JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Reform i revers

Regjeringa skal opne 20 polititenestestader dei neste åra. Men langt frå alle ønsker kontora tilbake.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Justisminister Emilie Enger Mehl og finansminister Trygve Slagsvold Vedum møter politifolk og presse på Mortensrud i Oslo, der dei vil etablere ein ny tenestestad.

Foto: Javad Parsa / NTB

4929
20230113

SAMTALEN

Else Marie Rødby

justispolitisk talsperson

AKTUELL

Regjeringa etablerer fleire polititenestestader

christiane@dagogtid.no

For kort tid sidan vart det klart at regjeringa vil etablere ni polititenestestader i år – dei fleste av dei vart stengde som eit ledd i nærpolitireforma. I løpet av 2024 skal totalt 20 kontor ha opna dørene.

Else Marie Rødby er justispolitisk talsperson i Senterpartiet.

– Kvifor vil du etablere desse polititenestestadene, utover å levere det som er lova i Hurdalsplattforma?

– Tenestestadene er valde på bakgrunn av ei brei høyring som justisministeren sende ut kort tid etter at ho tiltredde. Høyringa bestod av eit spekter av spørsmål om korleis kommunane oppfatta polititenestene lokalt. Eit av spørsmåla var om dei ønskte seg tilbake ein tenestestad. Ei generell tilbakemelding i kommunane var at dei oppfatta at politiet var mindre til stades etter reforma. Målet er at politiet er meir til stades i lokalsamfunna.

– Politiet har ytra uro for at fleire tenestader og styrking av dei minste kontora vil svekkje etterforskinga av den mest alvorlege kriminaliteten. Kvifor tek de ikkje innover dykk denne uroa?

– Eg forstår at politiet, etter å ha vore gjennom ei reform som har teke ressursar frå viktige ting, er uroa for nye krav som stel ressursar. Men her er det mogleg å ha to tankar i hovudet på éin gong. Vi har sett av nye midlar på statsbudsjettet til dei nye tenestestadene, sånn at vi kan styrkje etterforskinga, samtidig som politiet vil vere meir til stades.

– I den sjuande og siste evalueringa av reforma, utarbeidd av Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ), vert måla for reforma sette på som motstridande. På den eine sida skulle ho sikre eit tilgjengeleg nærpoliti. På den andre skulle ho utvikle robuste fagmiljø. DFØ meiner det første målet ikkje er nådd. Vil Senterpartiet i regjering snu om på prioriteringa av desse to måla?

– Eg tenkjer at desse tinga heng saman. Når politiet er meir til stades i lokalsamfunna, vil det danne eit betre grunnlag også for etterforskinga og oppfølgingsarbeidet vidare, særleg når det gjeld unge.

– Med nærpolitireforma vart om lag 115 kontor lagde ned. Drygt 20 kommunar har bede om å få kontoret sitt tilbake. Er regjeringa meir oppteken av kontor enn det lokalsamfunna er?

– Det eg oppfattar at vi er opptekne av, både i regjeringa og i Senterpartiet på Stortinget, er å sikre at politiet er meir til stades i lokalsamfunna. Om det er i form av patruljar, ved at dei er til stades til ulike tider, eller om det er i form av ein tenestestad, må vere opp til kommunane.

– Politisjef i Sogn og Fjordane Arne Johannessen har kalla satsinga på kontor for gammaldags symbolpolitikk og seier til NRK at politiet treng investeringar andre stader. Gjer kritikken hans inntrykk?

– Eg er kjend med kritikken, og litt av han går på at politiet ikkje kan sitje inne på eit kontor. Eg oppfattar den kritikken som utdatert. Å ha kontorplass betyr jo ikkje at du skal sitje inne og sjå kven som kjem inn døra. Det er ein stad folk kan komme til, og ein stad som gjev tilhøyrsle. Politiet er ikkje ei teneste som er uavhengig av geografien. Det er ikkje nok å suse gjennom eit område. Ein skal kjenne miljøa og vere tilgjengeleg for dei som bur der. I Sogn og Fjordane er det ikkje føreslege nye tenestestader, i tråd med ønsket derifrå.

– I den ferskaste evalueringa av politireforma blir det peika på fleire positive endringar i politiet dei siste seks åra. Har kritikken Senterpartiet har ført, vore overdriven?

– Eg synest ikkje det. Kritikken har handla om at politiet er for lite til stades, og i evalueringa vert dette stadfesta. Elles er det mange dyktige politifolk som jobbar veldig godt, og kvaliteten har vorte forbetra.

–?I desember vart det kjent at justisministeren bad Politidirektoratet greie ut eit kutt på 20 prosent av dei polititilsette i dei store byane, men oppdraget skapte uro og vart trekt tilbake. Er det ein god idé å utgreie kutt i byane?

–?Eg tenkjer det er ein god idé å utgreie ting, slik at ein har eit heilskapeleg bilete av utfordringar og moglegheiter i ein sektor. Vårt mål er at politiet skal vere til stades både i distrikta og i byane. Det meiner eg vi har bevist, ved å opprette ein ny tenestestad på Mortensrud i Oslo. Men å utgreie er ikkje det same som å ha konkludert.

– I evalueringa står det at det er viktig at reforma får tid til å verke, og at ein må ha tolmod for å kunne nå måla som er sette. Har Senterpartiet i regjering eit slikt tolmod?

– Eg er samd i at ei reform må få tid til å verke, dersom ho tek samfunnet i rett retning. Her har fleire evalueringar vist at reforma har gått utover lokalkunnskap og det å vere til stades. Då har ein gått i feil retning, og då er det betre å snu i tide enn å la utviklinga halde fram.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis