JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Utdanning er ei kalka grav

Det finst ikkje éin einaste sektor der det vert sløst
meir med ressursane enn i skule og høgre utdanning.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Vi byrjar tidleg med å sluse unge og teoritrøytte elevar inn i vidaregåande utdanning.

Foto: NTB

9444
20230526

Finansiering av Forsvaret

«No må du i løpet av få år truleg ha ein bachelor for å arbeida litt deltid på SFO.»

DEL 3. UTDANNING

Kvar skal vi henta meir pengar til Forsvaret frå? Her er mitt favorittsvar, og eg åtvarar lesarane om at no kjem det ein harang: Eg vil henta pengar frå undervisning og høgre utdanning. Det vi held på med der, er utan samanheng og logikk.

Eg kjenner ein ung kar som straks vert 18. Han mistreivst frykteleg i grunnskulen, men ein dag gjekk han til ein ressurssterk lærar og sa at han berre ikkje orka å byrja på vidaregåande. Det einaste faget han likte, var matematikk. «Dette skal eg fiksa», sa læraren og byrja å ringja rundt.

Opplæringskontoret i fylket gav karen eit alternativ: Dersom han sjølv fann ei verksemd som ville ha han, skulle han få gå ut i lære, utan noka form for skule dei to fyrste åra. Dette var rett nok eit unnatak frå reglane, men nokon såg klokskapen i at guten fekk noko kjekt å gjera og til og med kunne læra seg eit yrke.

Ein dag i veka

Fyrst etter to år må han no på skulebenken frå hausten av, men berre éin dag i veka. Han har fått lærlingløn i desse to åra, men snikkarfirmaet han arbeider for, er så nøgde med han at dei gjev han full løn når han arbeider overtid på kveldar og i helger.

No har han vorte så glad i yrket og fått læra seg så mykje praktisk rekning at når sveinebrevet er ferdig, skal han byrja på fagskule for å verta bygningsingeniør. Guten kan rekna med ei millionløn.

Her kjem det viktige og beint ut sagt skremmande: Det tilbodet han fekk, var altså eit unnatak, eit spesialtilfelle, som berre eit lite, lite fåtal av dei 60.000 som kvart år byrjar på vidaregåande, får. Noko så klokt og fint er altså ikkje ein del av standaren i norsk skule og utdanning.

Fem årskull

Rundt rekna har verdiskapinga hans vore på 700.000 i året i den tida han har arbeidd og skal arbeida. Den verdiskapinga kunne andre også ha fått til. Tala er knapt til tru, men under koronaen passerte vi 300.000 studentar i Noreg. Heile fem årskull er til kvar tid inne i høgre utdanning og utanfor heiltidsarbeidslivet.

Hadde vi halde oss til 150.000 og sagt at dei «frigjorde» studentane i staden hadde arbeidd, ville vi ikkje berre halvert pengane til høgre utdanning og studiestøtte frå 74 milliardar til 32 milliardar, men fått ei ekstra verdiskaping på over 100 milliardar i den samla norske økonomien.

Vil vi gje pengar til Forsvaret, hadde vi kunna finna dei der. Då vi faktisk løyvde 3 prosent av BNP til Forsvaret, fram til på slutten av 1980-talet, hadde vi ein tredjedel så mange i høgre utdaning. Landet gjekk rundt då òg. Og produktivitetsveksten var mykje høgre enn han har vore dei siste 30 åra, då stadig fleire har vorte slusa inn i høgre utdaning.

Rett i lære

Men vi treng at fleire tek høgre utdaning og vert sjukepleiarar, fysioterapeutar og det eine med det andre som vi må ha i møte med eldrebylgja, høyrer eg mange seia. Ja, vi treng fleire omsorgsarbeidarar, men kvifor i alle dagar skal så mange av desse ha ei akademisk utdanning?

Vil du til dømes verta sjukepleiar i Tyskland, kan du rett etter grunnskulen byrja på ei praktisk utdanning i kombinasjon med lærlingplass i tre år og vera ferdig før du er 20. Du får til og med 1200 euro i månaden i lærlingløn. Tysk helsevesen er neppe mykje dårlegare enn norsk helsevesen.

Eg nektar elles å tru at den no avlidne tanta mi som var sjukepleiar i Finnmark gjennom 45 år, utan gymnas, men med praksis og noko skule, var dårlegare i arbeidet enn dagens unge sjukepleiarar.

Eg trur heller ikkje at bror min var ein dårleg politimann, sjølv om han berre hadde eitt år med praksis og eitt år på skulebenken før han fekk vitnemål. I Tyskland kan ein til og med byrja i lære i ein bank direkte frå grunnskulen. Dei som har gått i lære, tener ikkje dårleg, for å seia det slik.

Ingenting skjer

Trur eg det kjem ei endring i norsk utdanning der dei fleste som vil inn i eit praktisk yrke, kan byrja med praksis og yrkesretta utdanning rett etter grunnskulen, og at langt færre vert slusa inn i høgre utdanning? Nei.

Eg har før i denne serien skrive om alle pengane som går tapt innanfor samferdsel og til helserelaterte trygder, der kjenner eg meg heilt trygg på at det kjem reformer. Særinteressene er ikkje sterke nok til at vi kan halda fram med å nytta til saman 8 prosent av fastlands-BNP på dei to områda.

Innanfor utdanning, derimot, støyter vi på så mange som ikkje vil gje slepp på det dei har, at det er umogleg å reformera sektoren før han eventuelt bryt saman under eigen ekspansjon. Eg skriv om det likevel. Men kva ville ha hendt om vi halverte talet på lærarar i høgre utdanning, personar som i hovudsak røystar på MDG, Venstre, SV, Raudt og delvis Ap? Desse partia hadde verkeleg slite.

Styringshøgdene

Den sterkaste krafta på den politiske venstresida, som skulle vera for arbeidarklassa, er akademikarar. Det er dei som skriv utgreiingar, det er dei som skriv NOU-ar, det er dei som skriv kronikkar og partiprogram. Det er akademikarane som kontrollerer dei strategiske høgdene.

Om halvparten hadde måtta finna seg noko anna å gjera, ville mange av dei vorte tvinga til å byrja som lærarar i vidaregåande skule, som så hadde sendt ei stor mengd tilsette ned til grunnskulen, som igjen hadde hatt mindre trong for dårleg utdanna lærarskulestudentar.

Vi såg kva som skjedde då den førre regjeringa i praksis la ned lærarskulen på Nesna. Straks vi fekk ei ny regjering, kom pengane. Ikkje éi stilling kunne leggjast ned.

Pedagogikk

For å taka eit konkret fag: pedagogikk. Det finst ikkje prov for at pedagogikk gjer folk til betre lærarar. I det minste har ikkje eg sett det. Det finst derimot tallause døme på at folk har slutta på praktisk pedagogisk utdanning av di det er så livsfjernt, langt og fylt med tom teori. At eg sjølv kom meg gjennom det året etter hovudfag, så vidt det var, er eit av mysteria i livet mitt.

Dette er eit sitat frå heimesida til det nye universitetet i Stavanger: «Skolefritidspedagogikk – bachelor: På studiet legges det vekt på helhet og sammenheng mellom lek, læring, spesialpedagogikk, fysisk aktivitet, kulturaktiviteter og praksis og ledelse. Studiet er landets første og starter opp fra høsten 2023.»

Dit er vi komne. No må du i løpet av få år truleg ha ein bachelor for å arbeida litt deltid på SFO. For vi veit korleis dette går: Når éin institusjon byrjar med ei slik utdanning, kjem resten etter. Snart har vi nok ei eiga fagforeining for SFO-tilsette.

Kynisme

Så vil kynikarane hevda at ja, vi har nok for mange studentar, men det er ikkje av di vi har denne enorme trongen til fleire med utdanning i alt mogleg rart, men av di vi har dei fleste gåande som eit reint sysselsetjingstiltak. Det er enkelt og greitt feil. Di fleire som er i arbeid, di fleire kjem i arbeid. Arbeid i seg sjølv genererer fleire arbeidsplassar.

Tak desse vidgjetne bussjåførane til Gudmund Hernes, han som stod attom både skulestart for seksåringar og Reform 94, som tvinga nesten alle inn i ei teoretisk vidaregåande utdanning. Hans påstand var at bussjåførar i Lofoten måtte læra seg framandspråk, for det kravde turistane.

I dag er mange av bussjåførane i Lofoten om sumaren austeuropearar som ikkje eingong kan godt norsk. Var det éin ting Hernes fekk til, var det å opna grensene for personar med praktisk bakgrunn som måtte erstatta alle dei vi ikkje lenger gav ei slik opplæring.

Mastersjuka

Når i livet er det vi har mest energi og kan yta den hardaste arbeidsinnsatsen? Det er i slutten av tenåra og når vi er i 20-åra. Men her er det altså at vi vel å trekkja ut fem årskull til høgre utdanning og tre årskull inn i ein teoretisk vidaregåande skule. Mastersjuka er kanskje likevel det verste.

I Storbritannia er dei fleste som tek høgre utdanning, ferdige når dei er 21 eller 22. Berre eit fåtal tek master etter bachelorgraden. I Noreg er medianalderen på studentar 25 år, og dei som fullfører mastergraden, nærmar seg 30 år. Ingen med handa på hjartet kan seia at dette er fornuftig bruk av ressursar. Det er likevel utenkjeleg å seia at studiestøtte gjev vi berre til personar under 25 år, resten får finansiera studia sine sjølve.

Skal vi finansiera Forsvaret, og skal vi kunna fungera som samfunn i møte med eldrebylgja, kan vi ikkje halda fram på dette viset. Men det kjem vi til å gjera, i tiår etter tiår.

Lesebrett

I den siste PIRLS-granskinga, som undersøkjer lesekunne til tiåringar internasjonalt, vart det atter ein gong vist at lesekunna til norske elevar gjekk nedover. 87 prosent av lærarane i granskinga sa at dei delte ut digitale læringsmiddel, opp frå 13 prosent i 2016. I heile denne perioden har vi visst at nettbrett og PC-ar er særs negative for lesekunna.

Ikkje eingong når det er så openbert gale, det vi gjer med ungane, kan vi lata vera med å sløsa bort pengar på det som er fancy og moderne. Borna mine lærte seg ikkje å nytta ein hammar på skulen. Den eine guten lærte seg rett nok å nytta eit arkitektprogram på PC for å kunne teikna eit hus.

Til slutt ei personleg vedkjenning: Eg skriv stort sett berre om samfunnsøkonomiske tema. Eg har ikkje eitt vekttal eller eitt einaste studiepoeng i samfunnsøkonomi. Eg får likevel løn.

Jon Hustad er journalist i
Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis