JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Raudt mot røkla

Joakim Møllersen har kome i skade for å seia noko uhøyrt og trakka over grensa for det etisk tillatne i norsk ålmente.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6983
20230203
6983
20230203

Raudt er no det einaste politiske partiet i Noreg som går mot å sende våpen til Ukraina. Dette neiet til våpenhjelp blei tema i NRKs mykje omtala debattprogram den 17. januar. Det er usemje i partiet om denne saka, men i debatten var det særleg sentralstyremedlem Joakim Møllersen som vart ståande for partiets standpunkt, mot dei fleste andre deltakarane, inklusive programleiaren Fredrik Solvang.

Kva side Solvang stod på, vart klart då Møllersen la fram synet sitt på kva motiv som låg bak USAs og Natos støtte til Ukraina, nemleg at «Nato-linja i krigen [...] er å halde krigen gåande» og «svekke Russland permanent».

Då greip programleiaren inn: «Sa du nå, eller jeg håper for så vidt at du ikke sa det, at Nato har en interesse av å holde krigen gående?» Møllersen var komen i skade for å seia noko uhøyrt og hadde trakka over grensa for det etisk tillatne i norsk ålmente.

Mobben

Det hjelpte lite at Raudts leiar Bjørnar Moxnes straks avviste Møllersens påstandar om at Nato og USA med vilje forlengjer krigen i Ukraina. Møllersen blei oppfatta som talsmann for Raudts «eigenlege» standpunkt, medan Moxnes fekk rolla som brannsløkkjar med ei vasskanne i eit overtent hus.

I politikar- og journalistmiljøet var reaksjonane sterke. På Dagsnytt 18 sa utanriksminister Anniken Huitfeldt at Raudts utanriks- og tryggingspolitikk «tener Putins interesser». Ein leiarskribent i Nordlys meinte at «Rødt er ekstreme», og oppheld seg i «en annen galakse». På Facebook samanlikna Kjetil Rolness Raudt med Sverigedemokraterna, berre med den skilnaden at «SD har vært flinkere til å ta et oppgjør med fortiden sin, og renske ut ekstremister og gærninger». Anders Magnus forklarte Raudts motstand mot våpenhjelp til Ukraina med partiets gamle «forbilder»: «Stalins Sovjetunionen og Maos Kina».

Argumentsløysa

Desse åtaka på Raudt har til felles at dei er tomme for argument. For eit synspunkt kan godt vera ytterleggåande og sjeldsynt, framandt og upassande, til og med bli lagt fram av ein tidlegare maoist, og likevel vera korrekt eller i det minste legitimt. Det er ikkje noko argument mot meiningsmotstandarar at dei lever i ein «alternativ virkelighet», slik venstreleiaren Guri Melby tvitra om Raudt. For ein «alternativ virkelighet» er gjerne eit anna ord for eit anna perspektiv, og alle veit at røynda, også krigen i Ukraina, berre kan skjønast gjennom fleire perspektiv.

I NRKs Debatten 17. januar formulerte Raymond Johansen klart og tydeleg perspektivet til den kompakte majoriteten i denne saka. Johansen åtvara mot ei «nyansering» som kunne føra til tap av «hovedfokus», som er at «det er én agressor, det er ett land som er angrepet, det er Ukraina, og det er Russland som står bak det angrepet. Derfor vil det å ikke støtte våpen til Ukraina, faktisk være å gå Putins ærend.»

Det klare og tydelege i dette perspektivet er samstundes veikskapen i det: Eit slikt perspektiv inneber ikkje berre ei avvising av den historiske konteksten til krigen, men åtvarar mot å nytta fleire enn dette eine perspektivet på hendingane i Ukraina. Nyansering er farleg. Det kan føra til tap av fokus. Det vil seia: Ein må ikkje la freistnaden på å skjøna krigens årsaker koma i vegen for å vinna han militært. Den som trår slik innsikt, er Putins løpegut eller nyttige idiot.

Russlands invasjon av Ukraina var og er illegitim. Det lyt ikkje hindra oss i å sjå mangfaldet av årsaker som ligg bak, og der utvidinga av Nato kan vera ei av dei. For utan innsikt i årsakene – og desse omfattar situasjonsoppfatninga til alle partane i konflikten – vil det heller ikkje vera mogeleg å finna ei fredsløysing.

Den andre galaksen

I Thorbjørn Røe Isaksens samtalebok med Kåre Willoch Alt med måte frå 2018 – altså ganske nyleg – seier Willoch at «ingen burde bli overrasket over» at Russland ville sjå vestleg snakk om å få Ukraina inn i Nato «som en trussel». Ukrainsk Nato-medlemskap «ville jo føre til at amerikanske styrker kunne plasseres 450 kilometer fra Moskva, og slik at deres eneste betydningsfulle flåtebase i syd skulle havne i et Nato-land. Russiske politikere kan jo ikke handle ut fra noe annet enn det de selv ser og oppfatter som andres motiver og mål.».

I 2018 var Willoch såleis – når det gjeld bakgrunnen for krigen – i noko av den same «alternative virkeligheten» som Raudt i 2023. Under den kalde krigen og heilt fram til den russiske invasjonen av Ukraina i 2022 var denne fjerne galaksen der det no berre held til gamalmaoistar frå Raudt, tett folkesett av kjentfolk med godt namn og ry – til dømes den amerikanske diplomaten og russlandskjennaren George Kennan, som åtvara om at inga russisk regjering nokosinne ville akseptera eit uavhengig Ukraina.

I eit intervju med Der Spiegel i 2015 sa Zbigniew Brzezinski, som ikkje går for å ha vore ei fredsdue, at Russland burde få truverdige forsikringar om at Ukraina ikkje skulle bli Nato-medlem.

Såleis skulle den russiske invasjonen i 2022 ikkje ha kome som ei overrasking på oss. Når vi likevel vart overraska, heng det truleg saman med at vi i internasjonal politikk har teke til å tenkja meir moralsk enn realistisk, og at vi orienterer oss meir etter ideala om fridom og rettferd enn etter makt og interesser.

Men slik tenkjer ikkje russiske politikarar og militære; dei ser desse ideala som skalkeskjul for vestleg imperialisme. Der vi ser Ukrainas rett til fridom, ser russarane eit eksistensielt trugsmål. Ein kunne seia at dei lever i ein annan galakse eller alternativ røynd. Men vi var i denne galaksen alle saman til ganske nyleg. Men nokon vart att i den gamle, med det største kjernefysiske arsenalet i verda.

Usemja er ønskeleg

Å gje våpen til Ukraina for å slå den russiske invasjonen attende er utvilsamt det moralsk rette ut ifrå det enkle perspektivet som Raymond Johansen tilrår. Men seier det ikkje seg sjølv at enkel moral og enkle løysingar fort skapar nye problem? Er det rett å gje våpen dersom støtta til Ukraina vert gjeven med krigen i Afghanistan som «modell», slik Hillary Clinton sa 1. mars 2022? Kven er tent med årelang krig midt i Europa mellom USA og Russland med Ukraina som slagmark? Er det rett å gje våpen samstundes som det vert gjort lite eller ingenting for å oppnå ei fredsløysing? Er det i Noregs interesse å vera i krig med Russland? Er det eit forsvar for Ukraina om våpenhjelpa fører til eit samanbrot av det russiske samfunnet, med heilt uoversiktlege følgjer for heile Europa?

På slike spørsmål svarar vi ulikt, men det er ingen gjeve å stå der med sikre svar. Men sikkert er det at svara vil verte betre om dei kjem etter open undersøking og ope ordskifte, og ikkje vert jaga gjennom i moralsk forarging. Derfor er dette ikkje tida til å slå ned den einaste og ørvesle opposisjonen som enno finst i norsk tryggingspolitikk.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nyansering er farleg. Det kan føra til tap av fokus.

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Den såkalla hysjpengesaka mot Donald Trump er inne i andre veke i retten i New York.

Illustrasjon: Jane Rosenberg / Reuters

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Høgt spel i New York

Straffesaka som no går føre seg mot Trump, er den han har størst sjanse til å verte frikjend i. Og vert han det, kan saka òg gje han fleire veljarar, seier kommentator Jan Arild Snoen.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis