JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Ei klassisk bankkrise

Konkursen til Silicon Valley Bank er eit læreboksdøme på korleis ei bankkrise oppstår. Svaret til amerikanske styresmakter på konkursen er derimot eit lærebokdøme på korleis ein skal skapa nye bankkriser.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kundar ventar utanfor hovudkontoret til Silicon Valley Bank i Santa Clara i California 13. mars 2023.

Foto: Brittany Hosea-Small / Reuters / NTB

13831
20230317

Bankkrise

Silicon Valley Bank var i røynda teknisk konkurs i fjor haust.

Då dei no gjekk konkurs, var eigenkapitalen på minus 15 milliardar dollar.

Amerikanske styresmakter braut sitt eige regelverk for å berga kundane til banken.

Bank

jon@dagogtid.no

Ein skal ikkje le av ei stor bankkrise, som vi nesten fekk før helga, men bankkonkursen til Silicon Valley Bank (SVB) er om ikkje anna ei av dei mest klassiske og dimed mest pedagogiske bankkrisene sidan mellomkrigstida minst. Alt som kunne gå gale, gjekk gale.

Å driva bank kan ikkje vera så vanskeleg. Ein del av dykk hugsar kanskje Walter Bagehot frå Netflix-serien The Crown. Dronning Elisabeth måtte som ung lesa ei bok av Bagehot om den britiske konstitusjonen og monarkiet, utan å heilt forstå kva som stod der. Som vaksen fekk ho etter kvart undervising i innhaldet av ein noko fordrukken historikar. Men grunnen til at ho skulle lesa boka til Bagehot, The English Constitution, var og er at det er den beste boka i sitt slag.

Flogvit

Bagehot, som levde frå 1826 til 1877, var eit flogvit på andre felt òg. Det han skreiv om sentralbankar, bankkriser og banking, vert rekna for sentrale verk den dag i dag. Dei bøkene slapp Elisabeth å lesa. Bagehot sa, fritt omsett, at å driva bank var så enkelt at ein til og med kunne driva utan eigenkapital: «Det einaste ein treng gjera, er å låna inn kort og låna ut langt.» Så ramsa han opp alt som likevel kunne gå gale, særleg om bankar fekk tilgang til billig kapital frå ein sentralbank som ikkje tok høge nok renter.

«Store lån til høge renter (frå sentralbankane til vanleg bankar) er den beste kuren for dei verste sjukdomane i finanssektorane», skreiv Bagehot om kva som burde skje om det kom eit såkalla bankrun, at mange kundar vil taka ut pengane samstundes.

Den verste sjukdomen i finansnæringa, meinte Bagehot, er sjølvsagt tendensen bankfolk har til å taka for høg risiko for slik å tena ekstra mykje pengar. Dette med høge renter frå sentralbankane som straff for eksessar når vanlege bankar tiggar om kontantar, er som vi veit, noko som har vorte heilt gløymt eller fortrengt dei siste 15 åra.

Walther Bagehot (1826–1877) meinte at det å driva bank var så enkelt at ein til og med kunne driva utan eigenkapital: «Det einaste ein treng gjera, er å låna inn kort og låna ut langt.» Det er lettare sagt enn gjort.

Foto: National Portrait Gallery London

Bobler

Silicon Valley Bank er ein bank skapt av lågrenter, og låge renter fører til bobler i ulike verdipapir. Denne gongen vart boblene størst i såkalla environmental, social and governance (ESG), som i praksis har vore å investera i det som av ein eller annan grunn vert oppfatta som etisk, snilt og klimavenleg. Teknologi, eller tek, passer fint inn under ESG. I teknologi er det tilsynelatande ikkje stygge fabrikkar, barnearbeid eller store boreriggar.

Alle ressursar har alternativ nytte, og når realrentene er i minus, er det lite å henta på tradisjonell sparing i bank eller statsobligasjonar og svært freistande å investera i noko som ein eller annan gong der framme faktisk kan gje ei avkasting som bankar ikkje kan gje. Når pengar er gratis, er gambling eit alternativ.

SVB var banken til tekverksemdene i Silicon Valley. Dei fleste kundane var såkalla oppstartsselskap, som ikkje har ein kontantstraum her og no å snakka om, men som investorar altså gjev pengar i von om at dei skal generere inntekter i framtida.

Covid

Då koronapandemien kom, sette sentralbankane alle renter i minus og pøste nytrykte pengar over økonomien. SVB var ideelt plassert til å taka imot delar av desse pengane. Svært enkelt sagt tok investorar verda over nytrykte pengar frå bankane og gav dei til tekselskap i Silicon Valley.

SVB var best på kundehandsaming, og dei var også best på såkalla woke, som er eit nytt ord for «politisk korrekt», og som SVB nytta hemningslaust i reklame. I den siste årsmeldinga si skrytte dei av at dei i styret hadde 45 prosent kvinner, éin svart, éin såkalla LHBTQ og to «veteranar», som er kode for personar med traume frå krig.

Dessutan hadde dei ei eiga avdeling for kundar som ville kjøpa eller leiga privatfly. Ja, alle bankar har i dag avdelingar for særleg viktige kundar med mykje pengar, men SVB såg på alle kundar som like viktige, og dimed dyre.

Vellukka

Politikken var tilsynelatande vellukka. Men som amerikansk høgreside liker å seia det: «Go woke. Go broke», som på norsk vert noko slikt som «vert du for politisk korrekt, går du konkurs».

I januar 2020 hadde SVB 55 milliardar dollar i innskot, og hugs at innskot er gjeld bankar har til kundane. Innskot er ikkje noko anna enn lån til bankar, lån bankane lover når som helst å betala attende. Det er dette som vert kalla kort innlåning. Då pandemien var over på slutten av 2022, hadde kundane sett inn 186 milliardar dollar. Investorar hadde pøst pengar over oppstartsselskap i Silicon Valley, og eigarane av desse oppstartsselskapa hadde sett pengane inn på konto i SVB.

Ein kan seia mykje positivt om Silicon Valley-folket, men det er ikkje til å koma forbi at dei er dei mest trendmedvitne folka i verda. På Twitter meiner dei det same, og køyrer éin – som for nokre år sidan – Toyota Prius, køyrer dei alle Toyota Prius. Silicon Valley er det same som Hollywood når det kjem til politiske meiningar og trendar. Alle sette inn pengar inn SVB. Til slutt tok alle pengar ut av SVB.

Uvitande

Denne gongen var det rett nok ikkje til å fatta og forstå kor uvitande Silicon Valley var. Innskotsgarantien per konto i USA er 250.000 dollar. Går banken konkurs, får du att ein kvart million. Det vanlege næringslivet ordnar dette ved å spreia likviditet på ei rekkje bankar og verdipapir. Berre 3 prosent av kontoane i SVB var under garantigrensa.

Når bankar får inn korte pengar på konto, plar dei låna dei ut langt til andre kundar av den same banken. Men oppstartselskap i Silicon Valley hadde ikkje trong for lån, dei fekk gratispengar av investorane.

Det er her det fantastiske og forunderlege skjedde. Mange som har sett filmar om bankkriser og finans, veit at det klassiske spørsmålet ein som vil verta tilsett i finansbransjen, får på intervju, er: «Kva skjer med verdien til ein obligasjon om rentene går opp?» Svarer den intervjua at «verdien går ned», er vedkomande tilsett.

Så kan vi alle le og rista på hovudet over denne merkelege finansbransjen. Men dette er faktisk logisk. For går renta opp, går noverdien av eksisterande utlån ned. Dette kan ikkje leiinga i SVB ha forstått før det var for seint.

Diskonter

Tenk deg at du har 1 millionar kroner og seier til deg sjølv at du vil pensjonera deg når den summen er vorten 2 millionar. Er renta 7 prosent, kan du gå av om ti år, er renta derimot berre 3,5 prosent, må du venta i 20 år. Noverdien på millionen er heilt ulik alt etter kva renta er.

Tenk deg så at du er banksjef og har ein obligasjon du vil selja i marknaden for å skaffa deg kontantar her og no, av di ein kunde vil taka ut pengar han har på konto. Dette dømet er henta frå Matt Levine i Bloomberg:

Du er ein bank som har lånt ein kunde 100 kroner i fem år til ei rente på 2 prosent. Du krev ei så låg rente av di sentralbankrenta er på 0 prosent, og dimed gjev du ikkje kundar med innskot meir enn 0 prosent. Mellomlegget på 2 prosent dekkjer drift og profitt. Dagen etter vil du selja denne låneobligasjonen til ein annan bank. Då får du truleg om lag 100 kroner for han.

Styringsrenta

Så hever Noregs Bank styringsrenta frå 0 til 3 prosent, som gjer at bankrenta vert 5. Då har du eit problem. Den som eventuelt skal kjøpa låneobligasjonen du tilbyr, har 100 kroner. 5 prosent rente gjev altfor grovt rekna 25 kroner etter fem år, 2 prosent berre 10 kroner. Mellomlegget vert på 15 kroner.

Kjøparen av låneobligasjonen vil difor berre gje 85 kroner for låneobligasjonen. (Vel, reknar kunden nøye etter, vert summen 87 kroner.) For den kunden treng berre investera 85 kroner for å få den same summen om fem år når renta er 5 prosent, i staden for 100 kroner når renta er 2 prosent.

Meir eller mindre

Det viktige er i alle høve at når renta går opp, vert ein obligasjon her og no mindre verd. Går renta derimot ned, går verdien av obligasjonen opp. Når ein bank har overskotslikviditet, altså høgre innskot enn kundane deira har lån i banken, er det normale at banken investerer denne likviditeten i korte rentepapir, til dømes i ein statsobligasjon med løpetid på eitt år. Banksjefar bør vera konservative. For innskotskundane kan ombestemma seg og taka ut pengane dei har inne.

Leiinga i SVB pøste det meste av det dei hadde av likviditet, inn i slikt som amerikanske statsobligasjonar med løpetid på ti år. Dei gav nemleg 0,4 prosent betre betalt gjennom 2021 og starten av 2022 enn korte og meir likvide papir. Tente leiinga berre litt betre på alle innskota, fekk dei utløyst aksjeopsjonar som gav dei høve til å kjøpa aksjar billig og selja dei dyrt. SVB var ein populær aksje, knytt som han var til tekbransjen.

Hedging

Dessutan spreidde ikkje SVB risikoen. Det vil seia at dei ikkje hadde avtalar med motpartar om byte av verdipapir og slikt dersom kundane i SVB ville ha ut store mengder med kontantar. SVB ignorerte at dei ein dag kunne stå overfor eit løp mot banken.

Det kanskje underlegaste av alt var at aksjemarknaden så lenge ignorerte korleis stoda var i SVB. Då dei la fram rekneskapen for tredje kvartal 2022, synte han at dei hadde hatt eit papirtap på 15,9 milliardar dollar på dei lange rentepapira, av di renta hadde gått opp og noverdien av obligasjonane gått ned. Samstundes sat dei på ein kapital som kunne seljast for vel 11 milliardar dollar. Dei var teknisk konkurs.

Marknaden tenkte truleg at sidan dette berre var papirtap, kunne dei ignorera det heile. For det er slik at ein bank reint rekneskapsteknisk kan lata vera å føra papirtap. Så lenge du kan sitja på ein statsobligasjon i ti år, får du renta på han gjennom ti år, og til slutt får du attende stolen. SVB var trygg så lenge eigarane av tekselskapa ikkje tok ut pengane frå konto.

Spelet var over

Då renta byrja å gå opp gjennom 2022 og inn i 2023, slutta investorar å pøsa pengar inn i Silicon Valley. Då hadde ikkje eigarane av tekselskapa anna val enn å byrja å taka ut pengar frå SVB, fyrst litt, så meir, før det sist torsdag eksploderte.

I røynda hadde SVB ved inngangen av førre veke ein negativ eigenkapital målt i noverdi på 15 milliardar dollar. Då fann dei ut at dei skulle selja obligasjonar med eit tap på 1,8 milliardar dollar for å dekkja uttaka frå banken, og dei bad samstundes aksjeeigarane om å skyta inn 2,25 milliardar dollar i ny eigenkapital. Dei sa nei.

Spelet var over. SVB kunne ikkje lenger føra verdiane av statsobligasjonane til pålydande. I neste kvartalsrekneskap måtte dei ha ført alle obligasjonane til marknadspris, sidan dei alt hadde selt nokre med tap. Førre torsdag tok kundane ut 42 milliardar av banken, 25 prosent av alle innskot.

Fed

Kunne ikkje den amerikanske sentralbanken, Federal Reserve (Fed), ha gjeve SVB kontantar i byte mot alle dei lange obligasjonane som SVB sat inn med, og så ha sete på desse obligasjonane gjennom heile løpetida? Jau. Men for å disiplinera bankar generelt har Fed den siste tida hatt som politikk å berre gje ut kontantar i byte mot marknadsverdi.

Liberalistar og tilhengjarar av klassisk kapitalisme var nøgde på fredag. Konkursar verkar disiplinerande. Som Allan Meltzer, ein kjent amerikansk økonom, pla seia: «Kapitalisme utan konkursar er som religion utan synd. Det fungerer ikkje.» I eit slikt perspektiv var det på tide at amerikansk banknæring og ikkje minst kundane deira i Silicon Valley lærte seg at kapitalisme har risiko.

I helga greip det amerikanske finansstyringsverket inn. Alle kundar av SVB skulle få att alt av innskot, for slik å hindra ein generell bankpanikk i USA. Med det var det takk og farvel til grensa på 250.000 dollar som vart sett etter finanskrisa for å disiplinera amerikanske kapitalistar.

I røynda veit alle no at om noko går gale, kjem den amerikanske staten og bergar deg. Dimed fekk amerikanske bankar igjen stadfesta at dei kan taka nesten så høg risiko dei berre vil med pengane til kundane.

Fed gav opp

Kva med Feds politikk om berre å taka imot pant i verdipapir til marknadsverdi? Fed sa i helga at dei i eitt år framover vil taka mot verdipapir i byte mot kontantar til pålydande. Hadde den politikken vore rådande førre veke, hadde truleg SVB framleis vore i drift, sjølv om eigenkapitalen deira i den verkelege verda var tapt.

Larry Summers, den tidlegare finansministeren, sa det slik på Twitter no måndag: «Vi er i røynda alle eigarar av banknæringa. Som vi nett har sett, har amerikanske styresmakter signalisert til alle kundar – store og små – i alle bankar at innskota deira er trygge. Det er eit teikn på at vi ikkje kan lita på marknadsdisiplin, men at vi lyt lita på reguleringar.»

Grønt lys

Så er det berre det at reguleringane som var på plass, ikkje fungerte denne gongen heller. To veker før konkursen gav revisjonsgiganten KPMG Silicon Valley Bank grønt lys på alle kantar. Nokon må visst regulera regulatorane og revidera revisorane. Bagehot var fullt og heilt for at sentralbankane skulle hjelpa til når det kom løp på bankar, men då under føresetnad av at banknæringa visste at dei måtte betala for hjelpa.

Amerikanske bankar og kapitalistar har i over 20 år fått all den hjelpa dei treng, gratis. Trøysta denne gongen får vera at dei som kjøpte aksjane leiinga i SVB selde då dei såg at dette kom til å gå gale, faktisk tapte pengane. Dei siste som vart lurte, gjer kanskje ikkje den tabben igjen.

Ja, amerikanske styresmakter hindra no ei potensiell nasjonal og internasjonal finanskrise ved å gripa inn, men det gjorde dei altså ved å sparka boksen lenger ned i gata. Dessutan har Fed igjen fortalt at dei er viljuge til å taka imot dårlege verdipapir. Spekulantane tek vinsten, skattebetalarane tapa.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Nye rekruttar til Ukrainas 3. åtaksbrigade trenar ved Kyiv 9. april 2024. Menn i våpenfør alder som nektar mobilisering, kan få fengselsstraff på mellom tre og fem år.

Foto: Vadim Ghirda / AP / NTB

KrigSamfunn

Tårer på jernbanestasjonen

For ei veke sidan vende eg enda ein gong attende til Ukraina etter tre veker i Europa. Denne gongen gjekk heimvegen gjennom den slovakiske byen Kosice, som ligg 120 kilometer frå grensa til Ukraina.

Andrej Kurkov

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Biletet syner Blixtunnelen på Follobanen rett før opninga i desember 2022. Nokre dagar etter vart tunnelen stengd på grunn av varmgang i kablane. Opprettinga skal vare til desember i år.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Politiske signalfeil

Det er mange grunnar til at toget ikkje går når det skal i Noreg. Her er nokre av dei.

Ikkje berre krig og kriser kan føre til legemiddelmangel. Heile leveringskjeda er sårbar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Det veikaste leddet i legemiddelkjeda

Europeiske land bør samarbeide for å sikre forsyninga av legemiddel, seier professor Marianne Jahre.

KommentarSamfunn

Sjølvmord av frykt for dauden

Macron-strategien for nyval fremjar det han vil unngå.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis