Kommentar

Orsaking og frifinning

Å be om orsaking for politiske misgjerningar er blitt ein politisk konvensjon i Noreg. Jamført med statsleiarar på hemntokt er det bra. Å vinne fram i rettsapparatet mot det offentlege er noko heilt anna.

  

Advokat Øystein Vartdal Riise (t.v) og advokat Reidar Andresen. I bakgrunnen sit kommunedirektør i Herøy kommune Trond Arne Rossi Aglen. Saka handla om to nyfødde jenter som blei bytte om på Eggebønes på 1960-talet. Personane som saksøkte Herøy kommune og staten, tapte.
Publisert Sist oppdatert

Dei politiske orsakingane har kome på rekkje og rad dei siste tretti åra.

Kong Harald 5. opna det heile. Før han hadde vore konge eit heilt år, reiste han til Kiberg i august 1992. «Det kan være smertelig å måtte se historie i et nytt lys», sa kongen og peika på partisanane: «Jeg er redd vi urettmessig kan ha påført enkelte store personlige belastninger i skyggen av den kalde krigen.»

Orsaking og skuld

Fem år seinare var han der att. I 1997 sa kong Harald seg lei for den uretten som den norske staten hadde påført samane gjennom den rådande fornorskingspolitikken frå 1850-åra til 1960-åra.

Overfor romanifolk/taterar bad kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad på vegner av regjeringa i februar 1998 om orsaking for dei overgrepa som desse var blitt utsette for.

På den internasjonale holocaustdagen 27. januar 2012 bad statsminister Jens Stoltenberg på vegner av den norske staten om orsaking for det nordmenn hadde gjort då 772 norske jødar og jødiske flyktningar blei arresterte og deporterte under den tyske okkupasjonen.

På vegner av den norske regjeringa bad statsminister Erna Solberg 8. april 2015 om orsaking for den rasistiske ekskluderingspolitikken overfor norske romar i tiåra før og etter den andre verdskrigen, og det som dette førte til under holocaust.

Som stat, så kyrkje

I 2018 orsaka Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn seg i brevform overfor 2300 elevar ved dei fem skulane til frikyrkja frå 1955 til 1990. Dette kyrkjesamfunnet er svært skrifttru, og mykje av skuletida gjekk med til å pugge Luthers vesle katekisme frå 1500-talet og Pontoppidans forklaring til katekisma frå 1700-talet. I praksis fungerte kristentrua som straff, og mobbing frå lærarar og medelevar skapte varige sår hos enkelte. Alt i 1995 hadde kyrkjelydsbladet Underveis trykt ei orsaking, og no kom orsakinga på nytt for å nå ut til alle.

I 2020 avdekte ei undersøking at NAV like sidan 1994 hadde feiltolka eit regelverk i EØS-avtalen. Om lag 4000 var råka, og 75 var jamvel dømde for trygdesvindel. Arbeids- og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen orsaka utan atterhald.

Høgsterett fastslo i 2021 at rettane til reindriftssamane på Fosen var brotne etter FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar, og at konsesjonen til Olje- og energidepartementet for utbygging var ugyldig. Den utøvande makta gjorde alt som var mogleg for å kome utanom dommen. Etter ein fem hundre dagar lang sivil ulydnad-aksjon, den lengste i Noreg, bad olje- og energiminister Terje Aasland våren 2023 om orsaking for brot på menneskerettane.

Biskop Olav Fykse Tveit heldt ein tale på London Pub i oktober. På vegner av kyrkja bad han om orsaking til det skeive miljøet.

Etter mønster frå Sør-Afrika oppnemnde Stortinget i 2018 ein Sannings- og forsoningskommisjon. Då Stortinget hadde drøfta rapporten frå kommisjonen hausten 2024, bar stortingspresident Masud Gharahkhani fram ei orsaking til samar, kvenar, norskfinnar og skogfinnar for den misferda som den norske staten hadde gjort seg skuldig i.

I oktober 2025 bad Den norske kyrkja det organiserte skeive miljøet om orsaking for smerte og skade som kyrkja har påført dei gjennom fleire tiår. Om lag 200 var til stades på London Pub i Oslo og høyrde preses Olav Fykse Tveit bere fram orsakinga.

Frifinning, ikkje straff

Eg lærte meg forkortinga Nortraship som tolvåring i 1965. Eg forstod at det hadde med krigsseglarar å gjere, men det gjekk mange år før eg tok poenget. Kvar tiande mann måtte døy, skreiv Per Hansson i 1967 i den blodvonde dokumentarboka si om dei 30 000 krigsseglarane. Norwegian Shipping and Trade Mission (Nortraship) hadde administrert den norske handelsflåten på tusen skip, men tiår etter tiår gjekk før sjøfolka fekk det dei hadde krav på. Mange døydde frå vår ære og sine eigne pengar.

Du skal vere bra desperat om du går til sak mot den offentlege veggen av juridiske leddsetningar og fotnotar.

Det har vist seg at saka er ganske typisk for det som skjer når offentleg forvaltning skal gjere opp for seg. Det tek tid, og dei fleste dørene er stengde. Du skal vere bra desperat om du går til sak mot den offentlege veggen av juridiske leddsetningar og fotnotar. Knapt noka sak har vist dette tydelegare enn barneforvekslingssaka på Sunnmøre.

På Eggesbønes fødestove i Herøy kommune blei to nyfødde barn forveksla vinteren 1965. Karen Rafteseth Dokken fekk med heim feil jente. Det gjorde også ei anna kvinne. Karen trudde ho var mor til Linda, den andre kvinna at ho var mor til Mona. Begge jentene voks altså opp i feil familie. Ein DNA-test frå My Heritage i 2021 avdekte forvekslinga. Saman med dei to forveksla kvinnene gjekk Dokken til sak mot staten og Herøy kommune for brot på retten til privat- og familieliv.

Fram til 1970 var det Herøy sanitetsforening som dreiv fødestova med ei statstilsett jordmor. Under rettssaka hevda regjeringsadvokaten at det ikkje var sannsynleg at det var jordmora som hadde bytt om barna. Alt i åra 1981–85 var styresmaktene på det reine med at døtrene var forveksla, og at dette kunne gjelde fleire. At ingen sa noko om dette til dei det gjaldt, gav utruleg nok heller ikkje juridisk støtte til mor og døtrer. Den juridiske teieplikta frå 1980-åra trumfa både menneskerettar og den sivile seieplikta, for å låne Kjartan Fløgstads eminente ordpar.

Oslo tingrett frikjende kommunen og staten hausten 2024, og verken mor eller barn hadde krav på erstatning. Herøy kommune fekk jamvel dekt sakskostnadene sine av offera i saka. Hausten 2025 gjorde Linda eit forlik med staten om 550.000 kroner i erstatning. I ankesaka frå dei to andre frikjende Borgarting lagmannsrett staten for brot på menneskerettane om «manglende eller utilstrekkelig innretning av fødselshjelp eller barselomsorg». Kommunedirektør Trond Arne Aglen i Herøy gledde seg over at kommunen var utan ansvar. Kommunen kunne også sjå fram til 150.000 i dekte sakskostnader frå ein av saksøkjarane.

Etter kvart kostar det heldigvis lite for folkevalde å be om orsaking. Slike orsakingar er nesten alltid kollektive og retta til grupper. Under riksvåpenet i rettssalane står som regel enkeltmenneske versus Noreg. Ja vel, så er det dekning for dei juridiske avgjerdene. Men det skingrar politisk i øyra at den staten som bed grupper om orsaking, altfor ofte blir frifunnen i søksmål frå enkeltborgarar.