JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Skal merkast som produsert i Irland

Jarlsberg-hjulet frå Irland vert identisk med det som vert produsert i Noreg, men skal merkast som irskprodusert.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2275
20171215
2275
20171215

I vår fekk Dagbladet to oste-ekspertar frå ein delikatessebutikk i Oslo til å jamføre smaken på irskprodusert Jarlsberg kjøpt i Sverige og norskprodusert Jarlsberg frå Noreg. Dei fann «en markant smaksforskjell». Det same gjorde kundane deira, som også prøvde ostane. Ifølgje Dagbladet var osten kjøpt i Sverige ikkje merkt som produsert i Irland. Det skal Jarlsberg som vert produsert på Tines nye meieri i Irland vere, forsikrar Atle Kjøl Jacobsen, i Tine Internasjonal.

I e-brev til Dag og Tid skriv han òg at kvalitetskrava til Jarlsberg-hjulet som skal produserast i Irland, kjem til å vere «heilt identiske» med Jarlsberg-hjulet som framleis skal produserast i Noreg.

Kvalitet og oppskrift

Spørsmålet vårt om den markante smaksskilnaden oste-ekspertane fann mellom dei to, får til svar at Tine har produsert Jarlsberg i USA og Irland i mange år, og osten er teken godt imot i marknaden. Det er like strenge krav til kvalitet på råvara i USA og Irland. All Jarlsberg er laga på det som svarar til norsk elitemjølk, og etter same oppskrift.

Jacobsen seier òg det er eit «klokkeklart krav» at mjølka Tine tek imot, både i Noreg, Irland og USA, skal vere utan restar av antibiotika og garantert fri for bruk av genmodifiserte organismar (GMO).

Prisen for merkevara

Cathrine Pia Lund leiar avdelinga «Merkevaren Norge», ei satsing i Innovasjon Norge for å leggje grunnlag for auka eksport og verdiskaping mellom næringar. Ho seier nasjonar, land eller merkevarer som vert oppfatta som attraktive, kan ta høgare pris for produkta sine og ser ikkje vekk frå at det også gjeld for Jarlsberg, sjølv om osten framover i større grad skal produserast utanlands.

– Det er ein styrke om vara også er produsert i landet ho kjem frå, men det treng ikkje vere noka hindring at ho ikkje er det, seier ho.

Kollegaen hennar, Oscar Kipperberg, har same oppfatning.

– Så lenge Tine står som garantist for at Jarlsberg er laga etter deira verdiar og kvalitet, treng det ikkje ha betydning for prisen det er mogleg å ta ut, seier han.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

­– Det er ein styrke om vara også er produsert i landet ho kjem frå.

Cathrine Pia Lund, Innovasjon Norge.

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis