Rovskrift
Eg likar ikkje slike røffe ord og vendingar som folk nyttar i dagens samfunn. Det er som om det skulle vore ein bjørn som baska over tastaturet. Ja, det er mykje rart folk lirer av seg i avisa.
Folk skulle hatt litt meir kunnskap om ting. Kva er det dei kallar det på fagspråket? Sunt bondevett!
Førre gong eg skreiv i avisa, dreidde det seg om kampen for jordfjernet – og eg, eg held fram med å kverne.
Det er mykje eg kunne klage over, men no tenkjer eg at eg skal skryte litt av alt som er bra. Takk Gud og den heilage ande for bygdedyret, kommunen vår, og for at me har slike politisk nøytrale politikarar. Éin står so støtt at ein skulle tru ein kunne lage statue av han. Ein annan er so dyktig til å tale i korridorane at ekkoet lagar atterklang over heile bygda. Klok som ein rev, er det noko som heiter. Kort sagt: Det var ikkje før eg lærte å kjenne han, at eg skjønte at det finst rovdyr i Senterpartiet. No var ikkje det stygt meint. Eg tenkjer nemleg det er greitt for dei andre òg, det, at dei har slik ein klår fiende.
Han er meir som ein ulv. Ikkje det at han er einsam, det var ikkje det eg meinte. Eg meinte heller at han har slik fridom og styrke til å ta for seg. Han står på, han. Pressar på både her og der. Det er godt at det er nokon som vil noko. Eg tenkjer at den som veit å mjøle si eiga kake, i alle fall kan å bake. Her gjeld det å spele på lag, tenkjer eg – halde ordet under bordet og vere rask på labben. Ein kan ikkje berre late myra ligge, det går ikkje. Ein lyt byggje ut eigedomane sine når ein kan, som meinig, folkevald, eller kommunemann. Det kan jo vere at nokon etter kvart byrjar å oppdage det, at der er nokre ugler i mosen.
Nei, det er godt å kjenne ein real ringrev som veit å sette i gang ein dolkeaksjon. Det er ogso enklare å drive forhandlingar på tomannshand enn å starte ein mediebrann. Listig er lusa på gangen, og heldig er veslekongen. Nokon er stri, skriv lange skriveri, men det er ikkje tvil – ein kjem lenger med eit jovialt smil.
Umulie Kjeklingterg
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Same tema
6. juni 2013: I Borggarden på Slottet i Stockholm feirar ein svensk gut nasjonaldagen med flagg og blå kjærleik på pinne. Ti år seinare er den svenske nasjonaldagsmarkeringa større enn nokon gong.
Foto: Lise Åserud / NTB
Du gamla, du fria
Vladimir Putin lever farleg