Frå matfatet

Pølse på Narvesen

Pølsekjøt bør ikkje vere middelmåtig.

Mat på farten er Narvesens primære funksjon. Fart er relativt, men maten bør likevel tole nokre retningslinjer.
Publisert Sist oppdatert

Hugsar du pølsebua? Sjølv er eg akkurat gamal nok til å hugse den vesle grøne kiosken som stod på kaia og selde wienerpølser då eg var lita. Best hugsar eg lukta: ei blanding av kulde, kaffi, tobakk – og pølse, så klart.

Sidan den gong har mykje skjedd med pølsesalet. Fyrst vart pølsebuene til kjedekioskar – Narvesen og 7-Eleven – og pølseutvalet vaks. Ein periode kunne ein få kjøpt strutsepølser, krokodillepølser og bisonpølser på Narvesen, men det varte ikkje lenge. Berre veganpølse overlevde, med bod om ei ny tid: Om du bur utanfor dei større byane, er det ikkje lenger blad- og pølsekiosk å finne. Ja, det er fleire titals Narvesen-kioskar i Oslo, men ikkje ein einaste i heile Sogn og Fjordane.

Vel. Ein skigard kan trass alt ikkje vare evig. Dei Narvesen-kioskane som framleis finst, inneheld altså ganske mange pølser. Nokre av pølsene har endåtil både fått dyrevernsertifisering utan å vere veganske, og sunne nok til å få vere ein del av ein kampanje med namnet «Gode valg på farten». Dette må vi jo berre sjå nærare på, må vi ikkje?

Verdas beste kylling?

Den utvalde pølsa kom bokstavleg tala siglande inn i medvitet mitt i form av ein Facebook-annonse: Ein skiløpar har det openbart travelt, og grabbar nøgd med seg BBQ Grill-pølsa som heng fremst i skjermvindauget. Rask og lett tilgjengeleg mat treng ikkje vere dårleg mat, seier annonsen, som altså har to grøne merkelappar: Den eine er Narvesens eigen «Gode valg på farten», den andre den europeiske dyrevelferdssertifiseringa ECC.

Lat oss byrje med det siste merket, for det fortel oss noko vesentleg: ECC står for European Chicken Commitment. Ei BBQ Grill er med andre ord ei kyllingpølse.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement