Økonomi
Ein krangel om småpengar
Dei store partia er grunnleggjande samde om skattepolitikken.
Fritaksmodellen er spesialsydd for at rikingar skal investera i næringsliv i staden for hus, hytter og yachtar.
Illustrasjon: Morgan / Le Monde
Mange av oss er alt leie valkampen av di han igjen ser ut til å verta ein evig lang krangel der båe sidene gjer sitt beste for å vulgarisera kva skatt er for noko. Høgresida, i si karikerte form, seier at det meste av skatt er gale og øydelegg økonomien. Venstresida, i si karikerte form, seier at forskjellane er vortne altfor store, og at rikingane toler massivt meir skatt. Men kvar gong skattesystemet vert endra, er det gjennom store tverrpolitiske vedtak i Stortinget.
Men kva er eigentleg skatt? Dette er sjølvsagt eit altfor stort tema for ein kort artikkel, men vi prøver likevel: Skatt handlar ikkje om pengar, skatt handlar om kor mange ressursar, særleg arbeidarar, staten skal taka frå privat sektor for at staten skal kunne gjera det veljarane ynskjer at staten skal gjera. Ingen stat får ti gonger så mange ressursar ved å lova ti gonger så mange pengar til gode føremål. Det held ikkje å setja ein ekstra null bakpå nye setlar.
Denne skilnaden – mellom pengar og ressursar – ignorerer alle norske parti i valkampen. Pengar er tre ting: Pengar er eit vekslingsmiddel når vi betalar nokon for noko, og pengar er eit middel til sparing, men pengar er fyrst og fremst ei bokføringseining for ressursar.
Adam Smith tok feil
At politikarar rotar slik når det gjeld pengar og ressursar, er kanskje forståeleg: Vi lærte alle på skulen at pengar oppstod då vi som samfunn slutta å vera reine naturalhushald og så spesialiserte at det vart upraktisk å byta to kyr mot ein hest. Då kom pengane inn i biletet, og vi kunne byrja å gje bonden ein halv skilling for ein halvskrott i staden for å steike 100 brød til han. Pengane var det som verkeleg opna opp for spesialisering.
Det er elles Adam Smith som kom opp med teorien om at pengar var noko vi innførte då vi hadde vorte så spesialiserte at direkte byte vart for upraktisk. Adam Smith, som sikkert hadde teorien frå andre, tok feil. Stort sett alle historiske samfunn har drive med pengar, og stort sett alle samfunn har nytta dei som bokføringseiningar for ressursar. Til og med i steinaldersamfunn på små øyar er det funne spor etter rekneskapsføring basert på det dei nytta som valuta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.