oppdaterte anslag for lønns- og prisvekst i år, er høyere enn det som ble lagt til grunn i fjor høst. Dersom ikke det justeres, vil budsjettet i år virke betydelig strammere enn det som var meningen.

– De endrede forutsetningene påvirker ikke bare offentlige virksomheter som sykehus, politi, skoler og andre, men også verdien av tilskudd til bedrifter og organisasjoner og overføringer til folk, som for eksempel barnetrygd. Dette gjør vi noe med, sier finansminister Trygve Slagsvold Vedum.

Formålet med justeringene er at utviklingen i det offentlige tjenestetilbudet blir om lag som forutsatt i budsjettet da Stortinget vedtok det.

– Vi varsler dette tidlig slik at offentlige virksomheter og andre som mottar penger over statsbudsjettet, kan planlegge året på en god måte. Det vil fortsatt være et stramt budsjett, men vi må unngå at virksomhetene må kutte som en følge av de endrede forutsetningene», sa Vedum.

Måtte koma

Det gjekk i grunnen som det måtte gå. Då budsjettavtalen med SV var klar, skreiv vi i Dag og Tid ein artikkel med tittelen «Talfeil i statsbudsjettet» og sa at regjeringa kom til å måtte løyva mykje meir pengar gjennom 2023. Vi peika òg på at det var noko underleg at Finansdepartementet ikkje hadde revidert eigne tal.

Men det viktige spørsmålet er om denne pressemeldinga til dømes kan berga Mork-senteret. Kan vi «unngå at virksomhetene må kutte som en følge av de endrede forutsetningene»? Det er lite truleg. Fylgjefeil har det med å føra til nye fylgjefeil.

Vi kan nytta Mork-senteret som døme: Helse Møre og Romsdal fekk mindre pengar enn forventa i 2022 av di regjeringa ikkje kompenserte det overordna styringsorganet Helse Midt-Noreg fullt ut for inflasjonen og lønsveksten i 2022. Dimed gjekk både Helse Midt-Noreg og Helse Møre og Romsdal med eit mindre overskot for 2022 enn dei hadde planlagt. Det største sjukehuset i Midt-Noreg, St. Olavs hospital i Trondheim, ser faktisk ut til få eit underskot på 256 millionar for året 2022.

Overskot til investering

Overskot er viktige, for det er med overskota helseføretaka investerer. Som styreleiaren i Helse Midt-Noreg sa til Adresseavisen førre fredag: «Kostnadene til investeringer er høyere enn overskuddet vi genererer, og slik kan vi ikke fortsette. Vi har ingen signaler om at vi får økte økonomiske rammer, tvert imot vil vi få en strammere økonomi og en knapphet på personell. Vi er nødt til å tilpasse oss. Vi må prioritere hva vi skal drive med og hva vi ikke skal drive med innenfor disse rammene.»

Mork-senteret kostar ikkje så mykje i året. Innsparinga på drifta ved å sentralisera det heile til Ålesund vert berre 10 millionar, trur styret i Helse Møre og Romsdal, men bygningsmassen er gamal. Styret seier at det trengst 70 millionar i nye investeringar skal drifta kunne haldast oppe på ansvarleg vis. Desse pengane har ikkje regionen av di helseføretaket ikkje går med overskot å snakka om etter realinnstrammingane i 2022.

Dessutan driv ikkje offentlege etatar med styring på grunnlag av forventningar til revidert nasjonalbudsjett. Den typiske gangen når eit revidert nasjonalbudsjett vert lagt fram, er at ein får kompensert for inflasjon ut året, og ikkje for «ekstrainflasjon» før revidert nasjonalbudsjett. Offentlege etatar planlegg etter det vanlege statsbudsjettet som vert lagt fram i oktober, og på grunnlag av tala som kjem fram der. Årsbudsjett går frå 1. januar til 31. desember. Ikkje frå 1. juli til 31. juni.

Styringsbrev

Styret i Helse Møre og Romsdal har alt vedteke at dei vil leggja ned Mork rehabiliteringssenter frå i sumar av. Det kjem styret i Helse Midt-Noreg etter alt å døma til å godta på det komande styremøtet deira. Slikt er proforma.

Dessutan har alle departementa og alle statsrådane sendt ut styringsbrev. Der står det i hovudsak to ting: Eventuelle underskot eller ekstrautgifter som kom i 2022 på grunn av at inflasjonen vart høgre enn Finansdepartementet meinte, må dekkjast inn i 2023. I tillegg står det at alle statlege etatar må styra på grunnlag av dei tala som står i det statsbudsjettet for 2023 som Stortinget vedtok i desember.

Offentleg sektor er ein supertankar. Det tek lang tid å endra kurs. Statsrådane veit ikkje kva tala vert i revidert nasjonalbudsjett, det veit heller ikkje Vedum. Dessutan er det ikkje Vedum eller statsrådane som vedtek statsbudsjett, korkje det vanlege eller revidert. Det er Stortinget som vedtek revidert statsbudsjett i juni, ikkje regjeringa no.

Naudsynte innsparingar

Ja, det er mogleg å omdisponera nokre summar. Statsrådar kan gje melding om at det kjem litt meir pengar, men «litt» eller «noko» er uklare storleikar for direktørar og budsjettplanleggjarar nede i dei ulike systema. For igjen å taka helseføretaka: Leiarane og styra der veit at om dei maktar å skjera ned på drift, og det har den manglande inflasjonsjusteringa legitimert, kjem dei, om dei eventuelt får meir pengar, til å kunna koma ut av 2023 med høgre overskot enn dei trudde. Og overskot gjev rom for investeringar som er heilt naudsynte i møte med til dømes eldrebylgja.

Enkelt sagt: Korkje styre eller leiarar i offentlege sektor kan planleggja på grunnlag av mogleg pengar som ikkje er kvantifiserte. Legitimitet og styringsevne kjem på grunnlag av vedtekne løyvingar, ikkje moglege.

Er så dei manglande pengane til offentlege etatar i statsbudsjettet både for 2022 og for 2023, samanlikna med det som var meint frå Stortingets side, eit problem? Det kjem an på perspektiv. Sjølvsagt er dei manglande løyvingane eit problem for dei som trudde dei skulle få eit eller anna frå offentleg sektor, men som ikkje får det, eller eventuelt noko mindre eller dårlegare enn dei trudde. Og sjølvsagt er dei manglande pengane eit problem for dei som til dømes arbeider på Mork og no anten mistar stillinga si eller må byrja å pendla langt til ein annan institusjon.

Inflasjon

Men samstundes understrekar både Jonas Gahr Større, Trygve Slagsvold Vedum og for den del dei ulike statsrådane at regjeringa har som mål å få ned inflasjonen og dimed renta. Konvensjonell økonomisk teori seier at om ein over offentlege budsjett kompenserer fullt ut for inflasjon, fører det i seg sjølv til auka inflasjon. Kjøper offentlege etatar og offentleg tilsette like mykje varer og tenester som før sjølv om inflasjonen går opp, er det eit signal til marknadsaktørane om at dei kan taka seg stadig betre betalt for det dei leverer, og dimed er inflasjon vorte «ankra», som det heiter.

Styresmaktene har grovt sett to måtar å få ned inflasjon på, gjennom finanspolitikk og gjennom pengepolitikk, og dei to verkar i samspel. Staten kontrollerer i år via investeringar, overføringar og forbruk ein sum som svarar til vel 60 prosent av verdiskapinga (BNP). Om regjering til dømes nyttar 3 prosentpoeng mindre enn meint, vil dette verka sterkt innstrammande og føra til at færre pengar jagar eit gjeve tilbod av varer og tenester, og dimed kan Noregs Bank vera mindre aggressive i pengepolitikken. Renta går ikkje så mykje opp.

Kompensasjon

Kompenserer ikkje Vedum fullt ut for den auka inflasjonen, skal altså den same inflasjonen kunna koma meir ned enn ved full kompensasjon. Men det er særs vanskeleg å kvantifisera slike storleikar, og dei verkar i ulike retningar: Inflasjon fører til dømes til at folk får høgre skatt enn det som var tenkt. Det er i seg sjølv innstrammande og gjev dimed Vedum meir pengar å nytta eller spara. Inflasjon er som regel omfordeling av pengar frå innbyggjarane og privat sektor til offentleg sektor.

Det sterkaste våpenet når ein vil ha ned inflasjonen, er nok renta. Ein tydeleg renteauke fører automatisk til at folk mistar arbeid, som faktisk er eit mål med renteaukar. Færre folk i arbeid fører til mindre press i økonomien og dimed, i det minste i teorien, til at lønsveksten vert lægre, slik at dei verksemdene som framleis har folk i arbeid, kan taka mindre betalt for varene og tenestene dei produserer.

Internasjonalt fenomen

I tillegg er inflasjon i ein så open økonomi som den i norske mykje eit internasjonalt fenomen. Ein nokså plausibel teori er at inflasjonen i den rike delen av verda har vore så låg lenge av di Kina vart ein del av den internasjonale handelen. Billig arbeidskraft der gav oss billige varer her – og dimed lægre (kanskje for låge) renter.

Inflasjon er ikkje lett å styra. Det som mest truleg får prisstiginga ned, i det minste på kort sikt, er nok lægre prisar internasjonalt og renteoppgang nasjonalt. Ein viss kompensasjon frå Vedum vil neppe gjera myke frå eller til på kort sikt.

Det største problemet med desse stadig fleire bommane, sett vekk frå dei det konkret går ut over her og no, er nok legitimitet. Det var til dømes ikkje Vedum som var ansvarleg for det feilaktige overslaget i nasjonalbudsjettet for 2022. Det er dei evigvarande byråkratane i Finansdepartementet som lagar overslaga.

Viktig dokument

Ja, inflasjon er overflatisk sett noko som oppstår når for mange pengar og for mykje etterspurnad jagar for få tenester og varer, men det handlar på eit djupare plan om truverdet til institusjonane som har ansvaret for penge- og finanspolitikken. Då vi fekk den store inflasjonen på 1970-talet, var det to vestlege land som unngjekk det meste av inflasjonen, Sveits og Vest-Tyskland. Institusjonane der, finansdepartementa og sentralbankane, hadde større truverd enn institusjonane i andre land når dei sa at dei ikkje aksepterte høg inflasjon.

Det enkeltdokumentet som har klart mest å seia for korleis norsk økonomi går, og korleis vi planlegg, er nasjonalbudsjettet. Di større feila er der, di større fylgjefeil får vi elles i samfunnet. Noko tilsynelatande så enkelt som å gjera demokratiske vedtak, det vera seg i kommunestyre eller på Stortinget, vert mykje vanskelegare når nasjonalbudsjettet har feil tal.

Tillit og truverd tek lang tid å byggja opp, men kort tid å bryta ned. No veit også tilsette og pasientar ved Mork nett det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Frank Rossavik er sakprosaforfattar og kommentator i Aftenposten. Like før han fylte fire år, forsvann nesten all høyrsel.

Foto: Leikny Havik

BokMeldingar

Frank Rossavik har skrive ei rørande bok om korleis eit høyrselstap kan påverka kven du blir.

ErikMartiniussen

Helsedirektoratet i Noreg tilrår same behandling for ME og kronisk utmatting.

Foto: NTB

Ordskifte

«I dag får ikkje ME-pasientane rett behandling.»

Bjørn K. Getz Wold

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis