Reportasje

Øydemarksprofeten

Sjølv om Lars Levi Læstadius har gjeve namn til ei konservativ religiøs rørsle, sluttar han ikkje å fascinere som radikal reformator og allsidig vitskapsmann.
  

Minnesmerke ved prestegarden i Pajala
Publisert Sist oppdatert

I den fyrste preika si som prost i Pajala i 1849 tala Læstadius over nokre vers i Matteus, der himmelriket blir samanlikna med ei not, og fiskarane sjølvsagt held på den gode fisken, men kastar ufisken.

Det var likt Læstadius å nytte kvardagsnære bilete – folket ved Torneelva og Kengisfossen var vane med å fiske. Men ufisken ana uråd, og vart ikkje blidare då nyprosten snart skildra kyrkjelyden som «ein tredel krovertar, ein tredel drukkenboltar og ein tredel fattige som ikkje kan leva utan hjelp frå andre».

Krovertane var dei velståande i eit samfunn nær knytt til jarnverket Kengis bruk, tilsynelatande gode borgarar som Læstadius kalla «heiderlege kjeltringar og dydige skjøkjer».

Vandrar-Lasse

Minnesmerke over Læstadius i Jäkkvik.

Då kona mi spurde meg kvifor eg som drukkenbolt er så oppteken av Læstadius, vart eg svar skuldig. Men om ein er interessert i dei nordlege delane av Norden, er han ein sentral figur, uløyseleg knytt til «Lappmarken». Med ein dugande bil kan ein sirkle inn det meste av livet hans i Nord-Sverige, og i ulike etappar har eg gjort det: I sumar var eg i Pajala, men eg fekk òg stogga ved eit minnesmerke i vesle Jäkkvik, der Læstadius vart fødd i januar år 1800.

Mora var sørsamisk. Faren var av presteætt, men arbeidde mellom anna i sylvgruvene i Nasafjellet nær norskegrensa. Diverre var han alkoholisert og i fylla somtid valdeleg. Lars Levis livslange uvilje mot «djevelpisset», «brennevinsdraken», byrja med faren.

Ein eldre halvbror av gutane Lars Levi og Petrus, nyleg vigd til prest i fjellbygda Kvikkjokk, sytte for at småbrørne fekk skulegang og opplæring i praktisk arbeid. Då denne reservefaren døydde, vart kåra trongare att, men dei kom seg på gymnas i Härnösand.

Det er eit sjarmerande trekk ved Læstadius at han likte friluftsliv og var ein utprega vandrar; han skal ha gått rundt fem hundre mil på ski hit og dit for å be om pengar til å studere. Seinare fekk han tilnamnet «Vandrar-Lasse».

Ved universitet i Uppsala synte han snart briljante takter som botanikkstudent, men slo over på teologien. I 1825 vart han ordinert, og året etter fekk han stilling som sokneprest i Karesuando heilt nord i Sverige. Han gifte seg med Brita Katarina Alstadius, ei barndomsveninne frå Kvikkjokk, og dei fekk ein skokk med ungar.

Tung teneste

I Karesuando står ei lita trestove att som siste del av den gamle prestebustaden. Tilhøva var enkle. Nesten ingen i soknet snakka svensk; folket var flyttsamar og finske nybyggjarar. Læstadius kunne sørsamisk og lærte seg nordsamisk. Finsken, som var lingua franca og kyrkjespråk, vart han ikkje fullt så stiv i. Difor var han nøye med å skrive ned preikene sine på førehand, noko som synte seg å bli viktig i vekkinga som skulle koma.

I prestegjerninga måtte han ut dit samane var. Han gjekk og gjekk, men det var ikkje mykje han tykte han oppnådde. Helsa var skral, tungsinnet reid han. «Församlingen var genom krögare och fyllhundar, rentjuvar och bedragare så djupt sjunken över öronen i fördärvet, så att fingerspetsarna knappt synades», klaga han ein gong. Særleg var det drikkinga han såg dei dystre konsekvensane av.

I botn låg likevel ein vyrdnad. Læstadius skreiv at ein same er «en bättre sorts människa än en bofast», fordi eit liv knytt til naturen gjorde at samane hadde halde sjela reinare enn svenskane, som var prega av virvaret i den moderne sivilisasjonen.

Vitskapsmann

«Læstadius preikar for samane» (1840) av François-Auguste Biard.

Eit kjent måleri heiter «Læstadius preikar for samane». François-Auguste Biard var knytt til La Recherche-ekspedisjonen, som frå 1838 til 1840 gjorde vitskaplege undersøkingar i det nordlegaste Europa. Biard måla samane nede i ein slags bresprekk, dei ser miserable ut, medan Læstadius står framfor dei med Bibelen, kledd i pelskåpe og flosshatt. Habitten kan ha vore verkeleg, men Biard skal ikkje ha opplevd snø då han var i nord, så fantasien har nok hatt stort spelerom.

Læstadius fekk permisjon for å fungere som kjentmann for franskmennene medan dei var på hans trakter, men han vart ikkje imponert over arbeidet deira. I ettertid selde han dei mange tusen av sine eigne pressa planter, og dei fekk ettersendt skrifter tufta på undersøkingar han hadde gjort av dyreliv, klima og ikkje minst samisk religion. Sistnemnde manus, Fragmenter i Lappska Mythologien, hamna på vidvanke på kontinentet, og det skulle ta langt over hundre år før det var publisert i heilskap. For bidraget til ekspedisjonen fekk Læstadius ein æresmedalje av det franske vitskapsakademiet.

Den sjeldne læstadiusvalmuen, som han oppdaga i Signaldalen i Storfjord i Nord-Troms, er eit av mange prov på Vandrar-Lasse sine vitskaplege kapasitetar.

Vekking og splitting

Startskotet for vekkinga var eit tilfeldig møte med den unge samen Milla Clementsdotter under ei tenestereise til Åsele i 1844. Ho skulle seinare koma til å leva av reindrift i Namdalen og på Fosen. Det var noko ved måten ho framstilte trusopplevingane sine på som gjorde djupt inntrykk på Læstadius.

Prestekjolen til Læstadius.

Forkynninga hans fekk ein «högre färg», han byrja å tala med smittande lidenskap. Somme tilhøyrarar opplevde lihkadus, den ekstaseliknande tilstanden som enno i dag førekjem i visse fraksjonar av læstadianismen. Folk kom langvegsfrå til kyrkja i Karesuando, og nedskrivne preiker byrja å sirkulere i stort omfang.

Det var med tungt hjarta at Læstadius i 1849 forlét Karesuando for å bli prost i Pajala, men han heldt altså fram i same kompromisslause stil. Det førte til konfliktar både med lekfolk og autoritetar i kyrkja. Kautokeino-opprøret i 1852 gav òg riper i lakken: Samane som utførte valdshandlingar mot handelsmann, lensmann og prest i Kautokeino, var del av vekkingsrørsla, men årsakene til hendinga var samansette og låg langt utanfor kontrollen til prosten i Pajala.

Ein trufast kateket frå Karesuando-tida, Juhani Raattamaa, førte vekkinga vidare etter at Læstadius døydde i 1861. Seinare vart rørsla delt i fleire retningar, mellom anna på grunn av teologisk usemje og strid mellom leiarfigurar.

På 1990-talet rekna ein med at det fanst rundt 50 000 læstadianarar i Noreg; truleg er det færre no. Tilhøvet deira til ei stendig meir liberal norsk kyrkje har vore turbulent, men framleis er dei fleste læstadianarar her i landet medlemer av Den norske kyrkja, sjølv om dei gjerne har eigne forsamlingshus i tillegg.

Kengis kyrkjegard, der Læstadius vart gravlagd.

Ny og gamal grav

I Pajala ligg Læstadius-museet. Prestegarden er staseleg, men Læstadius rakk aldri å bu i han. Livet hans enda i eit nøkternt bygg like jamsides.

Ein sumarkveld køyrde eg nokre kilometer frå Pajala tettstad til Kengis, no ei ørlita bygd. Eg måtte leite for å finne Kengis kyrkjegard, for han er fullstendig attvaksen. Her vart Læstadius gravlagd.

Då kyrkja seinare vart flytt til Pajala, flytte dei òg dei daude, og i Pajala har Læstadius fått eit vakkert gravmonument. Men på eitt vis, tenkte eg der eg stod og klaska klegg på gamle Kengis kyrkjegard, er høgt gras og hissige insekt eit meir høveleg minnesmerke over denne forunderlege presten.