Russland

Samtaler på vegen til slagmarka

Ei togreise kan fortelje mykje om krig og soldatar. Somme er livredde, andre ønsker å døy.
  

Publisert Sist oppdatert

Så fort krigen hadde brote ut, iverksette Vesten sanksjonar mot russisk luftfart. Ekspertane spådde at det i løpet av få månader ville bli livsfarleg å fly i Russland.

Slik gjekk det ikkje. Som med mange andre sanksjonar blei verknaden mindre enn venta.

Men når det gjeld togtrafikken, som ingen såg på som spesielt risikabel på denne tida, er historia ei anna ­– overraskande nok, fordi det ikkje er krigen som gjer det farleg å ta tog, men ringverknadene.

I 2024 reiste eg mykje i jobbsamanheng – 15 togturar berre i løpet av sommaren. Eg har rekna på det: På 12 av dei 15 reisene delte eg kupé med soldatar. Dei var på veg til eller frå fronten, på permisjon eller på veg til ein militær treningsleir. Korleis eg forstod det? Det var ikkje til å misforstå. Så å seie kvar gong var det nokon som begynte å ynke seg eller skrike midt på natta. Somme fekk ei form for panikkanfall. Andre gonger blei det bråk.

Éin gong, i Tjumen, gjekk eg på toget få minutt etter at ein veteran hadde blitt kasta ut. Han hadde drukke seg sanselaus, gått til åtak på medpassasjerar og skadd seg sjølv med kniv. Andre på toget fortalde at han var svært utagerande. På setet han sat på, like overfor mitt, var det blodsøl.
 

Sist skreiv eg om konfliktfylte møte med soldatar på gata. Men eg vil ikkje at dette skal bli ein slags skrekkserie om Russland: I går var det farleg å gå rundt i byen; i dag er det farleg å ta toget; i morgon er det noko anna. Det er ikkje det som er poenget.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement