JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Pensjonsbølgje treffer Forsvaret

Ei pensjonsbølgje er i ferd med å treffe Forsvaret. Berre det å halde oppe storleiken på dagens offiserskorps fram mot 2040 vil krevje at talet på nyutdanna vert dobla, viser ein analyse.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forsvaret kan dei neste åra få problem både med kompetanse og med rekruttering av offiserar. Biletet viser Forsvarets opptak og seleksjon for nokre år sidan.

Stian Lysberg Solum / NTB

7994
20220408
7994
20220408

Forsvaret

christiane@dagogtid.no

Dei unge studentane som tok offisersutdanning i Forsvaret i 1980-åra, er ikkje så unge lenger. Dei store kulla som vart uteksaminerte under den kalde krigen, nærmar seg særaldersgrensa på 60 år, då militært personell pliktar å gå av.

Alderssamansetjinga i offiserskorpset vil kunne skape store utfordringar for Forsvaret i tida som kjem.

For i same periode som Forsvaret skal byggjast opp og tilførast fleire folk, vil Forsvaret miste mykje kompetanse når ein monaleg del offiserar fyller 60.

Gap

Ifølgje rapporten Forsvarsanalyse 2022, skriven av 13 forskarar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI), viser analysar frå instituttet at dagens planar for å utdanne og halde på kompetanse ikkje vil dekkje den trongen Forsvaret har for personell i framtida. Ein av grunnane til dette er altså alderssamansetjinga i Forsvaret.

Tala er eigna til å vekkje oppsikt. Ifølgje analysen vert det i dag utdanna om lag 200 offiserar årleg på skulane i Forsvaret. FFI-analysar viser at berre det å halde oppe storleiken på offiserskorpset fram mot 2040, vil krevje om lag ei dobling av talet på offiserar som vert utdanna i ein periode.

For å dekkje den planlagde veksten i langtidsplanen for Forsvaret, vedteken av Stortinget i 2020, må talet på nyutdanna meir enn doblast.

Det mest konkrete reknestykket i rapporten ser slik ut: I dag har Forsvaret 5000 offiserar. For å halde oppe den storleiken må det tilsetjast om lag 450 ferdig utdanna offiserar per år i fire år frå 2025, og deretter 300 per år dei neste ti åra. I langtidsplanen legg politikarane i tillegg opp til å auke talet på offiserar med om lag 500 fram mot 2028.

Utfordring

– Forsvaret har ei demografisk utfordring, seier Torbjørn Bongo.

Han er forbundsleiar i Noregs offisers- og spesialistforbund og godt kjend med problemstillinga.

– Kva er oppskrifta på å løyse problemet?

– Først og fremst å gjere det vi kan for å halde på dei folka vi har i 30- og 40-åra. For det andre må vi verte endå flinkare til å utdanne og rekruttere. Vi må fylle på i botnen og sikre at dei får rett kompetanse. Etter vår oppfatning har vi for liten kapasitet i utdanningane våre.

Treng tiltak

Ei rekkje ulike verkemiddel må kombinerast om den store trongen for offiserar skal fyllast, meiner ein av forskarane bak forsvarsanalysen, Kari Røren Strand.

– Forsvaret må svare på kor mykje kapasiteten kan aukast på skulane, men ein kan ikkje berre gjere dette. Ein kan også hente inn folk med sivil utdanning som kan ta eit militært påbygg på utdanninga. Ein kan også sjå på aldersgrensa og la nokre av offiserane stå lenger i jobb, seier ho.

Endringar i særaldersgrensa er altså eitt av fleire tiltak FFI-forskarane tilrår å innføre i rapporten. Solberg-regjeringa varsla at ho ville kome attende til Stortinget med framlegg om endringar då ho la fram langtidsplanen for forsvaret i 2020, men Stortinget kommenterte ikkje dette punktet då planen vart vedteken seinare same år.

Dag og Tid har spurt om regjeringa vil vurdere særaldersgrensa, men ikkje fått svar på dette før avisa skulle i trykken.

Kompetansesløsing

Om regjeringa vil heve aldersgrensa på 60, kan dei vente motstand blant tillitsvalde. I Noregs offisers- og spesialistforbund er dei meir interesserte i å gjere noko med aldersgrensa for ein del tilsette i operative stillingar, som er på 35 år. Dei som blir verande i Forsvaret til dei er 35, får ei sluttpakke med seg når dei går.

– Spørsmålet om å heve aldersgrensa frå 60 år har vore utgreidd tidlegare, men eg vil då peike på hovudgrunnen til at vi har særaldersgrensa. Ein kan neppe bidra i krigen til ein er 90 år gammal. Spørsmålet er kvar grensa går for når ein kan bidra, seier Bongo.

– Kanskje ikkje ved 90 år, men ved 65 eller 62?

– Enn så lenge meiner vi at grensa vi har, er fornuftig, og det skal eg underbyggje på den mest openberre måten. Ein del tilsette i Forsvaret får tilsetjing berre til dei er 35 år gamle. Då får dei ein bonus, og så vert dei tuppa ut. Vårt svar er å fjerne aldersgrensa på 35 og heller gje alle tilsetjing til dei er 60. 35-årsgrensa er sløsing med kompetanse.

Mindre erfaring

Alderssamansetjinga i Forsvaret kan også føre til at erfaringsnivået i Forsvaret kan gå ned.

– Det spesielle i Forsvaret er at ein kjem inn på botnen og får all utdanninga si i Forsvaret. Mykje av utdanninga er også erfaring undervegs. Ein kan få det problemet at tilsette står kortare i dei stillingane som skal gje erfaring. Erfaringsnivået kan gå ned som følgje av at ein må rykkje opp raskare, seier Strand i FFI.

Uro i Høgre

Ein som har merka seg reknestykka frå Forsvarets forskingsinstitutt, er stortingsrepresentant Hårek Elvenes (H). Onsdag denne veka stilte han spørsmål i Stortingets spørjetime om korleis forsvarsministeren vil følgje opp at krigsskulane har tilstrekkeleg kapasitet til å utdanne offiserar.

– Er du uroa?

– Ja, eg er uroa fordi tilstrekkeleg mange offiserar er ein føresetnad for å få den veksten ein planlegg for i Forsvaret, og for å få effekt av dei store investeringane som må gjerast i nytt materiell.

– Kva grep meiner du regjeringa bør ta?

– Ho bør sørgje for at utdanningskapasiteten på krigsskulane er stor nok til å oppnå den planlagde auken i talet på offiserar som langtidsplanen legg opp til fram mot 2028. Det inkluderer også tilstrekkeleg mange undervisningsstillingar. Elles vil det oppstå ein flaskehals.

– Bør regjeringa no sjå på aldersgrensa?

– Ja. Det er ulike typar stillingar i Forsvaret som ein utmerkt godt kan fungere i sjølv om ein har passert 60 år. Spesielt i lys av trongen for offiserar framover må ein stimulere til at offiserar held fram der det er praktisk mogleg og fornuftig å bruke befal med lang ansiennitet.

Nedbygging

– Alderssamansetjinga i Forsvaret må ha vore kjent ein stund. Kvifor tok ikkje de i Høgre grep om situasjonen medan de styrte?

– Det vi ser no, er jo effekten av at ein bygde ned Forsvaret kraftig etter den kalde krigen, og av at det vart uteksaminert færre frå krigsskulane frå 2000 og framover enn i 1980- og tidleg i 1990-åra. Gjeve at Forsvaret skulle hatt det nivået som ein såg for seg i 2010, var det ikkje openbert at auken i talet på offiserar skulle vere så høgt som det oppbygginga av Forsvaret no legg opp til.

– Men etter at Russland annekterte Krim i 2014, endra de vel synet på Forsvaret?

– Ja, men det Forsvaret som Solberg-regjeringa tok over i 2013, var nedkøyrt, med materiell som var på slutten av levetida si, og få reservedelar, lite ammunisjon og små drivstofflager. Det måtte prioriterast hardt. Ein måtte starte med å reparere grunnmuren for at Forsvaret skulle kunne verke. Men det som ligg inne i den siste langtidsplanen, er at det totale personellet skal aukast med totalt 5200. Det er teke grep, i fornuftig rekkjefølgje.

Den planlagde auken i personell er fordelt på 2200 nye årsverk og 3000 vernepliktige i Forsvaret innan utgangen av 2028.

Lovar styrking

Korleis vil regjeringa sikre at nok personell vert utdanna, i lys av reknestykka frå Forsvarets forskingsinstitutt?

Dag og Tid har sendt spørsmål til Forsvarsdepartementet og fått dette svaret:

«For å legge til rette for bemanningsveksten i langtidsplanen vert Forsvarets høgskule styrkt med fleire tilsette og tilhøyrande EBA-fasilitetar. Det er planlagt med økonomiske midlar til EBA-prosjekt, og at det vert lagt opp til ei styrking av Forsvarets høgskule med fleire tilsette i gjeldande periode (innan 2024) og vidare inn i neste periode (innan 2028). Eventuelle nye behov i Forsvaret vil bli diskuterte gjennom dei formelle budsjett- og styringsprosessane mellom etat og departement.»

EBA står for eigedom, bygg og anlegg.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Erfaringsnivået kan gå ned som følgje av at ein må rykkje opp raskare.

Kari Røren Strand, sjefforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis