Tyskland

Det tyske dilemmaet

Tysk etterretning har klassifisert det største opposisjonspartiet som høgreekstremistisk. På kva grunnlag er det nesten ingen som veit.

AfD-tilhengarar har stilt seg opp i Hohenschönhausen aust i Berlin under valkampen i februar. Då opna Friedrich Merz opp for å få fleirtal med AfD i einskildsaker. No har etterretninga kategorisert partiet som høgreekstremt.
Publisert Sist oppdatert

Tyskland slit på alle frontar. I aust trugar krigen, i vest trugar Trump med tollkrig, og økonomien er i resesjon på tredje året. No kan landet vere på veg inn i ei innanrikspolitisk krise, kanskje ei av dei verste i etterkrigstida.

Tysdag fekk landet ny regjering. Det gjekk ikkje som planlagt: Då Friedrich Merz skulle veljast som kanslar i parlamentet, valde 18 representantar frå hans eigen regjeringskoalisjon å røyste mot han anonymt. Rett nok snudde dei seinare på dagen slik at Merz likevel blei vald, men opptrinnet syner at koalisjonen vaklar alt før han står på beina. Ingen veit om koalisjonen vil ha fleirtal bak seg når dei skal handsame vanskelege saker dei neste fire åra. Og vanskelege saker blir det mange av.

Den mest kontroversielle ligg på bordet alt no: Skal det største opposisjonspartiet framleis vere lovleg?

Førre fredag publiserte innanriksdepartementet ei pressemelding på vegner av etterretningstenesta, Verfassungsschutz: Dei har no offisielt klassifisert det største opposisjonspartiet, Alternative für Deutschland (AfD), som høgreekstremistisk.

Dette er den strengaste kategorien etterretningstenesta har. Og avgjerda kan få store følgjer: Når eit parti er formelt kategorisert som høgreekstremistisk, har den tyske forfatningsdomstolen høve til å forby det, så sant dei konkluderer med at partiet kan truge statsordninga. Men før dei kan gjere den vurderinga, må nokon ta initiativ og klage AfD inn for retten. Det er det berre dei folkevalde i parlamentet eller regjeringa som kan gjere. Saka er altså framleis politisk, sjølv om det er rettsvesenet som til slutt avgjer utfallet.

Overvakinga

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement