JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Mykje å gjera, litt vert gjort

Trump har berre fått éin siger, men den var til gjengjeld stor, seier Jan Arild Snoen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Donald Trump har sete i over 100 dagar. Det heile har «vore komplisert», seier han sjølv.

Foto: NTB scanpix

4930
20170505

Samtalen

Jan Arild Snoen

USA-kjennar

Aktuelt

Trump er ferdig med sine fyrste 100 dagar

jon@dagogtid.no

I Washington er det mykje å gjera og lite å få gjort. Få har synleggjort dette meir enn Donald Trump, som har sete i 100 dagar. Jan Aril Snoen tener gode pengar på å vedda om amerikansk politikk.

– Kva skal vi seia om desse fyrste 100 dagane?

– No har det gått litt meir enn 100 dagar, men det har vel gått som vi både trudde og forventa. Trump har synt det same temperamentet som i valkampen. Når han vert sint, tyr han med ein gong, som i valkampen, til Twitter. Det har vore mange utspel og lite politisk handverk. Hovudgrunnen til at lite skjer, er at han ikkje har manna opp regjeringa. Han har ikkje prioritert å få folk på plass, og utan folk som kan utøva konkret politikk, skjer lite.

– Noko må han då ha fått til?

– Ja, han har éin siger, og den er stor, nemleg dette at han fekk utnemnd Neil Gorsuch til ny domar i Høgsteretten. Dette var ein stor siger, ikkje berre for Trump, men også for republikanarane i Kongressen som hindra Obama i å få utnemna ein domar før han gjekk av. Gorsuch har faktisk nokså brei støtte, ikkje berre av di han er konservativ, men òg av di han vert rekna for å vere kompetent. At Trump kan utnemna domarar, er elles ein hovudgrunn til at såpass mange «normale» republikanarar røysta på han. Dei heldt seg for nasa og tenkte på Høgsteretten.

– Men det som skjedde, var at ein svært konservativ vart bytt ut med ein litt mindre konservativ?

– Ja, utnemninga endra ikkje balansen, men ho peikar framover. Det er meir enn truleg at to domarar forsvinn i denne perioden, ein venstreorientert domar, og ein frå sentrum. Då kan Trump få høve til å endra Høgsteretten i mange år framover.

– Det kom ingen mur?

– Nei, for min del har eg aldri trutt på denne muren. At det skal koma noko slikt frå kyst til kyst, er berre ulogisk. Elles er innvandringsbiten litt blanda. Nei, han har ikkje fått eit forbod mot innvandring frå muslimske land, men samstundes har den såkalla ulovlege innvandringa gått klart ned. Trump handhevar lovverket mykje strengare enn Obama gjorde, i tillegg har retorikken hans truleg skremt mange frå å leggja ut på reisa. Så effekten er der sjølv om muren ikkje kjem.

– Men Obamacare har amerikanarane enno?

– Ja, og eg høyrer til desse som lenge har hevda at det er best for Trump at det ikkje kjem noko avvikling av Obamacare eller ei ny reform. Svært mange av veljarane til Trump nyt faktisk godt av Obamacare. Men helse er eit av mange område der Trump ikkje har særleg med kunnskap. Som han sa her om dagen: «Ingen kunne vita at dette var så komplisert.» Eh, jau, svært mange visste at dette var komplisert. Helse har rett nok aldri vore eit viktig område for Trump, det har vore langt viktigare for republikanarane i Representanthuset. Det er der motstanden har vore størst. No kan det kanskje framleis verta ei fleirtal for å avvikla reforma der, men det får i alle høve ikkje fleirtal i Senatet. Det er best for alle partar at det går slik. Somme utopiar bør ikkje realiserast, sjølv om dei er mobiliserande.

Så var det skatt. Det har han sagt er viktig?

– Ja, men førebels har han berre lagt fram ein plan på éi side. Men han ser ut til å ynskja å gå i retning av Reagans reform frå byrjinga av 1980-åra, med senking av satsar i byte mot fjerning av frådrag. Men Trump veit samstundes at om han fjernar frådrag, så kjem motstanden. Difor er tipset mitt at det berre vert senking av satsar, og ikkje noko generell reform.

– Han vil altså auka skattane på framtida?

– Det er vår måte å sjå det på. Trump tenkjer neppe slik. Ja, det er klart det finst dynamiske effektar av å senka skattane, særleg i nedgangstider. Men no er ikkje USA i ei nedgangstid, og det finst vel knapt ein einaste seriøs økonom som seier at dei dynamiske effektane gjev så stor vekst at dei dekkjer inn skattetapet ved lægre satsar.

– Det vart heller ingen proteksjonisme?

– Nei, det var der den største forstyrringa potensielt kunne koma. Men det ser ut til at det ikkje vert reelle nye forhandlingar om frihandelsavtalen med Canada og Mexico, og handelskrigen med Kina er sett på vent. Problema med Nord-Korea gjer at Trump er avhengig av Kina, og han ikkje har lyst på ein handelskrig. Trump ser ut til å ha vorte ein vanleg president i utanrikspolitikken.

– Trur du han liker jobben?

– Vel, han klagar over at det er så mykje arbeid. Det vi kan seia, er at hans gamle måte å arbeida på, å gje ordrar i aust og vest, ikkje fungerer. Han møter grenser overalt. Det er vel difor han stadig vekk har desse folkemøta. Han er avhengig av å verta hylla. Men så lenge han vert det, forsvinn han ikkje ut desse fyrste fire åra.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Som Trump sa her om dagen: «Ingen kunne vita at dette var så komplisert.» Eh, jau, svært mange visste at dette var komplisert.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis