Tilsvar

Skivebom om Digitalarkivet

– Lesesalane våre er ikkje stengde, men bruken har gått kraftig ned.

Inga Bolstad er riksarkivar.
Publisert Sist oppdatert

Påstanden om at Arkivverket bruker Digitalarkivet for å «halda brukarane unna», bommar fullstendig. Sanninga er det motsette: Digitalarkivet fjernar barrierar og gir alle – uavhengig av bustad og økonomi – lik tilgang til kjeldene.

Som institusjon har ikkje Arkivverket meir pengar enn før, men me har fått eit langt meir komplekst og teknologisk krevjande oppdrag. Derfor prioriterer me digitale tiltak som gir mest verdi for flest, samtidig som arkivmateriale er tilgjengeleg på lesesalane for dei som treng ein slik tilgang til kjeldene.

Målet er altså ikkje å avgrensa tilgangen, men å sikra at heile nasjonens fysiske så vel som digitale arkiv blir bevarte og gjorde tilgjengelege for alle, no og i framtida.

Eit element i tilgjengeleggjeringsarbeidet er dei avtalane me har inngått med MyHeritage, Ancestry og Family Search. Dette har gjort kyrkjebøkene søkbare gjennom metadata. Utan desse avtalane kunne selskapa henta materialet utan å dela resultata tilbake, men no eig me dataa, me har kontroll, og me forbetrar kvaliteten saman med frivillige.

Metadataa som er resultatet av desse avtalane, er ikkje fullstendige avskrifter. Dei blir brukte som søkjeinngangar og metadata for at brukaren skal kunna finna fram i det skanna materialet som ligg i Digitalarkivet – kjelda er alltid det skanna eller fysiske dokumentet.

Arkivverket har eit anna samfunnsoppdrag enn Nasjonalbiblioteket. Me skal sikra, bevara og tilgjengeleggjera arkiv, utvikla standardar og føra tilsyn med offentleg arkivarbeid. Me forvaltar ikkje bøker, men dokumentasjonen i samfunnet – inkludert digitale arkiv frå dei siste 40 åra. Om desse ikkje blir sikra no, står me i fare for å mista store delar av det felles minnet vårt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement