JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Sitte stille-leiken

Forslag til forskingsprosjekt: Få ein økonom til å rekne ut kor mange av samfunnets ressursar som går med på å lære norske seksåringar å sitte stille.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Då skulestart for seksåringar vart innført, heitte det at det første året skulle vere annleis.

Foto: Terje Pedersen / NTB

5985
20230331
5985
20230331

Denne veka stemte Stortinget nei til eit forslag om å utsette skulestart frå seks til sju år. Det er i grunnen synd. Stortingets Dokument 8-forslag er sjølvsagt ikkje staden der politikk blir avgjord. Å leggje fram Dokument 8-forslag handlar strengt tatt mest om å markere seg. Som SVs rutinemessige forslag om å avskaffe monarkiet og stortingsfleirtalets like rutinemessige nedstemming.

Men, vi må tilbake til skulebenken. Det var ein trio frå KrF, med partileiar Olaug Bollestad i spissen, som ville ta seksåringane ut av skulen og til ein kvardag med førskulepedagogikk og fri leik.

I forslaget viser dei tre til ein OECD-rapport som hevdar at barnestyrt fri leik er avgjerande for små barns utvikling. Dei fram­hevar også ein studie frå New Zealand som samanliknar barn som byrja formell lese- og skriveopplæring ved fem og sju års alder. Her viser det seg at dei barna som byrja lesetreninga som femåringar, ikkje les betre enn dei andre når dei er blitt elleve. Men ein viktig forskjell finst likevel: Barna som gjekk i gang som femåringar, hadde mindre positive haldningar til lesing enn dei barna som byrja då dei var sju.

På topp

KrF-arane gjorde også eit poeng ut av at finske barn ikkje byrjar på skulen før dei er sju år. Og den finske skulen er jo som kjent ikkje berre best i Norden. Finnane er på topp i internasjonale samanliknande skuleundersøkingar.

Bakteppet er ei førebels evaluering av seksårsreforma. Ho var leia av professor Elisabeth Bjørnestad ved OsloMet og slår fast at 25 år etter at seksåringane vart sende inn i klasseromma, er skulekvardagen deira fanga i ein institusjonell logikk der det som kan målast, får forrang. Det er blitt mindre førskule, meir skule. Leiken er ikkje heilt borte, men han er i all hovudsak vaksenstyrt. Lesetreninga går i gang frå første dag, sjølv om læreplanane på ingen måte krev det.

Eit kompromiss

Då skulestart for seksåringar vart innført, heitte det at det første året skulle vere annleis. Det var eit kompromiss mellom to ulike syn på småskulen. Høgresida var opptatt av formell læring. Venstresida insisterte på leik og førskulepedagogikk.

Så gjorde det såkalla Pisa-sjokket seg gjeldande med full tyngde. Medisinen kom i form av skulereformer og standardiserte testar. Med Kunnskapsløftet i 2006 fekk tanken om grunnleggande ferdigheiter og basisfag feste. Skuleforskaren Peder Haug har hevda at det var dette som pressa den frie leiken ut av førsteklasseromma.

Har så norske elevar blitt flinkare? Prestasjonane ligg stabilt på gjennomsnittet. Dette var konklusjonen i den sist publiserte Pisa-rapporten. I 2015 la forskarar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) fram ein rapport som slo fast at seksårsreforma hadde null effekt på kva karakterar barna fekk på ungdomsskulen. Tarje Havnes, ein av forskarane bak studien, oppsummerte funna slik for NRK: «Våre funn viser at reformen verken hadde positive eller negative effekter.»

Om ein spør forskarmiljø knytte til Noregs handelshøgskule (NHH), vil dei kunne vise til andre forskingsrapportar og andre konklusjonar – til dømes ein forskingsrapport frå Storbritannia som viser at barn som byrja skulegangen då dei var fire og eit halvt, ligg langt framfor jamaldrande når dei er elleve år, og at tidleg-tidleg skulestart er særleg gunstig for gutar. Ein fektekamp mellom studiar, metastudiar og rangeringar skal difor få ligge.

Øver og øver

I staden skal vi ta turen innom norske klasserom og ei kort, men poengtert oppsummering av alle foreldremøta eg har deltatt på. Og det byrjar bli ein del. Det opnar med at læraren seier: «Vi øver på å stille opp. Vi øver på å hugse bøker og Ipad, unnskyld, læringsbrett. Vi øver på stille munn.»

Uroa i norske klasserom påverkar alle. For det er i skulen som i livet elles. Det er dei som bråkar mest, som får mest merksemd. Og kven er dei, desse bråkmakarane? Barn som kjedar seg, er mistilpassa eller rett og slett ikkje klare for formalitetane knytte til skulegang. Veldig ofte er dei gutar.

Og det er her eg synest vi som samfunn burde stoppe opp og stille følgjande spørsmål: Kvifor skal vi leggje inn så mykje av samfunnets ressursar på å trene friske barn i sin beste alder på å sitte stille og halde munn i økter som varer i opptil halvannan time? Tenk kor mykje meir glede og meistring seksåringar kan oppleve om dei kan få bruke mindre tid på å øve på å ikkje oppføre seg som barn. Tenk kor mange erfaringar med å vere eit problem for andre vi kan spare desse barna som ikkje heilt passar inn i skulen, for.

Som samfunn har vi eit mannsproblem. Det er eit aukande tal gutar og menn som fell utanfor skule, arbeidsliv og familieliv. Å flytte skulestart løyser ikkje denne samfunnsutfordringa. Men det kan gi langt fleire gutar ein meir positiv start på skulekvardagen.

Men kva med læringa, då? Asiatiske tigermødrer oppdrar barn som kan spele Vivaldis fire årstider på fiolin som tiåringar, snakke tre språk flytande og rekne andregrads likningar når dei er tolv. Og kva med desse britiske barna som startar leseopplæringa før dei fyller fem? Vel, det er jo lite som tyder på at norske barn har lært meir av å bruke meir tid. Og dei får det jo også til i Finland.

Om framtida

Uroa over norske skuleprestasjonar i eit internasjonalt perspektiv handla eigentleg aldri om at norske barn kunne namnet på for få byar i Belgia. Den handla om framtida. Det var knytt til spørsmål om innovasjonsevna vår, økonomisk vekst og korleis vi skal få eit godt samfunn om 30 eller 50år. I 2024 kjem siste del av evalueringa av seksårsreforma. Kunnskapsminister Tonje Brenna skreiv til KrF-trioen at ho ville vente på evalueringa. I mellomtida kan ho jo lese dei evalueringane som alt er gjorde, og tenkje på om vi, som samfunn, kjem dit vi vil gjennom å invitere seksåringar til å leike stilleleiken.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør i Syn og Segn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis