JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Pengeflyktningar

Det er nokså lønsamt for både pensjonistar og rike å flytta frå Noreg. Om det er eit problem, kjem an på augo som ser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjell Inge Røkke har mykje å gle seg over. Biletet er frå eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Bodø/Glimt på Aker Stadion, og Molde vann. No  flyttar Røkke til Sveits og kuttar skatterekninga si monaleg.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

13953
20221125

Skatteflukt

Så langt i år har 22 rike nordmenn flytta til Sveits. Det er fire gonger så mange som normalt.

Sveits tilbyr rike stor skattefridom.

I Portugal får tilflyttande pensjonistar skattefridom i ti år.

Utflytting

jon@dagogtid

Dette er ein artikkel om ulike skattesystem i ulike land. Dimed vert ikkje dette ein altfor nøyaktig artikkel. Skatt er komplisert. Det er difor vi har så mange og dyre skatteadvokatar. Kortsvaret på om det er lønsamt for folk med pengar å flytta frå Noreg, er «ja, absolutt». Til og med for eldre med vanlege pensjonar kan det vera særs lønsamt å fara til EUs sørlege strender. Men hugs altså at dette er ein breitt sveipande artikkel og ikkje ei oppskrift på korleis du fer fram om du vil flytta frå Noreg.

Svaret på korleis du tenkjer om du vert spurd om korleis ein bør innføra eller endre skattar, brått her og no, eller med planlegging og varsling god tid på førehand, seier noko om kvar du står politisk og kva du meiner fører til velstand og velferd for flest mogleg. Du eller eg tenkjer kanskje ikkje så mykje over slike tema, men det gjer dei med pengar. Dei har vorte frustrerte og flytter frå landet i ein skala vi aldri har sett før.

Ikkje bra

For å forstå kvifor så mange no vel å flytta frå Noreg, lyt vi sjå litt på historia. Bråe og tilfeldige skattar – eller arbitrære skattar, som det heiter – er noko økonomiske historikarar av den såkalla institusjonelle skulen ikkje liker. Det er ikkje få bøker om kvifor England vart det fyrste landet i verda med stabilt høg økonomisk vekst som startar med Magna Carta og 1215. Då vart Johan utan land tvinga til å gje frå seg retten til når som helst å krevja inn så mange og høge skattar han berre ville.

Etter Magna Carta kunne frie menn rekna med å få behalda store delar av inntektene og til og med på førehand vera med på å avgjera kva skattane skulle vera og gå til. No var det i og for seg ikkje alltid slik dette systemet skulle koma til å fungera i hundreåra framover, men tanken om føreseielege og nokolunde stabile skattar og samfunn var sådd.

Ikkje så brått

Slik vil ikkje alltid det norske Finansdepartementet lenger tenkja. Ja, det norske skattesystemet har vore føreseieleg og breitt forankra i mange år. Den store og særs vellukka skattereforma av 1992 som reduserte marginalskattane på både skatt og kapital sterkt, var på førehand utgreidd i det vide og det breie og vedteke med støtte frå alle partia på Stortinget.

At alle partia på Stortinget skulle støtta ei så kapitalvenleg skattereform i dag, er heilt utenkjeleg.

Eit av hovudgrepa var å gjera utbyte til aksjonærar skattefrie. Du skulle betala 28 prosent på overskot og 28 prosent på vinst ved sal av eigardelar, men ingenting på utbyte. Men etter kvart vart det mange som kritiserte at dei kapitalrike ikkje betalte like mykje skatt på høge inntekter som til dømes lønsmottakar. Dessutan førte truleg manglande utbyteskatt til større forskjellar mellom dei rikaste og resten av oss.

Lånte attende

I 2006 vart utbyteskatte ført inn att. Men kva gjorde Stortinget og Finansdepartementet på førehand? Dei utgreidde utbyteskatten i det vide og det breie og varsla to år på førehand at utbyteskatten kom. Dei rike tilpassa seg straks. Dei tok ut enorme utbyte frå verksemdene dei eigde i 2004 og 2005. Desse pengane lånte dei straks attende til verksemdene eller holdingselskap dei sjølv kontrollerte.

I mange år etterpå har så eigarane ikkje fått direkte personleg utbyte frå verksemdene, men tilbakebetaling i form av avdrag. Då slapp dei utbyteskatt. Kjell Inge Røkke tok ikkje ut skattepliktig utbyte før i 2020 og stod i 15 år før utan inntekt i skattelistene og har likevel hatt pengar til å betala formuesskatt. Han har tilsynelatande levd eit godt liv i alle desse åra utan inntekt og samstundes skrytt av Ap og det norske skattesystemet.

Men frå 2020 var det ikkje meir gamle pengar å henta ut for Røkke. Og i år, har Finansavisen rekna seg fram til, stod Røkke framfor ei skatterekning på 612 millionar kroner. Neste år, om framlegget til statsbudsjett vert vedteke, kjem skatterekninga til å verta endå mykje høgre.

Praia da Rocha i Portimão på Algarvekysten i Portugal har eit skattesystem som lokkar norske pensjonistar. Vêret er heller ikkje verst.

Foto: Steven Fruitsmaak / Wikimedia Commons

Planlagd bort

Kva vart resultatet av at dei rikaste vart varsla to år på førehand om utbyteskatt frå 2006 av? At dei rike i mange år kunne planleggja seg bort frå den nye utbyteskatten. Kva gjorde regjeringa då dei i framlegg til statsbudsjett den 6. oktober varsla endå høgre utbyteskatt? Dei varsla at auken skulle verta gjeldande frå 6. oktober av, og ikkje frå 1. januar av, som har vore kutymen om skatteauke i alle år. Auka grunnrenteskatt på straumproduksjon varsla dei vart gjeldande frå 1. januar 2022, og ikkje frå 1. januar 2023. Her tek staten pengane før nokon kan seia «skatteplanlegging».

Finansdepartementet har lært at visse skattar må innførast på dagen om dei skal få tak i alle pengane dei vil ha. Men den type skatteinnføringar liker korkje institusjonelle historikarar eller rikingar. Dei rikaste mellom oss har no lært at nye skattar og skatteauke kan koma over natta.

Får litt frå Røkke

Men det er ikkje slik at staten får null i utbyteskatt frå Røkke sjølv om han har flytta. I år har utbyteskatten i Noreg vore 35,2 prosent. Frå 6. oktober vart han 37,8 prosent. Av utbyteskatt som går til utlandet frå Noreg, tek vi ein såkalla kjeldeskatt på 15 prosent. Vi har skatteavtaler med andre land som regulerer slikt. Men i dei fleste land vi har skatteavtale med, kjem kjeldeskatt til frådrag på skatten i det landet skattemotakaren er. Røkke skal neppe betala mykje i utbyteskatt i framtida.

Kva skatt Røkke og dei andre rikingane må betala i Sveits, veit vi rett nok ikkje. Rike utlendingar forhandlar individuelt om kva dei skal betala. Sveits ynskjer å tiltrekkja seg dei rikaste. Styresmaktene meiner dei berre ved å vera der gjer landet rikare. Rike har det med å investera og nytta pengar der dei bur, er den sveitsiske haldninga.

Skattefritak

Utbyteskatten som kom i 2006, var på 28 prosent, men han var ikkje så brutal som det høyrest ut som. For samstundes vart fritaksmodellen på basis av det såkalla kontinuitetsprinsippet innført. Du slapp å betale utbyteskatt det året du fekk utbyte, så sant du ikkje tok ut utbytet på personleg hand. Rike har holdingselskap. Vanlege folk har aksjefond og etter kvart noko som heiter aksjekonto. Det inneber at du får halda på utbytepengane og reinvestera dei kvart år. Kapitalinntekt er ikkje som lønsinntekt som du må betala kvart år.

Ja, skatterekninga byrjar å gå frå den dagen du investerer, kontinuitetsprinsippet, men pengane vert fyrst skattlagde det året du tek dei ut på personleg hand. I alle åra frå du investerer, til du tek ut pengane til deg sjølv, står dei der og forrentar seg.

Formuesskatt

Men formuesskatten er personleg, han kan du ikkje utsetja. Dimed må dei som har høg formue, taka ut stadig meir utbyte for å betala ein no stadig aukande formuesskatt, og samstundes møta ein stadig høgre utbyteskatt. Regjeringa tvingar dimed dei med formue til å redusera formuen for å betala formuesskatt.

Men utlendingar betaler ikkje formuesskatt og slepp dimed å taka ut utbyte, og om dei gjer det, møter dei altså berre 15 prosent i kjeldeskatt, som dei ofte får refundert av det landet dei bur i. Slikt motiverer til utflytting, ser det ut som.

Meir viktig

Det er det eine. Men noko truleg mykje viktigare i denne samanhengen: Om du flytter frå Noreg og held deg vekke frå Noreg i fem år, stoggar kontinuitetsprinsippet. Den oppmagasinerte skatterekninga på alt du har tent i Noreg, vert i praksis borte. Du kan selja alt du har, utan å få kapital- eller utbytteskatt, eller du kan flytta litt rundt på det du eig, og skatteplanleggja litt. Vips, så er pengane som staten skulle ha frå deg, på nytt dine eigne.

Om fem år kan Røkke dimed koma heim til Noreg med all kapitalen sin, og alle skatterekningar er borte. For å seia det igjen: Pengane han var skuldig den norske staten, er no fullt og heilt hans eigne.

Men kva arbeider regjeringa på høgtrykk med, seier rykta og alle skatteadvokatar? Ho arbeider med ein exitskatt, ein utflyttarskatt. Det vil seia at SV får viljen sin. Dei har ope kravd at ein må betala alle latente skatterekningar i Noreg om ein flytter ut av landet. Opparbeidd kapital- og utbyteskatt, alle vinstar du har skaffa deg, vert skattlagde fullt ut om du flytter. Dette gjev sjølvsagt folk hastverk. Men pengane til Røkke er det i alle høve for seint å få tak i.

Meir til borna

Vent, det er meir. Også dei rike tenkjer på borna sine. Erna Solberg og Siv Jensen avvikla arveavgifta, som rett nok berre var på 10 prosent. Det fine med arveavgifta var at arvingane fekk starta på ny. Du betalte 10 prosent og fekk behalda 90 prosent av vinsten i det dei du hadde arva, hadde investert i, og 90 prosent av sjølve investeringa.

Regjeringa Solberg erstatta arveavgifta med kontinuitetsprinsippet. I Noreg overtek du no skatteposisjonen til den du arvar. Kjøpte mor di aksjar for 10 millionar i 1980, aksjar som i dag er verde 110 millionar, og du arvar henne og sel aksjane, må du betala 35,2 prosent på vinsten, over 35 millionar.

Men har mor i mellomtida flytta til – ja – Sveits, skjer det noko magisk. Du arvar ikkje skatteposisjonen til utlendingar. Bur foreldra dine i utlandet, kan du få både aksjar og hus, og du må ikkje betala ei krone i skatt om du sel. Og sel du ikkje, startar den norske skatteklokka frå år null igjen.

Auka arv

Og det ekstra fine for arvingar er at skatt som foreldra unngår ved å flytta frå Noreg, er skatt foreldra kan reinvestera, og slik vert dei endå rikare, som gjer at du vert rikare. Det som er endå betre, er at dette neppe kan endrast. Arv frå utlandet, seier skatteavtalane Noreg har inngått, vert regulert av det landet du arvar frå.

Om Røkke ikkje kjem heim, får borna hans her heime mykje meir pengar enn dei truleg ville ha fått om han vart verande, og dessutan må dei ikkje betala nokon skatt om dei vel å selja farens del av Aker.

Gjer det noko for oss andre at rikingane flytter? Vel, det gjer noko for til dømes kommunane dei budde i. Asker taper vel rundt 200 millionar neste år på at Røkke flytter, staten mykje meir. Men det store svaret på om det gjer noko om rikingane flytter frå landet, handlar mykje om tru.

Friksjonslaust

Om ein trur at kapital flyt fritt og friksjonslaust over landegrensene, trur ein også at investeringar som gjev god avkasting, alltid får tak i kapital. Ja, gode investeringar gjer eit samfunnet rikare, men det er ikkje farleg om rikingane med pengane forsvinn. Dei gode norske gründerane og ideane får pengar sidan pengar alltid flyt dit dei får best betalt, og Noreg vert dimed kontinuerleg omstilt og rikare.

Om du derimot, som Sveits, trur at rike investerer der dei bur, vel, så har kan henda norsk omstilling eit problem. Det har også dei som ynskjer nasjonalt eigarskap. Det er moglegvis eit paradoks at eit parti som Sp som heile tida snakkar om å halda norsk næringsliv på norske hender, stadig gjer det billigare for utlendingar å eiga stadig meir av norsk næringsliv samanlikna med nordmenn som må betala meir for å eiga.

Innovasjon?

Men det er til sjuande og sist eit faktum at Noreg ikkje treng å taka så mykje omsyn til rikingar som hevdar dei finansierer norsk omstilling, slik at vi vinn stadig nye eksportmarknader.

Ja, internasjonal konkurranse handlar om stadig omstilling og utvikling for slik å kunne eksportera meir og meir avanserte produkt. Men det gjeld berre til ei viss grad for Noreg. Det er utlandet som må driva med permanent omstilling for å få tak i internasjonal valuta, som dei til dømes må nytta på olje, fisk og produkt frå energikrevjande industri. Der er ikkje vi.

Acer overlever nok

Noreg har meir olje og gass og oppdrettslaks og kraft enn noko anna land i Europa. Staten får inn enorme grunnrenteskatteinntekter og har dessutan Oljefondet som gjev ekstreme valutainntekter. Korkje oljen eller fisken eller fossane dreg sin veg. I møte med eldrebylgja er det dessutan ikkje fleire som arbeider i konkurranseutsett sektor vi treng, men færre.

Det meste av norsk ferdigvareproduksjon har for lenge sidan vorte tvinga ut av landet. No gjer vi det same med rikingane. Men meiner Røkke at Aker har framtida føre seg, kjem han nok til å gjennomføra nokre videokonferansar frå Sveits. Og no når han ikkje treng å taka så myke utbyte, har han meir pengar å investera i til dømes Aker BP.

Til sjuande og sist er vel spørsmålet om det er greitt at dei rike flytter eller ikkje, eit ideologisk spørsmål. Det som er sikkert, er at vi ikkje kan hindra dei å taka med seg kapital til utlandet. EØS krev fri flyt av kapital. Prøver Noreg å innføra ein utflyttarskatt, vert vel også ein slik skatt ein del av ordskiftet om kva som er mogleg innanfor EU-regelverket og ikkje.

Portugal

Kva med oss andre som vil vekk frå den norske skattebøra? Vel, har du grei pensjon, kan Portugal vera eit alternativ. Dei er eit slags Fattig-Sveits. For å lokka til seg rike pensjonistar innførte dei for nokre år sidan ei ordning med nullskatt i ti år om du flytta til Portugal etter å ha gått av. Portugal er medlem av EU, og nordmenn har gjennom EØS rett til alle offentlege tenester.

Inntil i fjor kravde skattevesenet her heime 15 prosent kjeldeskatt på all pensjon som vart utbetalt til nordmenn i Portugal, men så kom Skatteklagenemnda til at dette var ulovleg etter skatteavtalen med Portugal. Staten har rett til å krevja 15 prosent på den statlege grunnpensjonen, som er cirka 100.000 kroner, resten er skattefritt.

Har du litt formue, gjeld dei same reglane for deg som pensjonist som for Røkke i Sveits. Du kan realisera alt du har i formue skattefritt, og så flytta heim etter nokre år og på ny melda deg inn i folketrygda, rett før du har trong for sjukeheimsplass, til dømes. Men det går sikkert an å leva i Portugal òg.

Pengane til Røkke er det i alle høve for seint å få tak i.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Er overvaking prisen vi må betale for eit trygt samfunn?

Foto: The Right Frame Media / Shutterstock

Samfunn
PernilleGrøndal

E-tenesta ser deg

Kor langt kan E-tenesta gå i å overvake den elektroniske kommunikasjonen vår? Det får vi kanskje svar på denne våren.

Sveinung Lindaas har gått ut av styret i Dag og Tid.

Foto: Tiril Rem

Samfunn

Takk til Sveinung

Sveinung Lindaas går av som styreleiar i Dag og Tid etter 11 år som leiar og 17 år som nestleiar før det att.

Svein Gjerdåker

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis