Essay

Mangfalds­paradoks

Mangfald er blitt ein heilt sentral verdi i det norske samfunnet, men ordet blir ofte nytta på ein mangetydig, paradoksal og sjølvmotseiande måte.

Publisert Sist oppdatert

I

Mangfald er i utgangspunktet noko alle menneske bør støtte. Kven kan til dømes vere mot naturmangfald og samstundes forvente å bli tatt seriøst? Naturmangfald er ein verdi i seg sjølv, og vi er heilt avhengige av naturmangfald for at økosystema skal halde seg stabile. Genetisk mangfald hos plantar og dyr kan vere eit spørsmål om overleving i møtet med klimaendringar og sjukdom.

Også verdimangfald må vere ein utvitydig god ting. Ein høg grad av verdimangfald gjer oss friare og meir lykkelege både som individ og samfunn. Heldigvis har verdimangfaldet i Noreg blitt mykje større på eit par generasjonar. Nordmenn har blitt mykje meir opne enn vi var, og det er større aksept for folk som skil seg ut frå majoriteten, om det så er i seksuell orientering, livssyn, livsstil eller etnisitet.

Mangfaldet har gitt oss høve til sjølvrealisering folk tidlegare berre kunne drøyme om. Vi er ikkje perfekte, men vi er blitt langt meir opne og inkluderande, og mindre fordomsfulle enn vi var, mellom anna på grunn av nærkontakt med folk frå andre kulturar.

Kulturelt og etnisk mangfald, som ikkje er akkurat det same som verdimangfald, er ein del av mangfaldskomplekset. Generelt ville det vore rart å ikkje vere positiv til dette også. Rikdommen og variasjonane i ulike kulturar som mennesket har skapt rundt om på jorda, for å tilpasse seg dei fysiske omgivnadene dei lever i, er ikkje berre verdifull i seg sjølv. Dei rommar også mykje praktisk og filosofisk visdom, poesi og venleik. Eg har sjølv skrive ei bok på over 800 sider der tapet av naturleg og kulturelt mangfald som har skjedd dei siste 150 åra, ikkje minst på grunn av kolonialisme og global kapitalisme, er eit slags hovudtema.

For å oppsummere så langt: Mangfald ser ut til å vere ein positiv verdi. Det motsette av mangfald ser nesten ut til å vere einfald.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement