Paven som visste og tagde
Dokument frå Vatikanet syner at pave Pius XII alt i 1942 var godt informert om jødeforfylgingane. Han var systematisk unnfallande, og dokument vart undertrykte.
Pave Pius XII talar til menn, kvinner og soldatar i Roma 15. oktober 1943, på synfaring etter eit amerikansk bombeåtak.
Foto: AP / NTB scanpix
Hausten 1942 stod Nazi-Tyskland på høgda av makta si. Stalingrad var enno ikkje tapt. Hitler hadde god grunn til å tru han skulle erobre verdsmakta.
I utkanten av Europa fekk vesle Noreg kjenne den kalde nazihanda. Den 26. november det året vart 529 jødar sende til gasskammera med DS «Donau» frå Vippetangen. Samla vart 773 jødar deporterte i Noreg. Berre 35 kom att.
Lagnadstungt brev
Seinsumaren 1942 vart eit brev sendt frå Jewish Agency for Palestine i Genève til det amerikanske utanriksdepartementet. Den 27. september landa det på bordet til pave Pius XII. Eugenio Pacelli, som han heitte i det sivile, levde frå 1876 til 1958. I 1942 var han i det tredje år i pontifikatet sitt som heilag far og overhovud for den største kristne kyrkja i verda, den romersk-katolske.
Fire veker før vart dette brevet sendt til Washington frå Genève. Innhaldet var så sjokkerande at utanriksdepartementet bestemte seg for å informere Roma. Brevet hadde denne ordlyden:
«Likvideringa av Warszawa-gettoen er i full gang. Utan nokon skilnader, utan omsyn til alder og kjønn, vert grupper av jødar førte bort og skotne. Lika vert brukte til å lage feitt og knoklane til gjødsel. Masseavrettingane går ikkje føre seg i Warszawa, men i særskilde leirar bygde for det føremålet. Ein av dei ligg i Belzek (…) sist månad er det myrda 50.000 jødar i Lemberg (dagens Lviv). Ifylgje nokre rapportar er 100.000 menneske nedslakta i Warszawa. I heile Aust-Polen og i dei russisk-okkuperte områda finst det ikkje jødar i live i det heile.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.