JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Paven som visste og tagde

Dokument frå Vatikanet syner at pave Pius XII alt i 1942 var godt informert om jødeforfylgingane. Han var systematisk unnfallande, og dokument vart undertrykte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Pave Pius XII talar til menn, kvinner og soldatar i Roma 15. oktober 1943, på synfaring etter eit amerikansk bombeåtak.

Foto: AP / NTB scanpix

10839
20200911
10839
20200911

Hausten 1942 stod Nazi-Tyskland på høgda av makta si. Stalingrad var enno ikkje tapt. Hitler hadde god grunn til å tru han skulle erobre verdsmakta.

I utkanten av Europa fekk vesle Noreg kjenne den kalde nazihanda. Den 26. november det året vart 529 jødar sende til gasskammera med DS «Donau» frå Vippetangen. Samla vart 773 jødar deporterte i Noreg. Berre 35 kom att.

Lagnadstungt brev

Seinsumaren 1942 vart eit brev sendt frå Jewish Agency for Palestine i Genève til det amerikanske utanriksdepartementet. Den 27. september landa det på bordet til pave Pius XII. Eugenio Pacelli, som han heitte i det sivile, levde frå 1876 til 1958. I 1942 var han i det tredje år i pontifikatet sitt som heilag far og overhovud for den største kristne kyrkja i verda, den romersk-katolske.

Fire veker før vart dette brevet sendt til Washington frå Genève. Innhaldet var så sjokkerande at utanriksdepartementet bestemte seg for å informere Roma. Brevet hadde denne ordlyden:

«Likvideringa av Warszawa-gettoen er i full gang. Utan nokon skilnader, utan omsyn til alder og kjønn, vert grupper av jødar førte bort og skotne. Lika vert brukte til å lage feitt og knoklane til gjødsel. Masseavrettingane går ikkje føre seg i Warszawa, men i særskilde leirar bygde for det føremålet. Ein av dei ligg i Belzek (…) sist månad er det myrda 50.000 jødar i Lemberg (dagens Lviv). Ifylgje nokre rapportar er 100.000 menneske nedslakta i Warszawa. I heile Aust-Polen og i dei russisk-okkuperte områda finst det ikkje jødar i live i det heile.»

Denne sjokkrapporten vart overlevert personleg av USAs sendemann til Vatikanet, Myron Ch. Taylor, til pavens høgre hand, kardinalstatssekretær Luigi Maglione. Vi veit at paven fekk rapporten på bordet same dag og las han.

Viktig hending

Eit av dei store spørsmåla i holocaustforskinga er kva Vatikanet og pave Pius XII, som var pave frå 1939 til 1958, visste om drapa på jødane i samtida. Difor var det ei særs viktig hending 2. mars i år då Vatikanet offentleggjorde arkivet etter Pius XII, 300.000–400.000 dokument, brev og papir på til saman 16 millionar sider. Eigenleg skulle ikkje arkivet opnast før i 2028, 70 år etter pavens død, men stort press frå historikarar og andre har framskunda offentleggjeringa.

Historikarar har enno ikkje fått gått igjennom dette arkivet, men sentrale delar av innhaldet er no i ferd med å verte kjende. Die Zeit sende med ein gong eit team til Vatikanstaten, under leiing av kyrkjehistorikaren Hubert Wolf, og publiserte dei fyrste funna i ein artikkel 23. april. Og 27. august hadde David I. Kertzer ein stor artikkel i det amerikanske bladet The Atlantic om funna i arkiva. Kertzer er blant anna forfattar av boka The Pope and Mussolini.

Kom ikkje

Lat oss gå til morgonen den 16. oktober 1943: Ein SS-bataljon gjekk inn i Romas jødiske getto i nærleiken av Vatikanet og tok til fange 1259 jødar. Paven vart omgåande underretta, men viste seg ikkje, sende berre inn ein protest til den tyske sendemannen til Den heilage stolen, Ernst v. Weizsäcker (far til den seinare tyske forbundspresidenten Richard von Weizsäcker).

Det førte ikkje til noko. Først etter at deportasjonane var fullførte, opna Pius XII kyrkjene i heile Italia for kyrkjeasyl for dei forfølgde jødane. Kvifor denne togna?

Dei som har levd ei stund, vil hugse skodespelet til den tyske dramatikaren Rolf Hochhuth (1931–2020), Der Stellvertreter («Stedfortrederen», 1964). Eg såg sjølv teaterstykket hausten 1965 og vart skaka.

Essensen i stykket er den passiviteten som mannen på Peters stol la for dagen i møte med Hitlers massemord. Hochhuth stilte alle dei forferdelege spørsmåla: Kva visste Pius? Kva tid visste han det? Handla han? Kva tid handla han? Vi veit at paven mottok ei rekkje bøner frå jødar som bad om at det vart gripe inn (sjå undersaka). Etter opninga av arkiva i mars er desse bønene og rapportane frå katolske geistlege i aust no blitt kjende.

Kva kunne Pius ha gjort? Kva gjorde han? Ville det ha ført til noko i eit system som det nazistiske? Kunne protestar tvert om ha ført til verre tilhøve? Kunne Pius ha risikert at SS tok over heile Vatikanet? Kva vurderingar er det legitimt å vente seg i ein slik tvangssituasjon? Finst det høgre etiske krav til ein pave som ser seg sjølv som Guds sendemann på jorda og personlegdomen av Hans meining med oss? Eller er dette urimeleg? Har ikkje den katolske kyrkja sjølv skapt si eiga moralske fallhøgd?

Bitter debatt

Debatten etter krigen har i alle år vore uvanleg bitter, i ein atmosfære av mistankar om at pavestolen sensurerte bort pinlege dokument frå arkivet. Gong på gong er det kome åtak frå historikarhald om at det som vart tilgjengeleg av arkiv, ikkje avdekte alt. Tittelen på John Cornwells bok Hitler’s Pope: The Secret History of Pius XII (1999) er representativ for Hochhuth-tradisjonen.

Cornwell skriv at Pius var antisemittisk og lét politikken sin om sentralisering av pavemakta gå føre motstanden mot Hitler. Derav Das Reichskonkordat, som han inngjekk med Hitler i 1934 som paveleg nuncio (ambassadør) i Berlin. Det nøytraliserte tysk-katolsk skepsis mot NSDAP og sementerte naziregimet i ein fase då Hitler var sårbar.

Frå katolsk hald har kritikken mot Cornwell vore massiv. Han vart kalla mytemakar, og Pius XII vert sett på som ein som berga jødane så godt han kunne i den situasjonen han var i – ofte i det stille.

Visste

No er ein ny fase i dette ordskiftet i gang. Det fanst ikkje prov på at Pius kjende til det som skjedde med jødane – før no. Arkiva var avstengde, til som sagt mars i år. Både i The Atlantic 28. august og i Die Zeit 23. april i år står konklusjonen som ikkje er til å kome frå: Alt i 1942 kjende Pius til detaljar om utryddinga. Og han veik unna aksjon. Han ville ikkje bli slått i hartkorn med amerikansk motstand mot holocaust. Grunngjevinga var at det kunne få Hitler til å skru opp talet på drap. Men sanninga er nok heller institusjonell overleving – og ikkje så lite antijødiske fordomar.

Både Kertzer og Die Zeit forklarer fråværet av handlingar med antisemittisme. Dokumenta som no er komne for dagen, er fylte med antisemittisk sjargong. Rådgjevarane til Pius rådde han til å halde seg taus eller tale i generelle vendingar, trass i ynske frå rabbinarar som oppsøkte han for å få hjelp frå Den heilage stolen. Det gjaldt «ikkje å vise for mykje sympati med jødane». Og aldri noko skriftleg frå møta. Å seie at den heilage far er eit skinnande moralsk førebilete, ville vere ei overdriving.

Washington

I brevet frå Jewish Agency kunne paven lese om folkemordet på jødane, ikkje berre i Polen, men også i Tyskland, Belgia, Holland, Slovakia (der ein katolsk prest, Tiso, var führer) og Frankrike. Memorandumet inneheldt også opplysingar om at nazistane i det katolske Polen hadde lukkast i å vende katolsk opinion mot jødane.

Washington vende seg til Vatikanet for å få hjelp med å protestere mot drapa. Kunne paven stadfeste denne informasjonen? Hadde den heilage far idear om korleis det siviliserte Europa kunne hindre eit «framhald av desse barbariske handlingane», spurde den amerikanske utanriksleiinga.

At saligkåringa av Pius har teke så lang tid, er nok symptom på den tvilen som har rådd om pontifikatet hans. Dei som vil setje fart i prosessen fram mot Pacellis opphøgde status, omtalar især julepreika hans i 1942. Der talar paven om dei «hundretusenvis» som på grunn av «avstamming og nasjonalitet står andsynes døden».

Men jødane vert ikkje nemnde eksplisitt. Kritikarane seier difor at paven gjer seg skuldig i vage formuleringar som knapt kan seiast å stette dei moralske forventningane som embetet hans innbyr til – og som er katolsk sjølvforståing. Pius kunne ha medverka til ein proteststorm mot drapa, men lèt vere.

Den polske eksilregjeringa i London gav ut ei kvitbok om massemorda hausten 1942 og tok initiativ til ei sams alliert erklæring med åtvaring. Vatikanet vart bode inn til å underteikne, men avslo. Erklæringa vart offentleg 17. desember 1942.

Dei nyoppdaga dokumenta syner at paven hadde tilgang til kunnskap om drapa i aust. Ein italiensk forretningsmann, Malvezzi i Genève, skreiv direkte til pavens sekretær Giovanni Montini, den seinare pave Paul VI. Datoen var 30. september 1942, og Malvezzi skreiv detaljert om «blodbada» som jødane var offer for i Polen.

Den katolske erkebiskopen i Lemberg, Andrej Szeptyrzkyj, sende i slutten av august i 1942 detaljerte skildringar til Pius XII om overgrepa. Dei var verre enn under det bolsjevikiske regimet, sa han. Berre i Kiev var 130.000 menneske blitt offer for dette «diabolske» styret.

Sanninga

Pius’ forvararar viser til dei elleve banda med aktstykke som Vatikanet gav ut mellom 1965 og 1981 om det pavelege diplomatiet under andre verdskrigen – 10.000 sider. Då Johannes Paul II sette ned ein kommisjon til det heilage året 2000, førte det til kritikk mot at omfanget var for lite. Dei jødiske historikarane forlét då også kommisjonen.

No står det att mykje arbeid å få den endelege domen. Men berre på grunnlag av det som Zeit-teamet og Kertzer har oppdaga, er konklusjonen utvitydig: Sanninga om Pius XII er langt meir ubehageleg enn vi har skjøna til no.

Sjølv i denne forkorta utgåva av aktene som vart offentlege i 1965, er ikkje brevet frå Genève med. Kvifor? Det er fyrst no Zeit-teamet har funne det, og i tillegg kjem det fram moment frå den interne diskusjonen etter at paven hadde lese brevet i 1942. Maglione sette eit notat på brevet til paven: «Eg trur ikkje at vi har til rådvelde informasjon som kan stadfeste desse tungtvegande nyhenda.» Og han føyer til for paven: «Er det ikkje slik?»

Magliones notat fekk ein annan reaksjon innanfrå. Vatikanets sekretariat heldt seg nemleg ikkje for god til å kome med klassiske antisemittiske fordomar. Er det ikkje alltid slik at jødar overdriv, heiter det i eit av notata. Dette ligg no ope. Pavestaten hadde nuncios i alle europeiske land. Dei var fyrstehandsinformert.

Her kjem vi til eit kjernepunkt. Alle pavar vil handle ut frå maksimen «alltid handle slik at du vernar om integriteten til presteskapet. Alltid handle slik at du held oppe kyrkjas ubrotne kontakt med dei truande, si eiga makt». Alle konkordat med diktatur, med Mussolini i 1926 og Hitler i 1934, er stadfesting av denne lina. Om det er naudsynleg å inngå allianse med djevelen, so be it.

Kyrkja var alltid meir redd for det raude diktaturet enn for det brune. Det forklarar ein del av Pacellis handlemåte. Og det var alltid viktigare å slå ring kring kyrkjas overleving enn å berge jødar.

Bernt Hagtvet er professor i statsvitskap ved Bjørknes Høyskole i Oslo og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Dei nyoppdaga dokumenta syner at paven hadde tilgang til kunnskap om drapa i aust.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Med den lange stjerten har erla umiskjenneleg kroppsform og ein særeigen måte å gå på.

Foto: Naïd Mubalegh

DyrFeature

Linerla – løyndomsfull kjenning

Om våren og sommaren vert linerla sett mange plassar, gjerne i nærleiken av menneske, frå byar til stølar, og ho kan finne på å byggje reir i eit svimlande utal habitat.

Naïd Mubalegh

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature
Ida Lødemel Tvedt

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Utvalsleiar Line Eldring leverer NOU-rapporten om EØS-avtalen til utanriksminister Espen Barth Eide (Ap).

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Olav Garfors

Kva er alternativet til EØS-medlemskap?

Vetle Bergan og Preben Hodneland som sønene.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Eit ikkje heilt vellukka meistermøte

Å setje saman det fremste vi har av dramatikk og regi, treng ikkje gi det beste resultatet.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis