JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Raudt er ikkje
som dei hine

Raudt er ikkje ei politisk parti, det er eit testlaboratorium.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiaren i Raudt talar til landsmøtet. Spørsmålet er om han får særleg taletid i valkampen.

Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

10170
20170519

Raudt

10170
20170519

Raudt

MELDING

jon@dagogtid.no

Under førre valkamp for Stortinget vart Bjørnar Moxnes, leiar i Raudt, spurd om kva land i verda som var det beste samfunnet han kunne tenkja seg. Var det Venezuela? Nei. Cuba? Nei. Sverige? Nei. Nord-Korea? Nei. Svaret var Noreg. Men no har det gått fire nye år, og Noreg har vore i stort forfall. Ikkje minst kjem det fram i partiprogrammets kapittel 9, som har fått tittelen «Kvinnefrigjøring», i kapittel 10, som har fått tittelen «Antirasisme, innvandring og minoritetspolitikk» og i kapittel 11, «Skeiv politikk». For å seia det slik: Er du kvit mann som tener gjennomsnittleg eller litt betre, så er du eit problem. Det skal vi koma attende til.

Den andre setninga i arbeidsprogrammet til Raudt er denne: «De økonomiske forskjellene i Norge er klasseforskjeller. Årsaken til klasseforskjellene er at det store flertallet lønnsarbeidere skaper verdiene, mens et lite mindretall av eiere bestemmer og sikrer seg alle overskuddene.» Lat oss gå inn på heimesidene til Finansdepartementet: Marginalskatten, som kjem med éin gong om du når gjennomsnittsinntekt i Noreg, er 49,9 prosent for næringsinntekt og 46,6 prosent for utbyte; overskotsskatten er på si side 24 prosent, og i tillegg kjem formueskatten på 0,7 prosent av det du eig over 1,4 millionar.

Har du overskot, eig litt og tek ut utbyte, går over halvparten av overskota til staten. Nyttar du i tillegg noko av desse pengane på forbruk, så skal staten ha moms og særavgifter. Nyttar du til dømes noko av overskotspengane på bil som går på bensin, tek staten over 90 prosent av det du nyttar på turen gjennom bompengar og bensin og bilavgifter. Likevel skriv altså Raudt at «et lite mindretal av eiere bestemmer og sikrer seg alle overskuddene». Og no har eg ikkje ein gong nemnt at staten og kommunane eig over ein tredjedel av alt som er notert på Oslo Børs. Tek vi med næringslivet det offentlege eig utanom Børsen, snakkar vi om endå større tal.

Kort sagt: Det meste av overskot generert i Noreg av norske eigarar, hamnar i budsjetta til det offentlege. Avgrensar vi oss til oljenæringa, som er Noregs største næring, er skattenivået på éi krone forbrukt av ein som eig aksjar i norsk oljenæring, ein stad mellom 95 og 100 prosent. «Rasismen», skriv programkomiteen, «hindrer oss i å se hvem som egentlig tjener på dagens system». Kanskje det er rasismen som gjer at medlemane i Raudt ikkje ser at det er staten som tener på dagens system?

Kva med lesbiske?

Det fjerde avsnittet i programmet er dette: «Kvinnebevegelsen er viktig fordi kvinner taper dobbelt på det kapitalistiske systemet. Kvinner taper økonomisk ved at kvinner har lavere lønninger enn menn, og kvinner taper fordi det kapitalistiske systemet tjener på at kvinner er undertrykt som kjønn.» Kvinner i Noreg betaler under halvparten av det menn betaler i skatt og hentar ut rundt 75 prosent av pengane vi nyttar på velferd. Er dette diskriminering? Ei gruppe Raudt er særmerkt opptekne av som diskriminerte, er lesbiske. I den vestlege verda, og dette har det vorte forska på, tener lesbiske kvinner i gjennomsnitt nett det same som ein gjennomsnittsmann. Om Noreg og det kapitalistiske systemet er så diskriminerande, burde vel alle mennene som diskriminerer så mykje, ha diskriminert lesbiske kvinner ekstra sterkt, sidan desse kvinnene føretrekkjer andre kvinner og ikkje menn?

Ja, eg tykkjer Raudts program er underlege saker. Ikkje av di det er sosialistisk, det er mykje artig i marxismen, men av di det ikkje er bygt på fakta. Programmet er òg bygt på at vi melder oss ut av EØS i neste periode. Det kjem ikkje til å henda. Difor vert det vanskeleg å melda programmet som realistisk litteratur, sidan det på absolutt alle felt seier noko som ikkje går dersom Noreg skal vera ein del av dei fire fridomane til EU.

Og biten om sosialisme veit eg ikkje heilt om eg trur på. «Rødt vil erstatte kapitalismen med sosialisme», står det på side tre. På side fem skriv dei mykje om kva dei vil gjera med det private næringslivet: «Gjennom god representasjon og involvering skal de ansatte og deres fagforeninger gis medbestemmelse over utviklingen og organsiering av bedriftene», og «Rødt vil derfor arbeide for et åpent offentlig eierskapsregister over alle typer selskaper». Men dette er då ikkje sosialisme og erstatning av kapitalismen, dette er regulering av eit kapitalistisk næringsliv. I høgda kan vi kalla slike formuleringar for sosialdemokratiske. Raudt vil til dømes «Øke selskapsskatten til minst det nivået den var før skattereformen». I praksis er skattenivået på eigarane av verksemder det same no som før skattereforma. Er dette å hindra at «et lite mindretall av eiere bestemmer og sikrer seg alle overskuddene» og «å erstatte kapitalismen med sosialisme»?

Ja til overgangsstønad

Korleis stiller Raudt seg til reformer i velferdsstaten? Vel, dei er ikkje ivrige etter å gjennomføra reformer som kan auka den langsiktige berekrafta. «De samme trygderettigheter som gjelder for nordmenn skal gjelde for flyktninger og innvandrere, uavhengig av botid (...) Overgangsstønaden må økes og stønadsperioden forlenges fra tre til ti år.» Her er eg nesten imponert over minnet til Raudt, for det er godt over 20 år sidan Gro reduserte overgangsstønaden frå ti til tre år. Reforma var ein stor suksess og førte til at langt fleire åleinemødrer kom seg ut i arbeid, og at talet på unge åleinemødrer gjekk ned. Reforma var rett nok ikkje heilt vellukka. Omtrent samstundes som Gro fjerna overgangsstønaden, kom dei fyrste somaliarane til Noreg. Vi har statistikk for det meste i Noreg, også over kven som tek ut overgangsstønad. I den fyrste generasjonen av somaliske kvinner tok 75 prosent ut overgangsstønad, og det sjølv om stønaden altså var på berre tre år. Når det kjem til velferdsstaten og innvandring, har Raudt uendeleg med ressursar og pengar. Forresten: Raudt har uendeleg med pengar på alle felt dei kjenner for å lyfta fram.

Så var det verdiane, då – dette som handlar om likestilling, kjønn og seksualitet og slikt. Raudt vil få «vedtatt en egen likelønnspott utenfor rammene i tariffoppgjøret for å heve kvinners lønn». Dei seier dette er likestilling, men det er det ikkje. Om vi ser på dei som tener minst i Noreg, er menn kraftig overrepresenterte. Det er i yrke og stillingar som ligg utanfor tariffoppgjera, at menn tener godt. Det er advokatar, direktørar og kapitalistar som dreg opp menns inntektsnivå i gjennomsnitt. Om vi gjev ein eigen lønspott for kvinner, vil vi ikkje lenger ha lik løn for likt arbeid i Noreg. Men det er kanskje difor kapittelet heiter «Kvinnefrigjøring» og ikkje «likestilling». I røynda har Raudt no vorte eit parti for innvandrarar, kvinner og seksuelle minoritetar.

Kven er det til dømes valdskapittelet handlar om? Kven er det som slår, og kven er det som vert slått? Rødt vil «Bekjempe menns vold mot kvinner». Ikkje eitt ord om kvinners vald mot menn. Her kjem Raudt rett nok med eit framlegg som eg trur dei fleste vil meina er godt etter å ha lese det: «Som hovedregel skal det brukes omvendt voldsalarm.» Dette vil flytta ansvaret for vald over på utøvaren og ikkje på offeret. I grunnen er det så innlysande at det er rart framlegget ikkje alt er gjennomført.

Nei til rasisme

Så var det «Antirasisme». «Rasisme er å rangere noen som mindre verdt og er innvevd i kapitalismen.» Hm… Kvar er det mest rasisme i den «kvite» verda? Jau, det er i Aust-Europa og Russland. Kvar stod sosialismen sterkast og varte lengst?

Raudt er òg veldig opptekne av islamhat og islamofobi. Samstundes peikar dei på at i ein god del land er homofile forfylgde, og difor søkjer dei asyl i Noreg. Raudt fortel ikkje kva religion dei som kjem frå desse landa, er dominerte av. I same kapittelet skriv dei at arbeidsinnvandrarar frå Aust-Europa «har bidratt til å holde den norske økonomien og velferdsstaten oppe». Samstundes er partiet mot EØS av di medlemsskapen undergrev fagforeiningar og likeløn. Og ja, det er mykje rett i den påstanden. Frisch-senteret, til dømes, har gong etter gong synt at dei arbeidsområda som har hatt høgst arbeidsinnvandring grunna EØS, òg har hatt den dårlegaste lønsveksten. Om ein les denne delen, er det umogleg å forstå om Raudt er for eller mot arbeidsinnvandring.

Men éin ting er sikkert: Raudt er for generell innvandring. Dei vil gjera det dramatisk mykje lettare å søkja asyl i Noreg og få familie hit. På toppen vil dei at: «Norge skal ta i mot minst 20.000 kvoteflyktninger årlig.» Og alle desse skal altså få fulle trygderettar frå dag ein.

Full nedsmelting

Det er vanskeleg å trekkja nokon anna konklusjon enn at den norske staten og den norske økonomien som vi kjenner han, vil bryta saman om Raudt får makta. No vil sjølvsagt ikkje Raudt få makta i Noreg, men dei kan få litt makt, som dei alt har i Oslo. Om dei hamnar på vippen i Stortinget, kan dei få relativt mykje makt. Då vert spørsmålet kva dei vil prioritera. Det er det vanskeleg å svara på, men dei har laga ei liste over kva dei vil prioritera om dei kjem på Stortinget. Lista er så lang at ho ikkje realistisk, men på fyrsteplass står dette: «Profittfri velferd – ingen skal tjene på velferdstjenester.»

Det er kanskje i eit slik perspektiv vi må forstå Raudt. Dei er ikkje med i politikken av di dei vil ha fullt gjennomslag, men av di dei vil ha påverknad her og der. Og det har dei truleg. Nei til profitt i velferda, at ingen skal tena på velferdsproduksjon, var det Raudt som fyrst formulerte som slagord. Og no har altså både SV, Sp og delvis Ap fylgd etter. Raudts program er ikkje noko styringsdokument, det er meir ei slags prøvetekst for venstresida. Det meste som står der, vert vraka, men noko overlever. Spådomen min er denne: Kjem Raudt på vippen i neste periode, vert private barnehagar avvikla.

Vil du ha eit parti som er raudglødane oppteke av kvinner, innvandrarar og minoritetar, og som er ekstra oppteke av antikorrupsjon i det offentlege, er Raudt partiet for deg. Er du derimot arbeidarklassemann med låg inntekt, finst det andre alternativ.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Raudt har uendeleg med pengar på alle felt

dei kjenner for å lyfta fram.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigurd Hverven er filosof og forfattar. Han har doktorgrad i filosofi frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Foto: Dreyer

BokMeldingar

Hegel utan støv

Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.

Jan Inge Sørbø

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
AndreasBjelland Eriksen

Bedre forhold for villreinen

Villreinen som lever i fjellområdene i Sør-Norge, sliter. Skal vi lykkes med å snu utviklingen, må vi finne løsninger sammen.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis