Politisk idéhistorie

Tese 11

Ikkje alle sosial­økonomar fortener å stå på sokkel.

Ullevål sjukehus skal no med styreleiar og sosialøkonom Svein Gjedrems velsigning jamnast med jorda utan omsyn til kostnaden.
Publisert Sist oppdatert

Martin Bech Holte har med den formidable boksuksessen Landet som ble for rikt (2025) fått eit overveldande gjennomslag i det offentlege ordskiftet. På kort tid har økonomen Holte som sakprosaforfattar oppnådd opplagstal som vanlegvis berre er krimforfattarar som Jo Nesbø forunnt. Holte artikulerer openbert ei utbreidd politisk-eksistensiell uro: Evnar dette søkkrike landet å styre den overveldande offentlege rikdomen sin?

Den finansbyråkratiske tungvektaren Svein Gjedrem, tidlegare sentralbanksjef og departementsråd i Finansdepartementet, høyrer til den utvalde krinsen av økonomar som ikkje får strykkarakter av Holte. Gjedrem er sosialøkonom frå Blindern-skulen, med eit mantra som i si tid vart formulert av nobelprisvinnaren Ragnar Frisch: Med sosialøkonomane i styringa vil 3/4 av den politiske striden verte overflødig.

I 2018 vart Gjedrem sett inn som styreleiar i Helse Sør-Aust for å lose gjennom fusjonen Oslo universitetssjukehus (OUS) på den altfor tronge og lite tenlege Gaustad-tomta trass i massiv medisinsk-fagleg og demokratisk-folkeleg motstand.

Siri Hatlen takka i 2011 for seg som OUS’ første direktør då ho ikkje fekk gjennomslag for det opplagde: å byggje ut på Ullevål-tomta. Til det kravde ho 17,5 milliardar kroner.

Hatlens etterfølgjar, Bjørn Erikstein, viste seg å ha hatt ein «draum»: ei utvida Gaustad-tomt ved å leggje Ring 3 i tunnel. Vegstyresmaktene sa nei, men det helsebyråkratiske prestisje-prosjektet har ikkje late seg stanse sjølv om draumen er i ferd med å verte eit offentleg mareritt.

Ullevål sjukehus, som ifølgje Gjørv-kommisjonen om 22. juli 2011 gjennomførte livreddande kirurgi i verdsklasse, skal no ifølgje nokre helsebyråkratar med Gjedrems velsigning jamnast med jorda utan omsyn til kostnaden. Tomta som har husa sjukehus sidan 1887, skal ifølgje Erikstein vere ueigna til sjukehusbygg. Ho skal i staden leggjast ut til eigedomsspekulantar av typen Ivar Tollefsen, som nyleg sende dottera si til Sveits med X milliardar i reisekassa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement