JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Religiøs turisme og litterære stridar

Hausten er her, og sjølv om krigen framleis rasar, kjem det hasidiske pilegrimar frå heile verda til Ukraina.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brannmannskap i Uman freistar sløkkje ein brann som ein russisk rakett starta etter at han blei skoten ned av ukrainsk luftvern 8. august. No ottast lokale og nasjonale styresmakter i Ukraina innrykk av hasidiske jødar som skal be ved grava til rabbi Nachman.

Foto: Ukrainsk bergingsteneste / AFP

10030
20220909
10030
20220909

Kvart år i september vert innbyggjartalet i byen Uman i Tsjerkasy-regionen firedobla når hasidiske jødar strøymer til for å feire rosh hashana, jødisk nyttår. Dei legg pilegrimsferda til Uman fordi det er der ein av grunnleggjarane av hasidismen, rabbi Nachman av Breslov, er gravlagd. Han døydde i 1810 i Uman, og i samsvar med sitt eige ønske vart han jordfesta i den lokale jødiske gravplassen som ligg ved sida av gravene etter offera for Haidamak-massakren i 1768.

Om han ikkje sjølv hadde peika ut kvar han ønskte å verte gravlagd, ville oska hans vorte transportert til Jerusalem for lenge sidan, og Uman ville vore ein vanleg, stille provinsby i dag. Men takk vere grava til rabbi Nachman har byen lenge vore det viktigaste senteret for religiøs turisme i Ukraina. Ein betydeleg industri har utvikla seg kring feiringa av det jødiske nyåret, med transport, eigedomar, utleige av bustader og koschermatservering. Mange hasidiske jødar har kjøpt eigedom i Uman og driv sjølve med utleige.

Før krigen kom det mange charterfly frå Israel og USA til Kyiv på denne tida av året, og førehandsbestilte bussar stod og venta ved flyplassen, klare til å dra av stad med pilegrimane i retning Uman.

Feiringa av rosh hashana varar lenge – éin månad eller meir. I samarbeid med ukrainsk politi kom det òg israelske politifolk til Ukraina for å ha ein viss kontroll med åtferda til pilegrimane. Lokalt politi patruljerte gatene nøye for å hindre konfliktar mellom fastbuande og dei gjestande hasidane. Likevel, kvart år kom det til små konfliktar – det var mest ikkje til å unngå. Trass alt feira hasidane høglydt, med dans og song kvar natt.

Det verkar som dei liker Uman og kjenner seg heime der, trass i den tragiske historia frå tidlegare hundreår og minnet om pogromane, som indirekte er årsaka til at dei kjem.

I år, med krigen som bakgrunn, åtvara ukrainske så vel som israelske styresmakter hasidane mot å gjennomføre feiringa av rosh hashana i Uman. Faren for rakettåtak er svært reell, og det har ikkje vore sivil luftfart i Ukraina sidan krigen tok til, så det er ikkje råd å fly til Kyiv.

Men grensene i den vestlege delen av landet er opne, og det går både bussar og tog. Alt no har dei første tusen hasidane kome til Uman, med bussar som har erstatta fly. Til og med det internasjonale busselskapet Flix har starta nye ruter som Krakow–Uman, Praha–Uman og Brno–Uman.

Som svar på åtvaringane om fare seier representantar for hasidane at livet i Israel konstant er fylt med fare for terrorisme, så dei ser ingen grunn til å endre på tradisjonane sine sjølv om det er krig i Ukraina.

Medan hasidar frå Israel, New York og andre stader finn vegen til Uman, hugsar dei fastbuande hasidane i Uman dei tidlege dagane av krigen, da russiske missil fall over byen og landsbyar i nærleiken. Sist februar og mars vart folk skadde og drepne i og kring Uman, samstundes som lokale hasidar skipa gatekjøken og opna kjellaren i synagogen til bruk som bomberom. Det russiske forsvarsdepartementet erklærte da at hasidane hadde gjeve synagogen til den ukrainske armeen som våpendepot.

«Synagogen i Uman vert medvite nytta av Kyivs nasjonalistregime til militære føremål, for å provosere fram ein konflikt og politisk press på jødiske religiøse organisasjonar i Russland om det skulle kome eit rakettåtak på han», sa talsmannen for det russiske forsvarsdepartementet, Igor Konasjenkov.

I slutten av mars var det utsikter til at Russland ville freiste å øydeleggje synagogen med rakettar. Da sytte leiarane for den hasidiske rørsla i Uman for å lage ein video der dei synte den tomme synagogebygningen og andre religiøse bygningar, og erklærte at uttalen frå representanten for det russiske forsvarsdepartementet var ei løgn.

Det får vere som det vil, dei hasidiske heilagdomane i Uman vart ikkje øydelagde av russiske granatar. Talet på hasidar i Uman auka i byrjinga av krigen, fordi mange kom for å hjelpe det jødiske samfunnet i tillegg til ikkje-jødiske fastbuande og flyktningar. Det jødiske krisekjøkenet i Uman gjev mat til alle som treng det.

Tradisjonelt pla nokre hasidiske pilegrimar bli verande i Ukraina etter den jødiske nyårsfeiringa og vitja andre stader knytte til ukrainske jødars historie – gamle jødiske landsbyar i Vinnytsia-regionen på grensa til Moldova, til liks med byar i Galicia og Bukovina.

Dei lokale styresmaktene i Uman vonar framleis at det vil kome færre pilegrimar i år. Dersom framstøytane deira for å rå folk frå å kome lukkast, vil det bli færre turistar på andre tradisjonelle pilegrimsmål òg. Det vil sjølvsagt vere trist for byen Sjargorod, der mange jødiske historiske monument vart restaurerte og sette i stand før krigen, inkludert den eldste synagogen i Ukraina – bygd i det 16. hundreåret.

Også under sovjetstyret, fram til andre verdskrigen, var Sjargorod ein så å seie fullstendig jødisk by med ein folkesetnad på om lag 10.000. No, med det same innbyggjartalet, bur det berre eit titals jødar i byen, men innbyggjarane tek vare på den historiske arven og har eit sterkt håp om at turismen før eller seinare vil bringe pengar til Sjargorod. I år er det så godt som sikkert at det ikkje kjem til å skje.

På den andre sida dreg byar som Odesa, Lviv og endatil Kyiv nytte av ein viss turisme – i hovudsak innanlandsk. Ukrainarar, trøytte av krigen, freistar kople av med små sightseeingturar til andre byar.

I byar som ligg eit stykke frå fronten, er musea i drift. Nesten alle musea i Kyiv er opne – til og med det nasjonale medisinhistoriske museet ikkje langt frå operahuset. I dette museet, som held til i eit tidlegare medisinsk fakultet, kan du besøkje anatomisalen, der den framtidige forfattaren Mikhail Bulgakov følgde anatomiførelesingar for litt over hundre år sidan. Til alt hell for litteraturen bytte han ut skalpellen med pennen.

Mikhail Bulgakov-museet, som ligg to og ein halv kilometer frå det medisinske museet, har alltid vore ein populær turistattraksjon. Dyrkinga av Mikhail Bulgakov voks fram i Sovjet-æraen, medan bøkene hans framleis var forbodne. Bulgakov vart fødd i Kyiv og overlevde borgarkrigen her som byrja etter revolusjonen i 1917. Han skreiv om det som hende den gongen i romanen Den hvite garde.

No, på grunn av denne romanen, har forfattarforeininga i Ukraina kravd at Bulgakov-museet må leggast ned, og at lokala blir nytta til eit museum til ære for kordirigenten Oleksander Kosjyts, som var aktiv i den ukrainske sjølvstenderørsla.

I 1919 sende regjeringa i det uavhengige Ukraina Kosjyts og koret hans på ein turné i Europa og USA, med mål om å introdusere ukrainsk koralmusikk til verda. Men Ukraina var uavhengig i berre nokre få månader før bolsjevikane tok over landet fullstendig og gjorde det til en sovjetrepublikk. Kosjyts og koret hans vende aldri attende.

Det er ei interessant historie, men ein kan undre seg over kva Bulgakov gjorde for å fortene å bli sparka ut av museet sitt. Saka er at i Den hvite garde snakkar karakterane til Bulgakov på arrogant vis om den ukrainske sjølvstenderørsla og dei leiande ukrainske nasjonalistane, Petliura og Skoropadskyi.

I romanen kjem de fram at Bulgakov – etnisk russar og russisktalande Kyiv-borgar – slutta seg til eit heller ironisk syn på den ukrainske armeen og hetman Skoropadskyi.

Anti-Bulgakov-kampanjen byrja skyte fart for fem år sidan, da ei av Ukrainas mest berømte forfattarar, Oksana Zbusjko, erklærte krig mot Mikhail Bulgakov-dyrkinga. Nyleg vart ein plakett til ære for han fjerna frå veggen ved inngangen til universitetet i Kyiv, der han studerte. No har ein flokk ukrainske intellektuelle og skribentar bestemt seg for å «gripe til våpen» mot museet hans.

Russisktalande intellektuelle kjenner seg utan tvil utilpass ved å skulle forsvare Bulgakov og vil helst teie stilt. No har likevel nokre ukrainsktalande aktivistar rykt ut til forsvar for han, og diskusjonen om lagnaden til museet splittar grupper av ukrainsktalande aktivistar.

Mange nære vener står på kvar si side i konflikten, og somme har glidd frå kvarandre som ein følgje av dette. Spørsmålet ser ut til å ha splitta det ukrainske intellektuelle miljøet. Ikkje eingong Pusjkin fekk til det – ingen i Ukraina gjekk ut og forsvarte Pusjkin. For ukrainarar vart han ein framand – særleg etter at dei russiske okkupasjonsstyresmaktene pynta okkuperte byar med plakatar som synte portrett av Pusjkin og utsegna hans om korleis Ukraina «er ein vakker del av det russiske imperiet».

Medan Russland skriv om ukrainsk historie i ein freistnad på å prove at Ukraina aldri har eksistert, lagar ukrainske forfattarar og intellektuelle ei ny liste over fiendar mot ukrainsk kultur og ukrainsk sjølvstende. Mikhail Bulgakov er no lagd til på denne lista.

Kven den neste på lista vil bli, er enno ikkje kjent. Vi veit berre kva dei ukrainske soldatane ved fronten tenkjer om det: «Medan vi slåst her, har de gått frå vettet?» Denne typen kommentarar frå ukrainske soldatar er vanlege på Facebook. Kommentarane er sikta inn mot ukrainarar som held seg heime og ser etter nye, interne fiendar blant levande og døde.

Slik stoda er no, er det ingen som kjem til å stengje Mikhail Bulgakov-museet. Det er slått fast av den ukrainske kulturministeren Oleksandr Tkatsjenko. Etter denne erklæringa vart også han ein fiende for somme ukrainske intellektuelle.

Same kva vart det halde enda ein poesikveld i museet, der to deltakarar i dagens krig tok del. Det var poetane Pavlo Rytsar, som er friviljug soldat, og Irina Rypka, som vart sanitetssjukepleiar.

Andrei Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kommentarane er sikta inn mot ukrainarar som held seg heime og ser etter nye, interne fiendar blant levande og døde.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis