JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

PolitikkSamfunn

Ein hær av uføretrygda

Noreg nyttar 5,5 prosent av verdiskapinga på fastlandet til helserelaterte ytingar for folk i arbeidsfør alder. Litt av desse pengane kunne gått til Forsvaret.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Før var det slik at nordmenn låg på Europa- og verdstoppen i arbeidsdeltaking. Slik er det ikkje lenger. Nesten éin av fem norske menn og kvinner mellom 16 og 67 står til kvar tid utanfor arbeidsmarknaden på ei eller anna yting.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

14491
20230519

Finansiering av Forsvaret

«Det som er ekstra urovekkjande, er at det no er om lag 100.000 personar mellom 18 og 30 år som korkje er i utdanning eller i arbeid. Det går feil veg, dette.»

DEL 2. TRYGD

For dei av oss som ynskte meir pengar til Forsvaret, var ikkje revidert statsbudsjett eit godt nyhende. Nett som spådd på denne plassen fleire gonger sidan statsbudsjettet for 2023 vart lagt fram, vart kranene no opna. Regjeringa aukar pengebruken med 56 milliardar og stangar i handlingsregeltaket.

Det er heller ikkje til å koma forbi at regjeringa i røynda bryt regelen. For meininga er at når norsk økonomi går for full kapasitet, som han no gjer, skal regjeringa nytta mindre enn 3 prosent av Oljefondet. Det burde også vera mogleg sidan den oppheta økonomien og inflasjonen gjer at skatteinntektene frå andre område enn olje og gass er rekordhøge, og staten samstundes tener tre gonger så mykje på straum som han normalt gjorde før kablane til Tyskland og England kom.

Ingen nye pengar

Og nei, Forsvaret får ikkje nye pengar å tala om i det reviderte statsbudsjettet. Men når regjering og storting har maksimalt høge skatteinntekter og nyttar maksimalt av det dei kan av Oljefondet, kvar skal pengane til Forsvaret då koma frå? Svaret, når alle andre vegar ser ut til å vera stengde, er at fleire menneske må koma i arbeid. Då vert kaka større og norsk økonomi betre.

Vi har mange å taka av, for å seia det slik. Før var det slik at nordmenn låg på Europa- og verdstoppen i arbeidsdeltaking. Slik er det ikkje lenger. På Island var 78,8 prosent av folket mellom 15 og 74 år ein del av arbeidsstyrken i 2021, i Sverige var det same talet 73,8. I Noreg er deltakinga komen ned i 66,5 prosent, seier OECD. Jau, arbeidsdeltakinga har auka etter at vi kom ut av pandemien, no ligg ho på 69,8 prosent, seier Statistisk sentralbyrå (SSB). Men det høyrer med i biletet at vi nordmenn arbeider kortare enn andre. Norsk kvinner har til dømes på eiga hand innført sekstimarsveka.

Innvandring har ein del å seia. Island, som har høgst arbeidsdeltaking, har hatt lite innvandring frå lågproduktive klanssamfunn. Sverige har hatt meir slik innvandring enn Noreg, og likevel ligg dei langt føre oss i arbeidsdeltaking. Ser vi på gruppa 25–64 år, seier OECD 89,1 prosent arbeidsdeltaking i Sverige, 84,2 i Noreg.

700.000 tapt

I Noreg har vi no 2,84 millionar menneske som er i arbeid. Men samstundes går det tapt nesten 700.000 årsverk, nesten éin av fem mellom 16 og 67 står til kvar tid utanfor arbeidsmarknaden på ei eller anna yting. Om vi seier at vi kunne få ut 300.000 årsverk ekstra av arbeidsstyrken, og samstundes seier at desse ekstra årsverka genererer 700.000 kroner i verdiskaping kvar, talar vi om 210 milliardar kroner. Grovt sagt vil det gje statskassa rundt 100 milliardar ekstra gjennom avgifter, inntektsskatt og arbeidsgjevaravgift.

Før revidert budsjett var summane som regjeringa hadde tenkt å nytta på helserelaterte trygder til folk i arbeidsfør alder, desse: 51, 8 milliardar på sjukepengar, 36,4 milliardar på arbeidsavklaringspengar eller mellombels uføretrygd og 118,1 milliardar på varig uføretrygd. Til saman går det med 206,3 milliardar i helserelaterte ytingar. 5,5 prosent av BNP på fastlandet går med til dette, mest i verda.

300.000 færre menneske på sjukepengar eller ulike typar uføretrygd ville kunne kutta budsjetta for helserelaterte ytingar med 70–80 milliardar i tillegg til dei 100 milliardane ekstra i auka skatteinngang – endå mykje meir om vi kutta i nivåa på ytingane. Vi snakkar truleg om 200 milliardar meir i statskassa om vi reformerte velferdsstaten på det same viset som dei har gjort i Sverige, eller for den del i Nederland.

Ikkje gjort over natta

Nei, ei reform av dei helserelaterte ytingane er ikkje gjord over natta, og pengane og ressursane som ei slik reform ville frigjera, kjem berre gradvis inn i statskassa og økonomien. Men det er også slik at vi kan vera trygge på at velferdsstaten kjem til å verta reformert. Vi kan ikkje over tid halda oss med ein mykje rausare velferdsstat enn absolutt alle andre statar.

Eit godt døme på at kutt i ytingar hjelper, er pensjonsreforma, som gjev oss incentiv til å stå lenger i arbeid. For kvart år ekstra du står i arbeid, får du ekstra pengar, og di tidlegare du går av, di mindre får du. Eg kan nytta meg sjølv som døme. Sidan eg byrja tidleg i arbeidslivet, kan eg gå av når eg vert 62 år. Kombinasjonen avtalefesta pensjon (AFP) og folketrygd gjev meg 295.000 kroner i året, ein sum som går ned til 279.000 når eg vert 67.

Ja, eg får litt ekstra gjennom jobbpensjon, men den summen er høgst usikker sidan det er innskotspensjon, som varierer med stoda i finansmarknaden. Eg har enkelt og greitt ikkje råd til å taka ut pensjon når eg vert 62, huslånet er altfor stort. Men arbeider eg derimot til eg er 67, får eg 400.000 frå folketrygda og AFP, ein sum som aukar til 488.000 om eg held ut til eg vert 70.

To år meir

Pensjonsreforma verkar gradvis, og ho råka i liten grad dei som no er pensjonistar. Men innanfor dei områda i privat sektor som er dekte av AFP, har reforma så langt ført til at folk i gjennomsnitt har utsett pensjonsalderen med nesten to år samanlikna med korleis stoda var før pensjonsreforma. Med revidert statsbudsjett vert rett nok pensjonsreforma svekt, sidan regjeringa Støre vil gje pensjonistane 8,2 prosent meir i pensjon og samstundes redusere skattane for dei som får lægst pensjon.

Poenget her er likevel at pensjonsreforma har verka, og om ho får halda fram med å verka, kjem ho truleg til å gje oss 200.000–300.000 årsverk vi elles ikkje ville ha hatt i år 2040. Svært mange som i det gamle systemet ville ha trekt seg ut av arbeidslivet, vel å verta verande, og det sjølv om dei er godt opp i åra.

Det er kanskje brutalt å seia det, men hadde det lønt seg meir å vera arbeidsfør, hadde fleire som i dag er sjukmelde eller uføretrygda, vore i arbeid. Noreg har verdas mest uføre folkesetnad av di vi har verdas rausaste sjuke- og uføreordningar.

100 prosent er feil

Det store problemet er 100 prosent sjukepengar frå dag éin. Folk hugsar det kanskje ikkje, men i februar 2010 la eit ekspertutval under leiing av professor i samfunnsmedisin Arnstein Mykletun fram ein rapport om det norske sjukefråværet. Då rapporten vart lagd fram, var sjukefråværet 6,14 prosent. I siste kvartal 2022 var talet 6,71 prosent.

Utvalet la fram ei rekkje reformforslag, til dømes at hovudregelen skulle vera gradert sjukmelding, og ein god del av framlegga vart freista gjennomførte, men som alltid på dette feltet fisla reformene ut. Før utvalet la fram rapporten, gav godt over 90 prosent av fastlækjarane automatisk sjukmelding når pasientane spurde, og det gjer fastlækjarane framleis. Absolutt alt av reformer, topartssamarbeid og tiltak for inkluderande arbeidsliv har resultert i ingenting på sjukmeldingsfronten.

Ja, så mislukka har reformene vore, at då ei forskargruppe såg på verksemder som i samarbeid med Nav skulle få ned talet på sjukmeldingar, og samanlikna desse verksemdene med verksemder som ikkje var ein del av avtalen om inkluderande arbeidsliv, var det fleire sjukmeldingar hjå dei som samarbeidde med Nav om eit inkluderande arbeidsliv. Vi fekk fleire byråkratar og fleire sjukmelde.

Halvparten før

Det vi veit, er at før vi fekk 100 prosent sjukepengar i 1977, var det samla norske sjukefråværet og uførenivået på om lag halvparten av dagens nivå, og det var ikkje skilnader å snakka om mellom menn og kvinner. No er det skilnad mellom menn og kvinner i alle samfunnslag, det vera seg hjå stortingsrepresentantar, dommarar eller hjelpepleiarar. Det er òg slik at kvinner utan born er meir sjukmelde enn kvinner med to born. 8,66 prosent av alle norske kvinner i arbeid var i fjerde kvartal 2022 sjukmelde, 5,22 prosent av mennene.

Mykletun-utvalet hadde eit eksplisitt forbod mot å fremja forslag om kutt i sjukeløna. Dei juksa litt, dei gjekk nemleg gjennom internasjonale tal og såg på forskinga på feltet. Deira utvitydige konklusjon var at reduksjon i ytingane ville føra til reduksjon i sjukmeldingar og påfylgjande uføretrygd. Dei fann at det var så enkelt som at 10 prosent reduksjon førte til 10 prosent lægre sjukmeldingar, 20 prosent reduksjon til 20 prosent færre sjukmeldingar, og 40 prosent ned med ytingar vart 40 prosent færre sjukmelde.

Alt på staten

I botnen av det heile ligg dessutan problemet med korleis vi i Noreg har valt å organisera velferdsytingane. Normalen elles i Europa er ikkje at staten gjennom folketrygd tek alt eller nesten alt av velferdsytingar. Andre land har private sjukekasser og private pensjonskasser.

Danmark, til dømes, reformerte pensjonssystemet for 30 år sidan. Der set arbeidsgjevar og arbeidstakar av om lag 20 prosent av bruttoinntekta i pensjonsfond. No har Danmark over to gonger BNP i oppsparte pensjonsmidlar, snart 9000 milliardar kroner. Staten gjev berre ein minstepensjon til alle.

På Island innførte dei fyrst pensjon for alle godt ut på 1970-talet på basis av privat pensjonssparing gjennom arbeidslivet. Til å byrja med var pensjonane elendige, men i dag er dei høge og gode og vert høgre og betre di lenger arbeidstakarane står i arbeid. Sjukepengar og uføretrygder er også på Island i stor grad organisert gjennom private kasser.

Private system har også den fordelen at innvandrarar i andre land ikkje får langt nær så mykje pengar som i Noreg, av di det ikkje har dei same rettane til pengar via staten. Dimed vert utgiftene til innvandring lægre, og innvandrarane har sterkare incitament til å arbeida.

Nederland

Det kanskje beste dømet på reformer via arbeidslivet er Nederland, som har makta å halvera helserelaterte ytingar i både privat og offentleg regi gjennom dei siste 20 åra. Alt på 1950-talet fann Nederland gass, og inntektsflaumen førte til det som vart kalla hollandsk sjuke. Nederland hadde som oss 100 prosent sjukepengar og høge uføreytingar, til dei ikkje lenger hadde råd til det.

I 2002 gjennomførte dei ei stor reform som kutta nivået på sjukepengar og endra portvaktarrolla. Dei skubba utgiftene over på næringslivet, som i byte fekk skattelette. SSB skildrar reforma slik: «Hovedpunktet i reformen er at det er bedriftslegene som skriver ut sykmelding, og at det er arbeidsgiver som har ansvar både for betaling av sykelønn og for oppfølgings- og integreringsarbeidet med dem som er sykmeldte.» Det er faktisk slik i Nederland at arbeidsgjevaren har rett til å oppsøkja den sjukemelde, som har plikt til å vera heime under sjukmeldinga og må melda frå om dei skal ut.

Før reforma hadde Nederland eit høgre sjukefråvær enn Noreg. I 2017, om vi samanliknar sjukefråvær på minst éi veke i dei to landa, låg Nederland omtrent på halvparten av det norske nivået. Island på si side hadde i 2017 vel to femtedelar av det norske sjukmeldingsnivået, og det sjølv om langt fleire islendingar, særleg eldre, arbeider enn nordmenn.

Norsk reform

Korleis kunne ei reform i Noreg ha sett ut om vi held oss til det offentlege systemet? I dag får arbeidsledige 62,4 prosent av løna dei hadde medan dei var i arbeid, avgrensa oppover til seks gonger grunnsummen i folketrygda. Det maksimale ein kan få, er altså 420.000 kroner. Ei harmonisering av ytingsnivå til 62,4 prosent kunne ha gjort mykje. Kvifor sjukmelde skal få så mykje meir enn arbeidslause, har aldri vorte heilt forklart av det politiske Noreg.

Skal vi tru Mykletun-utvalet, ville ein reduksjon i sjukepengane til nivået på arbeidsløysetrygd redusert sjukefråværet med rundt 40 prosent. Grovt rekna ville det ført til ei årleg innsparing i sjukepengar frå staten med omtrent 30 milliardar her og no, både ved at ytingane gjekk ned, og ved at færre vart sjukmelde. Det ville frigjort ein god sum til Forsvaret, men det er på lang sikt at ei slik reform verkeleg hadde hjelpt, ved at talet på personar som gjekk vidare ut i uføretrygd, ville vorte redusert.

Di lenger folk er borte frå arbeid, di vanskelegare er det å få dei attende i arbeid. Vert ein verande sjukmeld i den maksimale perioden, eitt år, er sjansen for å koma attende i arbeid lægre enn risikoen for å verta varig uføretrygda. Vi ser også at arbeidstakarar er fullt ut klare over at sjukepengane er mykje betre enn arbeidsløysetrygda. Når ei verksemd står i fare for gjennomføra permitteringar eller oppseiingar, går sjukmeldingsfrekvensen opp før varsla vert sendt ut.

75 milliardar meir

Det er ikkje urimeleg å rekna med at ei reform som gjev same nivå på sjukepengar, uføretrygd og arbeidsløysetrygd, ville kunne føra til at ein tredjedel av dei som vert mellombels eller varig uføretrygda med dagens system, ikkje vert det under eit reformert system. Dette vil skje sjølv om vi ikkje kuttar i ytingane til dei som alt er uføretrygda; vi kunne avgrensa reforma til dei som framleis er i arbeidslivet eller på veg inn.

Staten kunne då etter kvart ha spart inn rundt 75 milliardar 2023-kroner i tiåra framover, og i tillegg fått eit mykje høgre BNP å skattleggja. Det som er ekstra urovekkjande, er at det no er om lag 100.000 personar mellom 18 og 30 år som korkje er i utdanning eller i arbeid. Det går feil veg, dette.

Det vi i alle høve har lært av det reviderte statsbudsjettet, er at staten no «maksar ut» oljepengebruken, og samstundes har både Støre og Vedum varsla at dei har nådd skattetaket. Det einaste som då kan gje staten ei større kake å fordele, og eit ekstra kakestykke til Forsvaret, er fleire menneske i arbeid.

Det vi også kan vera sikre på, er at ein eller annan gong der framme får både vi ei ny reform av alderspensjonane, som framleis er for høge for slike som meg, og reformer av sjukepengenivået og uførenivået.

Når vi veit at slik reformer må koma, ville det vel faktisk vera ein ide å gjennomføra dei med ein gong. Som Gudmund Hernes i Morgenbladet førre veke skreiv om kva Gro Harlem Brundtland sa på regjeringskonferansane når ho fekk høyre om ei vanskeleg sak ministrane ikkje ville taka i: «Er saken vanskelig, tar vi den med en gang!»

Jon Hustad er journalist i Dag og Tid.

Artikkelen vart oppdatert måndag 22. mai kl. 10.40.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Di lenger folk er borte frå arbeid, di vanskelegare er det å få dei attende i arbeid.

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis