JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Ein eksplosiv avtale

Migrasjonsplattforma til FN tvingar ikkje Noreg til å endre innvandringspolitikk, seier Sylo Taraku i Agenda.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Statsminister Erna Solberg ved FN-bygget i New York.

Foto: Pontus Höök / NTB scanpix

5083
20181207

Samtalen

Sylo Taraku

Rådgjevar i Agenda

Aktuell

Ny FN-avtale om migrasjon

5083
20181207

Samtalen

Sylo Taraku

Rådgjevar i Agenda

Aktuell

Ny FN-avtale om migrasjon

Samfunn

peranders@dagogtid.no

Regjeringa vil gje norsk tilslutnad til den nye migrasjonsplattforma til FN, og det skaper ekstreme reaksjonar. På Facebook-sida si blir Erna Solberg mellom anna kalla «landsforræder», og det sydar av sinne i dei alternative media. Sylo Taraku er rådgjevar i tankesmia Agenda med innvandring som spesialfelt.

– Kva er det i FN-plattforma som vekkjer slikt sinne?

– FN-plattforma handlar om to brennbare tema, migrasjon og overnasjonalitet, og kombinasjonen er sprengstoff. Det har vore kampanjar mot avtalen på Facebook og i dei alternative media, og det har vore ein del feilinformasjon om kva avtalen går ut på. Det blir gjeve inntrykk av at FN skal overstyre nasjonale styresmakter i viktige spørsmål.

– Kva slag avtale er det eigentleg regjeringa sluttar seg til?

– Dette er ikkje ein konvensjon eller ei erklæring. Migrasjonsplattforma er eit rammeverk for å få til betre internasjonalt samarbeid om migrasjon. Ho er ikkje juridisk bindande og endrar ikkje lovverket i landa. Men dei statane som sluttar seg til, tek på seg visse plikter.

– Høgre seier at plattforma ikkje har praktiske konsekvensar for Noreg. Frp meiner at plattforma får konsekvensar for norsk innvandringspolitikk, og tek dissens. Kven har rett?

– Noreg treng ikkje endre migrasjonspolitikk som følgje av avtalen. Noreg oppfyller krava i teksten allereie. Men denne plattforma blir eit referansepunkt, og konsekvensane framover vil avhenge av korleis teksten blir tolka, og kva som blir vektlagt i politikken.

– Mykje av innhaldet i plattforma er alt dekt av andre avtalar og konvensjonar. Kva er det genuint nye her?

– Det er at FN kjem på bana på migrasjonsfeltet. Dette er eit felt der vi treng internasjonal dialog. Ingen land kan handtere utfordringane ved migrasjon åleine, og hovudbodskapen i teksten er at regulær migrasjon er betre enn irregulær. Det er dei fleste samde i. Det er når styresmaktene misser kontrollen med innvandringa at reaksjonane blir sterkast.

– Ligg det noko i teksten som bryt med prinsippet om nasjonal suverenitet?

– Eg kan ikkje sjå at denne avtalen avgrensar suvereniteten. Det er ingen domstol eller komité som skal sjå til at landa følgjer opp, og det er ingen sanksjonar mot brot på avtalen. Men somme blir kanskje skremde når det er snakk om rettar for migrantar. For Noregs del er til dømes spørsmålet om å kunne ta med seg trygderettar til heimlandet omstridt.

– I plattforma står det at «landene skal gi migranter, uavhengig av ferdighetsnivå, mulighet til å søke om familiegjenforening». Dette er noko av det som har skapt reaksjonar?

– Noreg har reglar for å kunne søkje om familiesameining også i dag. Men plattforma gjer det ikkje umogleg å ha ein streng praksis på dette feltet.

– «En ikke juridisk avtale kan ha like stor effekt som en juridisk bindende avtale, det kommer an på hvordan den brukes i nasjonal politisk prosess», har statsvitar Janne Haaland Matlary sagt til Nettavisen. Stemmer ikkje det?

– Ja, det kjem an på korleis ein avtale blir brukt nasjonalt. Men det vil framleis vere opp til nasjonale styresmakter å avgjere om dei vil endre politikk. Ingen kan tvinge dei.

– Landa som sluttar seg til plattforma, skal «promotere objektiv kvalitetsrapportering», «gjøre mediefolk følsomme og utdannet på migrasjonsrelaterte saker» og «stanse støtte til medier som promoterer intoleranse, fremmedfrykt og rasisme». Norsk redaktørforening har reagert på dette: Styresmaktene skal ikkje instruere media?

– Eg er samd. Eg likte ikkje den formuleringa. Det kan høyrast ut som statleg innblanding i media, og det er ikkje statens oppgåve.

– Senterpartiet har reagert på at regjeringa vil slutte seg til denne plattforma 10. desember utan at ho er handsama i Stortinget. Hadde det ikkje vore klokt å ha ein open stortingsdebatt først?

– Det hadde sikkert vore lurt, når vi ser kor kontroversielt dette er. Fordi det ikkje har vore ein grundig debatt, har dei alternative media fått stort spelerom til å drive med desinformasjon om avtalen.

– Plattforma seier at vi treng betre internasjonalt samarbeid for å handtere migrasjon. Men ikkje eingong EU klarer dette. Og ei rekkje statar har sagt nei til FN-avtalen, inkludert mange EU-land?

– Det vil svekkje legitimiteten til avtalen at så mange land ikkje er med. Også USA og Australia står utanfor. At så mange austeuropeiske land ikkje er med, er ikkje uventa med tanke på kor kontroversielt spørsmålet om innvandring er.

– «Det er avgjørende at utfordringene og mulighetene ved internasjonal migrasjon forener oss, ikke splitter oss», heiter det i avtaleteksten. Det er veldig optimistisk.

– Det er det. Nokre av formuleringane er festtaleaktige, slik er det ofte i slike avtalar. Men bottom line er at vi treng internasjonalt samarbeid på dette feltet, og det er bra at FN kjem på banen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kan ikkje sjå at denne avtalen avgrensar suvereniteten.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis