– Renta skal opp
Det er lenge sidan rentevåpenet fungerte i Noreg. Men no må renta opp, for å kjøla ned økonomien, meiner sjeføkonom Harald Magnus Andreassen.
Sentralbanksjef Ida Wolden Bache la fram renteavgjerda og Pengepolitisk rapport 1/22 i Noregs Bank 24. mars.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
Noregs Bank har varsla at kvart einaste kvartal framover til og med 2023 skal styringsrenta verta sett opp med 0,25 prosent. Då hamnar ei vanleg bustadrente på 4 prosent, mot rundt 1,5 prosent i koronatida. Samstundes trur Noregs bank at inflasjonen vil halda seg over 2 prosent i tre år framover. Trass i denne sterke auken vert renta truleg ikkje høg nok til at sentralbanken vår maktar å halda inflasjonen der dei bør halda han. I alle høve: Roa som koronaepidemien gav oss i økonomien, er over. Harald Magnus Andreassen er sjeføkonom i Sparebank 1 Markets.
– Eg kjem til å få 40 000 meir i renteutgifter om Noregs Bank får rett i spådomen om rentebana. Det liker eg ikkje. Skal eg lita på rentebana?
– Ja, i det minste fyrste delen av henne. I røynda kunne vi med ein gong gå attende til styringsrenta vi hadde før koronaen. Då var ho på 1,5 prosent. I 2019 var ikkje økonomien betre enn i dag. Han var dårlegare. I dag har vi til dømes langt fleire i arbeid enn då. «Ingen» hadde problem med ei rente på 1,5 prosent. Etterspurnaden etter lån var langt høgre enn kva som vart løyvt. Renta burde altså ha vore mykje høgre i 2019 enn ho var. Vi løyste problemet med stor etterspurnad etter lån, ved å forby dei fleste å låna meir enn fem gonger inntekta og sette eit tak på 85 prosent lån mot eigenkapital.
– Så renta verka ikkje, det gjorde derimot Finanstilsynet?
– Ja, reguleringane har vore ekstremt effektive. Finanstilsynet har laga nokre nydelege figurar som syner korleis lånetakarane har reagert. Svært mange har fem gonger inntekta si i lån, men særs få har sloppe ut av reguleringsburet og ut i det fri. Folk har på langt nær fått låna så mykje som dei ynskte. Utan desse reguleringane hadde låneveksten vore på ein heilt annan planet. Hushalda kunne enkelt tolt mykje høgre lån med det rentenivået vi har hatt dei siste åra.
– Men inflasjonen har vore låg trass i den låge renta?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.