Project 2025 – ein plan for omforming av USA
Les eit utval av politikkframlegga her.
President Donald Trump og budsjettdirektøren hans, Russel Vought, held pressekonferanse i Det kvite huset i Washington i 2019. No får Vought på ny denne jobben. I mellomtida har han vore sentral i Project 2025.
Foto: Evan Vucci / AP / NTB
Sist veke utnemnde Donald Trump Russel Vought til budsjettdirektør i Det kvite huset. Det er ei stilling som vil få stor innverknad på politikken til Donald Trump-regjeringa.
Vought hadde same stillinga då Trump var president frå 2017 til 2021. Han vart deretter sentral i utarbeidinga av det 920 sider lange dokumentet «Mandate for Leadership», som den konservative organisasjonen The Heritage Foundation gav ut i 2022. Initiativet vert kalla Project 2025.
«Mandate for Leadership», som har over 400 bidragsytarar, er ei politisk handbok, eller eit manifest, med konkrete framlegg til ein 180-dagarsplan for ei ny republikansk regjering i 2025.
Project 2025 tilrår ein heilt ny politikk i USA og føreslår konkrete løysingar på grensekrisa, inflasjonen, økonomien, kriminaliteten, tilhøvet til Kina, abortspørsmålet og korleis ein skal «ta makta frå dei venstreorienterte elitane og gje henne tilbake til det amerikanske folket».
Donald Trump har i valkampen både sagt at han tek avstand frå Project 2025, og hevda at han ikkje kjenner til initiativet og kven som står bak det.
Fleire Project 2025-medarbeidarar har no vorte utnemnde av Donald Trump til viktige stillingar. I tillegg til Vought vert Brendan Carr sjef for Federal Communications Commission (FCC), som regulerer telekommunikasjon og kringkasting. Tom Homan vert ansvarleg for Immigration and Customs Enforcement (ICE), altså innvandrings-, grense- og tollpolitikken, og Stephen Miller vert Homeland Security Advisor, det vil seie ein av Trumps næraste rådgjevarar.
Difor er det grunn til å tru at Project 2025-handboka kan få stor innverknad på Trumps politikk i 2025.
I prinsippet er ikkje ei slik handbok noko nytt. Det har tidlegare vore laga rapportar med tilrådingar om kva politikk ein republikansk president bør føra. Men dei har vore meir retningsgjevande. Det som er nytt no, er detaljnivået på tilrådingane, ein eigen database med aktuelle kandidatar til føderale stillingar og konkrete strategiar for korleis den nye regjeringa skal koma raskt i gang med omveltinga.
For å gje eit inntrykk av kva den 920-sider lange handboka inneheld av tilrådingar, trykkjer vi eit lite utdrag frå dei konkrete framlegga.
Svein Gjerdåker
ansvarleg redaktør i Dag og Tid
Foto: Charlie Neibergall / AP / NTB
«Tida er knapp, og dei konservative treng ein plan. Prosjektet skal utforme ei handbok med tiltak som kan gjennomførast i løpet av dei første 180 dagane etter at den nye regjeringa er på plass, for raskt å lindre kvalane til amerikanarar som er råka av den øydeleggjande politikken til venstresida.»
Her kjem eit utval av politikkframlegga til «Project 2025. The Presidential Transition Project»
Presidenten
∎ Det føderale byråkratiet er eigenrådig. Føderalt tilsette er gjerne ideologisk samansveisa – ikkje med fleirtalet av innbyggarane i USA, men med kvarandre.
∎ Den nye regjeringa må fylle rekkene med politisk utnemnde tilsette.
∎ Den neste regjeringa bør styre – og rettleie – utanriksdepartementet ved å plassere politisk utnemnde tilsette i stillingar som ikkje krev godkjenning frå Senatet. Dei som har ei leiarstilling om morgonen 20. januar, bør ikkje ha denne stillinga når kvelden kjem.
∎ For å sikre at fridomen kan bløme, er ingenting viktigare enn at statsadministrasjonen blir dekonstruert.
∎ Den einaste løysinga for den føderale staten er å gjere mindre: å desentralisere og privatisere så mykje som mogleg.
∎ National Security Agency (NSA), den nasjonale tryggingsetaten, bør straks evaluere og avvikle direktorat som ikkje er på linje med presidentens agenda, og erstatte dei med nye direktorat som kan implementere presidentens prioriteringar når det gjeld nasjonal tryggleik.
Project 2025s arbeidsdokument på 920 sider har vore ei drivkraft i presidentvalet.
Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB
Utanrikspolitikken
∎ USA må gå tilbake til å sjå på internasjonale organisasjonar som verktøy for å fremme amerikanske interesser.
∎ Om ein internasjonal organisasjon er ineffektiv eller ikkje stør opp om amerikanske interesser, bør ikkje USA støtte han.
∎ Den nye utanriksministeren må straks legge alle forsøk på å implementere uratifiserte traktatar og avtalar på is i påvente av ei vurdering av om dei er i tråd med politikken til den nye regjeringa.
∎ Alle ambassadørar må forplikte seg til å seie opp når den nye regjeringa overtek.
∎ Den nye regjeringa skal fokusere på fem land: Kina, Iran, Venezuela, Russland og Nord-Korea.
∎ USA må hindre at Iran får råderett over kjernefysisk teknologi og tilhøyrande stridsvåpen. Dette inneber å sjå til at Israel både har militære middel og politisk støtte og fleksibilitet til å gjere det som er naudsynt for å forsvare seg mot det iranske regimet og regionale støttespelarar som Hizbollah og Hamas.
∎ Pengestøtta til dei palestinske styresmaktene bør stoppast.
Den konservative gruppa Project 2025, leia av tenketanken Heritage Foundation, har stått på mange stands dei siste to åra, her på Iowa State Fair i august 2023.
Foto: Charlie Neibergall / AP / NTB
Forsvaret
∎ Forsvarsbudsjettet bør bli større, slik at USA held fram med å vere verdas fremste militærmakt.
∎ USA bør utvikle nye atomvåpen og marine kjernereaktorar.
∎ Det må bli slutt på ineffektive og kontraproduktive ikkje-spreiingsaktivitetar som involverer Iran og FN.
∎ USA bør avvise å ratifisere prøvestansavtalen CTBT (Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty) og vise vilje til å gjennomføre kjernefysiske prøvesprengingar som svar på fiendtleg utvikling av kjernefysiske våpen dersom det er naudsynt.
∎ USA bør berre gå med på våpenkontrollavtalar dersom dei fremmar interessene til USA og landets allierte.
∎ USAs allierte må ta langt større ansvar for si eiga konvensjonelle forsvarsevne.
∎ Land som ikkje bidrar skikkeleg, kan ikkje forvente at USA støttar dei med militært forsvar.
∎ Den nye regjeringa må undersøke kva som er status for Wales-lovnaden, som krev at Nato-landa bruker 2 prosent av bruttonasjonalproduktet på forsvar, og oppmuntre dei til å bruke meir enn 2 prosent.
∎ Den nye regjeringa bør oppmode Nato til å vedgå at alliansen til dels er arktisk. USA bør utan atterhald fremme interessene sine i Arktis ved å arbeide for økonomisk fridom i regionen. USA bør arbeide for å sikre at skipsfartslinjene i Arktis er opne for all internasjonal kommersiell trafikk også i tida som kjem.
Kina
∎ USAs forsvarspolitikk bør fokusere på Kina, særleg med sikte på å forsvare Taiwan effektivt.
∎ Kinas aggresjon kan berre stoppast gjennom ytre press.
∎ USA bør forby kinesiske sosiale medium som TikTok og hindre kommunistiske kinesiske investeringar i teknologibransjen.
∎ Tollnivået på alle kinesiske produkt bør bli høgare, slik at varer med merkelappen «Made in China» ikkje får innpass i marknaden.
∎ For å hindre spionasje bør USA gi færre eller slutte å gi visum til kinesiske studentar og forskarar.
∎ Det kinesiske kommunistpartiet bør haldast ansvarleg for covid-19.
Energi og klima
∎ Budsjettet og oppgåvene til det statlege miljøvernbyrået EPA bør avgrensast monaleg.
∎ Ein bør omorganisere vitskaplege råd for å gi rom for eit breiare spekter av vitskaplege synspunkt, samtidig som ein sikrar at rådgivinga er fri for moglege interessekonfliktar.
∎ USA bør bli kvitt karbonfangst- og karbonlagringsprogram.
∎ USA bør slutte å bry seg med klimaendringar og grøne subsidiar.
∎ Ei ny regjering bør stanse krigen mot olje og naturgass.
∎ Den amerikanske energidominansen bør gjenopprettast. USA er avhengig av billige energiressursar for å sikre den økonomiske velstanden til innbyggarane og bevare si geopolitiske rolle i ei usikker og farleg verd.
∎ Den nye energikrisa kjem ikkje av ressursmangel, men av ekstrem «grøn» politikk.
Landbruk
∎ USA bør stoppe arbeidet for å fremme berekraftig matproduksjon, anten det er i regi av FN eller andre organisasjonar.
∎ Det trengst ei landbrukssubsidiereform. Målet bør vere å gjere landbruket uavhengig av subsidiar.
Sukkerregelverket, som har som formål å avgrense tilgangen på sukker gjennom auka prisar, bør fjernast.
∎ Tiltak som hindrar bioteknologi i landbruket, bør fjernast. Genteknologi er ei vesentleg nyvinning for landbruket.
Kevin Roberts, leiar for den konservative tenketanken Heritage Foundation, uttalte i juli at USA måtte gjere seg klare for den andre amerikanske revolusjonen. Her taler han på Margaret Thatcher Freedom Lecture i Washington i april 2023.
Foto: J. Scott Applewhite / AP / NTB
Helse og familie
∎ Familiar med ei mor og ein far som er gifte og har fått barn, er grunnlaget for ein velordna nasjon og eit sunt samfunn. President Bidens familiepolitikk har prioritert LHBTQ+-likestilling, subsidiering av einslege mødrer og kamp mot ekteskapet. Denne politikken bør erstattast av ein politikk som fremmar ekteskapet og kjernefamilien.
∎ Abort og aktiv dødshjelp er ikkje helsehjelp.
∎ Den amerikanske staten verken kan eller skal støtte eller finansiere abort gjennom internasjonale hjelpeprogram eller multilaterale organisasjonar.
∎ Statlege kosthaldsråd bør fjernast eller reformerast.
Utdanning
∎ Den føderale utdanningspolitikken bør vere avgrensa. Utdanningsdepartementet bør i siste instans oppløysast.
∎ Den neste regjeringa bør særleg merke seg korleis radikal kjønnsideologi har øydeleggande verknad på skulebarn, særleg jenter.
∎ Ingen offentleg institusjon kan krevje at ein pedagogisk tilsett nyttar eit pronomen som ikkje samsvarer med ein persons biologiske kjønn, dersom dette er i strid med den religiøse og moralske overtydinga til den tilsette.
∎ Studielånordningar må privatiserast.
Arbeid
∎ Den nye regjeringa bør fjerne reguleringar som forbyr diskriminering på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsidentitet.
∎ Den føderale arbeidslova tilbyr ikkje alternativ til fagforeiningar. Den politiserande og konfronterande verksemda deira appellerer til få, og mange tilsette seier dei føretrekker ein meir kooperativ modell.
∎ Når staten kjøper varer og tenester, skal han så langt det er mogleg, handle med amerikanske verksemder og produsentar. Verksemdene skal oppmodast til å tilsette folk frå USA.
Handel og bistand
∎ Kvar dag blir USA flådd av det kommunistiske Kina og Verdshandelsorganisasjonen (WTO), som fremmar institusjonelt urettferdig og ugjensidig politikk.
∎ USAs veksande handel – særleg det evig stigande handelsunderskotet – tyder på at USA er den største taparen i den internasjonale handelen.
∎ Det aller største handelsunderskotet er knytt til handel med Kina.
∎ USA må gjennomgå handelsavtalane med EU for å sørge for at amerikanske verksemder blir rettferdig behandla.
∎ USA bør samarbeide langt mindre med FN-institusjonar, ideelle organisasjonar og andre som forfektar klimafanatisme. Den ekstreme klimapolitikk til Biden-regjeringa har forverra mattryggleiken og skapt meir hungersnaud.
∎ U.S. Agency for International Development (USAID) bør avslutte krigen mot fossilt brennstoff i utviklingsland og støtte ansvarleg forvaltning av olje- og gassressursar som den snøggaste måten å få slutt på fattigdom på.
∎ Ein politisk oppnemnd tilsett bør få som jobb å koordinere programarbeidet nasjonalt og sikre høg standard også internasjonalt. Blant anna må oppmuntring til abort fjernast frå FN-dokument, politiske erklæringar og faglitteratur.
Innvandring
∎ Project 2025 tilrår at presidenten føreslår lovgiving som opnar for ei oppløysing av det amerikanske tryggingsdepartementet.
∎ Den ansvarlege ministeren skal kunne bruke makta si til å stenge ned ineffektive og problematiske delar av departementet på diskré vis.
∎ Toll- og grenseetaten bør hente inn igjen og auke talet på grensevakter til hest. Ministeren bør gi ei offentleg orsaking til vaktene som har vorte utsette for falske skuldingar om å ha piska migrantar.
∎ Ei ny regjering bør fremme lovgiving som fremmar eit merittbasert innvandringssystem. I motsetning til i dag skal høgkompetente utlendingar bli premierte.
∎ Berre the best and brightest bør få visum.
∎ Kongressen bør avskaffe paragraf 235 i lova mot menneskesmugling. Paragrafen sikrar at einslege mindreårige innvandrarar får hjelp, noko som bidrar til at fleire sender barna sine over grensa, ulovleg og utan følge. Altfor mange av dei blir offer for menneskesmugling.
∎ Kongressen bør fjerne tvitydig og formildande språk i innvandringslova. Det bør stå at migrantar skal – ikkje bør – internerast.
∎ Ombodsmannen for internering av innvandrarar bør avskaffast.
∎ Soldatar frå hæren og heimevernet bør bidra i arrestere immigrantar ved grensa – så langt har det ikkje blitt gjort.
Rettsstaten
∎ Styresmaktene bør handheve dødsstraff der det er relevant og formålstenleg. Dødsstraff er eit sensitivt saksområde, men den pågåande kriminalitetsbølga gjer det avgjerande med avskrekking på føderalt, delstatleg og lokalt nivå.
∎ Det er justisdepartementets oppgåve å administrere rettsprosessar, men det inngår i den utøvande makta, altså ligg departementet under presidentens overoppsyn og kontroll. Med unntak for kriminalsaker som krev anna behandling, må rettsavgjerder derfor samsvare med presidentens politiske agenda.
∎ Den konservative regjeringa må gjere alt i si makt for å kunne utvide talet på politisk utnemnde i alle delar av justisdepartementet, særleg i FBI og i arbeid med borgarrettar og innvandringssaker.
∎ Avsløringar om at FBI hadde ei rolle i løgna om russisk innblanding i 2016-valet, om samansverjing med big tech og om hemmeleghald rundt Hunter Bidens PC i 2020, tyder på at FBI er ute av kontroll.
∎ FBI er ikkje eit uavhengig organ.
∎ FBI-leiinga må svare til presidenten som sin politiske overordna på same måte som ein leiar i eit anna føderalt departement eller byrå.
∎ FBIs pågåande etterforskingsarbeid må granskast så fort som mogleg, og prosessar som strir mot lova eller nasjonal interesse, må stoppast.
Media
∎ Styresmaktene – FBI inkludert – har ingen rett til å overvake ytringar, verken i det offentlege, på trykk eller digitalt. Det forbyr det første grunnlovstillegget.
∎ Dei offentlege kringkastingssamanslutningane, CPB og NPR, gjer fint lite for å tilby program som appellerer til konservative.
∎ Den neste presidenten kan enkelt og greitt be Kongressen om ikkje å skrive under på vedtak som inneheld økonomisk støtte til CPB.
∎ Det er behov for ein snarleg og grundig gjennomgang av politikken som dreiar seg om ytringsfridom i digitale medium, og politiske løysingar når det gjeld sensur hos dei store teknologiselskapa.
Økonomi og skatt
∎ For å verne om sentralbankens sjølvstende og for å forbetre utfallet av den økonomiske politikken bør Kongressen avgrense mandatet til berre å syte for stabil pengebehaldning.
∎ Eit konservativt styre bør jobbe for eit uavhengig bankvesen, der staten ikkje styrer rentesatsane eller pengetilførselen. I dette tilfellet blir sentralbanken i praksis oppløyst, og finansdepartementet avgrensar seg til å handtere statens pengar.
∎ Det er behov for ei grunnleggande skattereform. Det kan sikre ei dramatisk forbetring av levestandarden i USA. Skattesystemet bør avgrensast til å skaffe inntekter til ein avgrensa stat.
∎ Finansdepartementet bør samarbeide med Kongressen om å forenkle skattesystemet.
∎ Det nye systemet bør ha to tariffar, ein på 15 og ein på 30 prosent.
∎ Selskapsskatten bør settast ned til 18 prosent. Dette er den mest øydeleggande skatten i heile skattesystemet.
∎ Internasjonale organisasjonar som OECD, Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) fremmar økonomiske teoriar og ein politikk som er skadeleg for amerikanske prinsipp for ein fri marknad og avgrensa statleg styring.
∎ USA bør trekke seg frå Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet og slutte å finansiere dei.
Redigert og omsett av Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mmm, nam-nam? Tja, om scobyen ser litt rar ut, så vert den fermenterte tedrikken sett pris på av menneske verda over.
Foto via Wikimedia Commons
Fermentert te breier seg i butikkhyllene – til solide prisar.
Foto via Wikimedia Commons
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Fuktmålaren syner at veggen er knuskturr. Er det truverdig?
Foto: Per Thorvaldsen
«Frykta er ein god læremeister. Eg sit no og les Byggforsk-artiklar om fukt for harde livet.»
Wako er Kjetil Mulelid, Simon Olderskog Albertsen, Bárdur Reinert Poulsen og Martin Myhre Olsen.
Foto: Eirik Havnes
Sprudlande samspel
Wako serverer ei heilakustisk jazzplate.
Sitrusmarinert kamskjel med estragon, lime og olivenolje.
Alle foto: Dagfinn Nordbø