Reportasje

Kvensk marknad

Den årvisse Pajala-marknaden synte denne gongen fram ei sams soge på tvers av landegrenser.

  

Moteoppvising med mannekengar i ulike folkedrakter under Pajala-marknaden.
Publisert Sist oppdatert

Kva ein trønder har i Pajala å gjera, kan ein saktens spørja seg om. Som så ofte skuldar eg på kona, ho har kvenske anar og er tungt inne i det kvenske miljøet i Noreg. I år ville det norske kvenforbundet setja sitt preg på Pajala-marknaden, så kona mi skulle arbeide i Pajala, medan eg og ungane skulle feriere.

Grenselandet

For den norske allmugen er nok Pajala best kjend frå Mikael Niemis roman Populærmusikk fra Vittula, som handlar om Matti og den tagale kameraten Niila og den nymotens rockemusikken som trengjer seg inn i eit noko seigt samfunn prega av tung læstadianisme. Pajala er ein sentral stad i historia om læstadianismen, men namnet Vittula tyder visstnok «Fittemyra» og kjem ifylgje romanen av dei mange barnefødslane i området. I den frodige kriminalromanen Koke bjørn er det nettopp prosten Læstadius som figurerer som detektiv. Niemi i eigen velkledde person var å sjå på fleire arrangement under årets marknad.

Pajala ligg i Tornedalen, eit grenseområde mellom Sverige og Finland som har namnet sitt frå Torneelva; ho renn frå innsjøen Torneträsk i fjella nær Narvik ned til Bottenviken. Meänmaa, «Vårt land», heiter området på meänkieli, som er eit offisielt finsk-ugrisk minoritetsspråk i Sverige, ikkje ulikt det kvenske språket i Noreg.

Før 1809 var heile Tornedalen del av Sverige. Så har det svenske og finske storsamfunnet verka inn på kulturen på kvar side av grensa, men det er ingen tvil om at den tornedalske kulturen – tradisjonelt knytt til elvefiske, reindrift og til jordbruket på flaummarkene langs elva – enno lever og andar.

Omgrepet kven – som kan sporast attende til 800-talet, då vikingane ifylgje gamle skrifter dreiv handel med nettopp kvenar – er langt på veg synonymt med tornedaling og lantalaiset; sistenemnde gruppe er konsentrert kring dei nordlege delane av Tornedalen. Det finst rett nok ulike oppfatningar av omgrepa, og det varierer kva folk ynskjer å bli kalla, men sikkert er det at mange menneske frå Tornedalen oppgjennom hundreåra har vandra nordover til Ruija, ishavskysten.

«Hyvän illan»

Under Pajala-marknaden kunne slektskapen mellom anna sjåast i ei moteoppvising med mannekengar i ulike folkedrakter. Fleire var gamle nordsvenske og nordfinske variantar, for eit utrena auga ikkje heilt ulike våre heimlege bunader. Men konferansieren, den kvenske sydama Helga Vara, kunne peike på mange parallellar mellom desse draktene og kväänipuku, kvendrakta, som vart utvikla av ein komité sett ned av Norske kveners forbund i 1995. I kvendrakta er nokre kjenneteikn dei langsgåande stripene både i kvinnestakk og mannsvest, og lyse fargetonar både i skjorte, forkle og huve til kvinner og i jakka til menn. Vara stod elles for fleire nye kreasjonar sydde spesielt til motemoloen i Pajala, mellom anna éin i liten storleik, tilpassa den tre år gamle sonen vår. Han synte rett nok ikkje større vyrdnad for drakta enn at han gjekk rett frå moteshowet bort i sandkassa.

Som avslutning stilte modellkorpset seg opp og song den vemodig vakre «Hyvän illan», ein slags nasjonalsong for kvenane og deira nærskylde folkegrupper. Ein alternativ tittel er «Visa från Erkheikki» – denne vesle staden ligg i Pajala kommune.

Om du føretrekkjer lettare musikk, kan du spela «Från Pajala til Haparanda» av Sun Cats på kassettspelaren din. Låta blir sungen på melodien til den velbrukte meksikanske folkesongen «La Bamba», og skildrar kor lang vegen kan synast når ein lengtar etter sin kjære. Vi siterer: «När man kommer lite neråt / Man gör ett stopp uti Kukkolaforsen / Uti Kukkolaforsen och dricka brännvin / Och äta rökta siken».

Trekkspel og kantele

Ord til ettertanke, men denne songen høyrde eg strengt teke berre under den lange bilturen til og frå Pajala. På sjølve marknaden var det andre stjerner som underheldt. Til dømes bidrog Fredrik Hangasjärvi frå nærliggjande Korpilombolo med trekkspelmusikk. Han vart kåra til årets trekkspelar i Sverige i 2024, og innehar tittelen riksspelmann. Eg har aldri hatt noko lidenskapeleg tilhøve til trekkspelet, men dette endra seg då dottera vår, som på grunn av eit sjeldsynt syndrom er svært eksentrisk, gav etter for lysta dei fleste nok kjende dirrande langt inn i margen, og byrja å danse til Hangasjärvis ljuve tonar.

«Väinämöinen» av Anders Ekman. Ifølgje Kalevala var det denne trolmannen som først laga det finske nasjonalinstrumentet kantele.

Utandørs i Pajala sentrum kunne publikum òg nyte lyden av den norske duoen Beddari Nilsen. Trygve Beddari og Anne Margaret Nilsen hadde eg fyrste gong gleda av å høyre på eit kvenarrangement i Lakselv for rundt ti år sidan, og sidan har dei hatt ein særskild plass i hjarta mitt, med si leikne blanding av alskens nordleg musikk, frå heit finsk tango til læstadianske salmar. Beddari meistrar mellom anna det finske nasjonalinstrumentet kantele – den fyrste av slaget vart ifylgje Kalevala laga av trollmannen Väinämöinen av kjeven på ei gigantisk gjedde. For meg er det alltid eit høgdepunkt når duoen framfører den gamle slageren «Väliaikainen», omsett til norsk av Mikael Holmberg, som forresten òg har gjort ei storstilt og prislønt omsetjing av Kalevala til bokmål. Dei osar av finsk livsvisdom, dei sorgmuntre linene der omkvedet er eit vanitasmotiv, noko som kjem og som går: «Dette livet med smerte og bedrøvelse / er noe som kommer og går. / Alle stunder av glede og bedøvelse / også noe som kommer og går. / All den lykken i livet som vi får til del, / all den kjærlighet som brenner i kropp og sjel, / alle nederlag, alle hjertesår / er noe som kommer går.»

Myr og mygg

Pajala-marknaden minte elles om andre marknader rundt omkring, som gjerne har det sams at dei smykkar seg med røter attende til eldgamle dagar. Det var mange utsalsbuer, somme av dei selde fint handarbeid, andre lakrisstenger og bringebærdrops. Det er sjølvsagt stas at lokale samar byd på reinkjøt i pitabrød, og at ein kan bade i heimekoka moltesyltetøy, men med småungar på slep har den slags avgrensa appell. Ungane fekk ri på eit esel og prøve ymse karusellar på eit tivoli der den gyseleg høge musikken minte lite om Fredrik Hangasjärvi og Beddari Nilsen. Det var mogleg å ta ein rimeleg helikoptertur for å sjå Pajala frå lufta, men ettersom eg vart kvalm av den einaste karusellen eg prøvde, måtte vi bli på bakken.

Vasikkavuoma er ei 250 hektar stor slåttemyr som i fleire hundreår vart brukt av lokale bønder.

Då fekk eg ei gildare oppleving den dagen vi omsider køyrde heimover, og stogga i nærleiken av Erkheikki for å utforske Vasikkavuoma, ei 250 hektar stor slåttemyr som i fleire hundreår vart brukt av lokale bønder. Den mest verdifulle veksten var elvesnelle, men også fleire storrartar vart slegne med ljå, hengde på hesjer og lagra som fôr til vinteren i dei 280 tømmerløene som i glansdagane var spreidde utover myra. Somme av løene står framleis i det som no er eit naturreservat, der vi som turistar vandra ikring mutters åleine, berre guida av eit par millionar mygg.

Til slutt flykta vi altså hals over hovud frå Tornedalen, men eg er likevel ikkje ferdig med å skrive om staden, for vi må sjå litt nærare på Lars Levi Læstadius. Det blir i neste del. Kiitos ja näkemin – takk og på attersyn.