JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

Då alt vart dyrare

Prisen på vindturbinar, solceller og kraftnett går rett opp. Også den grøne vendinga treng fossilt brennstoff. Men det er dei fattige som får den største rekninga.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FANGA: Sjølv om den nye Nord Stream 2-gassleidningen gjennom Austersjøen truleg aldri blir teken i bruk, er Europa likevel avhengig av russisk gass.

Foto: Dmitrij Lovetskij / AP / NTB

13288
20220408

Bakgrunn

25 prosent av alle innsatsfaktorar i kunstgjødsel kjem frå Russland.

Eit tonn ammoniakk har gått opp frå 200 dollar ved starten av covid til 1625 dollar.

Stål har gått opp 51 prosent så langt i år.

All fornyeleg produksjon har gått sterkt opp i pris.

Råvareprisar

jon@gmail.com

Vi kan byrja med nokre prisar. Prisen på kol er no det høgste han har vore på 200 år. EU skrik etter kol av di gassprisen er så høg. Trass i EUs høge kvoteprisar er straumproduksjon av kol billigare enn straumproduksjon av gass, som slepper ut mykje mindre CO2 per kilowattime. 70 prosent av kolet importert til EU, kjem frå Russland. I skrivande stund er det diskusjon i EU om kol skal inn på den russiske embargolista. EU-kommisjonen vil ha ein slik boikott. Då kjem straumprisen over heile Vest-Europa til å gå endå meir opp, og Tyskland kjem til å grava etter meir brunkol.

Når prisen på fossile kjelder, som framleis utgjer 80 prosent av primærenergien verda nyttar, går opp, går prisen på alt anna opp. Fossile kjelder har med Aristoteles vore den fyrste «bevegar» sidan den fyrste dampmaskinen vart laga.

Ammoniakk

Det finst ein børs for alt. Den internasjonale ammoniakkbørsen ligg i Tampa i Florida. Før covid låg prisen per tonn ammoniakk og flaut rundt 400 dollar. I starten av pandemien ramla han til 200 dollar. Men så reduserte Russland litt på gasseksporten sin. Som vi no veit, var det for å få opp prisen før invasjonen.

Gassmarknadene i verda er svært regionale, i motsetnad til oljemarknaden. I januar var gassprisen i Europa seks gonger høgre enn i USA. Men ammoniakk, som er ein særs viktig del av nitrogengjødsel, er ei global vare. Yara, til dømes, har verdas største flåte av frakteskip for ammoniakk. Normalt sett utgjer gass 60–70 prosent av prisen på dei ulike innsatsfaktorane når ein skal laga kunstgjødsel. Men mot slutten av 2020 byrja gassprisane å gå opp, og prisen på eit tonn ammoniakk gjekk opp til 400 dollar.

Den 27. mars vart eit tonn ammoniakk omsett for 1625 dollar. Også amerikanske bønder kjem til å produsera mindre enn planlagt i år. Ammoniakk er elles det som skal gjera internasjonal langdistansefrakt til havs utsleppsfri. Når ein produserer ammoniakk frå gass, går halvparten av energien tapt. Det same gjeld hydrogen. Tala er verre når ein skal produsera ammoniakk og hydrogen frå straum. Yara har planar for å produsera grøn hydrogen på Herøya. Statkraft og Aker var med. Førre veke trekte dei to sistnemnde seg ut. Dei fann ikkje lønsemd.

Kalium

Men i alle høve: Kostnaden på kunstgjødsel bryt alle rekordar. 25 prosent av alle innsatsfaktorane i kunstgjødsel kjem frå Russland. Kalium, som òg er ein viktig innsatsfaktor, vert i stor grad produsert i Kviterussland, som er nummer to i verda som eksportør etter Canada. Yara prøvde i det lengste å unngå å trekkja seg heilt ut av den russiske og kviterussiske marknaden av omsyn til alle dei som kjøper produkta deira, og dei som treng mat for å overleva. Men det moralske omdømet vann. Yara er no ute av både Russland og Kviterussland

Yara, som er Europas største på sitt felt, får rett nok tak i mykje av det dei treng, i andre marknader, men då er det andre og mindre kunstgjødselprodusentar som ikkje får kjøpt. Og også Yara slit. I mars var ammoniakkproduksjonen deira i Europa på 45 prosent av vanleg nivå.

Som sjefen for Verdsmatvareprogrammet, David Beasley, nyleg gav uttrykk overfor The New York Times: «Ukraina-krigen har berre lagt ein ny katastrofe på toppen av ein katastrofe. Ingenting etter andre verdskrigen er i nærleiken av å kunna samanliknast med det vi opplever no.»

Elbilar

Også for dei som har pengar, er situasjonen vanskeleg. Dei som lagar elbilar, opplever stor etterspurnad no. Dei høge drivstoffprisane, særleg på diesel, som har vorte ekstra dyr av di raffineria nyttar naturgass til å få svovelen ut av oljen, dreg opp etterspurnaden. Alt lenge før gassprisen gjekk opp, var det klart at verda mangla minerala som trengst for å laga batteri, som er knytt til det meste av den grøne vendinga.

Særleg prisane på nikkel, litium og kobolt, tre sentrale komponentar i batteriproduksjon, har ei stund vore på veg opp no. Etter krigen tok dei av. Gruver er ikkje så populære, korkje i Noreg eller i EU. Også der er Russland, som dei fleste i Vesten er samde om må boikottast, ein sentral aktør. Landet stod før krigen for 11 prosent av verdas nikkelproduksjon. Og her er det viktig å hugsa at all utvinning krev store mengder fossil energi, ikkje berre til utgraving, men særleg til ut- og omsmelting.

60 kWh

Dei moderne elbilane har no kome seg opp i batteri på 60 kWh, såpass må til skal bilane kunne gå i nærleiken av 400 km på sumarføre. Ifylgje batterigruppa Farasis Energy, som leverer batteri til Mercedes-Benz, kosta nikkel, litium og kobolt nok til eit standardbatteri 1395 dollar for eit år sidan. I byrjinga av mars i år var den same prisen 7400 dollar.

No har dei fleste noverande produsentar av batteri lange priskontraktar på mineral, så det vil taka ei tid før prisveksten manifesterer seg. Men det er særs mange som lenge har sagt at dei vil satsa på både batteriproduksjon og ny elbilproduksjon. Mange slike prosjekt kjem det ikkje til å verta noko av slik stoda er no. Her heime er no fleire varsla satsingar på batteriproduksjon avlyste på grunn av dei høge straumprisane i Sør-Noreg. Det kjem heilt sikkert til å verta fleire.

Dyr vind og sol

Men også dei som produserer vind- og solkraft, slit eller kjem til å slita. Paradokset er at di dyrare kol, olje og gass vert, di dyrare vert nysatsingar på fornyeleg energi. EU-kommisjonen har sagt at fram mot 2030 skal EU tredobla produksjonen av vind- og solenergi. Bloomberg har rekna seg fram til at det åleine kjem til å krevja 52 millionar tonn stål. Det vert vanskeleg når stålprisen, som igjen er heilt avhengig av straumprisen og treng gass og mykje anna i produksjonen, har gått opp med 51 prosent i år. At Ukraina og Russland, som står for ein femtedel av stålimporten til i EU, er ute av marknaden på grunn av sanksjonar og krig, hjelper heller ikkje.

Det er òg slik at Ukraina og Russland har vorte spesialprodusentar av visse typar legeringar. Desse er no borte frå marknaden. Dei som hadde planlagt eller byrja å nytta desse på eit prosjekt, må no stogga arbeid dei hadde planlagt eller byrja på.

Kopar er eit anna problem. Å realisera EUs planar for vind og sol krev minst 7,7 millionar tonn av metallet før 2030, truleg mykje meir. Prisen på kopar er også på veg opp, og det har han vore lenge. Då har vi ikkje nemnt at kopar vert nytta i kraftnettet. Planane EU har om fornyeleg energi, vil krevja nettinvesteringar fram mot 2050 på minst 1,5 billionar dollar, skal vi tru analysedelen til Bloomberg, BNEF. 1500 milliardar dollar vert mykje kopar.

Aluminium

Så var det dette med aluminium. Som skrive før her i avisa: Det er tre ting EU og Storbritannia vil ha frå Noreg: billig kraft, billig metall og billig kunstgjødsel. Dei kan ikkje få alle tre. Norsk kraftkrevjande industri har lange kontraktar på straum, men i Europa har produksjonen av metall og kunstgjødsel gått kraftig ned på grunn av den høge kraftprisen og mangelen på gass.

Men Hydro ligg no an til å tena endå meir på aluminium. Siste året har prisane gått opp 68 prosent, og dei siste tre vekene har prisen stige med 15 prosent. Russland stod for 5 prosent av den samla produksjonen i verda i fjor, og samstundes er produksjonen av aluminium altså på veg ned i EU på grunn av dei høge straumprisane. Aluminium er ein berebjelke i det grøne skiftet.

Har ikkje råd

Dei som skal byggja alt dette nettet, alle desse vindturbinane og all denne solkrafta, må levera tilbod. Dei må koma med ein pris som gjerne skal gjelda leveransar fire–fem år fram i tid. Dei må taka høgd for at råvareprisane går endå meir opp, og står i fare for å gå på store tap. Alt no er det ei rekkje infrastrukturprosjekt i Europa som er avlyste. Bruer vert ikkje bygde, Oslo og Viken må no vraka anten ny T-banestasjon på Majorstua eller ny bane til Fornebu – dei skuldar på råvareprisar – og vindkraftkontraktar får ikkje bydarar, som er naturleg når produksjonskostnadene i fjor gjekk kraftig opp og no er attende på nivå sist sett i 2016.

Vi har alle vorte fortalt at alt fornyeleg vert stadig billigare. Men no er vindprosjekt, elbilar og solceller mykje dyrare å produsera. Det er heilt vanleg at ny teknologi vert billigare i takt med at han vert betre, men til slutt når ein ei fysisk grense. Ein får ikkje eit batteri eller ein vindturbin billigare enn det dei underliggjande innsatsfaktorane kostar.

Byggjestogg

Satsinga på fornyeleg energi har no møtt den same veggen som byggjebransjen i Noreg har møtt. Ei rekkje entreprenørar varslar no at dei vil setja bustadprosjekt på vent av di råvareprisane har vorte så høge. Før covid kosta eit tonn armeringsjarn 550 dollar på verdsmarknaden, i mars i år kom armeringsjarn opp i 1250 dollar.

Korleis har vi hamna her? Vi må nok leita langt attende. Globaliseringa har tent Vesten og EU godt. Heile sovjetimperiet satsa på energi og energiforedling i alle moglege former. Dei ville vera sjølvforsynte, og valutainntektene fekk dei gjennom sal av olje og gass. Då muren fall, stod det enorme gruver og mykje metallindustri utan kundar att over store delar av Aust-Europa.

Mange av desse bedriftene vart stengde, men mange fann også nye marknader i Vest-Europa. Det var inntektene frå desse selskapa som skapte oligarkane. Ukraina hadde ikkje særleg med energi anna enn ein del gass, dei er Europas fjerde største produsent. Men også dei byrja ein stor metall- og kunstgjødseleksport, særleg frå dei austlege delane, der Russland no står.

Gass

Dimed vart mykje tungindustri lagd ned i EU og gruver stengde. Men i tillegg kom det at Vest-Europa fekk tilgang til billig gass frå Russland, noko som vart særs nyttig då EU skulle få ned klimautsleppa. Både Storbritannia og Nederland har att store gassressursar. Storbritannia har til dømes store førekomstar på land som eignar seg for fracking.

Nesten kontinuerleg sidan muren fall, har gassproduksjonen gått ned i Storbritannia og EU. Russland har meir enn fylt tomrommet. Ingen land i Vest-Europa har satsa særleg på gass, sett vekk frå Noreg, som no vert bede av EU og Zelenskyj om å produsera og levera mykje meir.

Det er vanskeleg å spå om kvar prisane på råvarer og tungindustriprodukt skal framover, men marknaden ser ut til å tru at krigen går over, og at Russland på ny vert integrert i den vestlege marknaden, elles ville både dagens prisar og framtidsprisane vore mykje høgre enn dei er. Mot eit slikt syn veg det stadig større raseriet vi i Vesten byggjer opp mot overgrepa vi kvar dag ser frå russisk side i Ukraina. Trur vi verkeleg at Russland vert ein fullverdig medlem av den internasjonale råvareøkonomien i nær framtid?

Har det vi treng

Vesten har dei ressursane som skal til for å byggja det vi meiner vi treng, også til den grøne satsinga. Men om vi ikkje lenger vil ha det russarane kan tilbyda oss, lyt vi sjølve satsa på meir landbruk, fleire gruver, meir utvinning av gass og olje og meir tungindustri i fleire tiår framover. Det er heller ikkje slik at det er utan risiko å satsa på Kina.

Men ei auka satsing på vestleg sjølvberging har ein kostnad. Redusert globalisering kjem til å føra til svekt levestandard i Vesten. Kina og Russland har produsert både ferdigvarer og råvarer billigare enn vestlege land. Men Vesten treng ikkje svelta. Det kjem dei fattige på andre kontinent til å gjera.

Særleg det at EU og Storbritannia ikkje har vore viljuge til å investera i gass –?og gassressursane finst, både hjå oss og i venlege nærområde – gjer at folk kjem til å døy andre stader i verda. USA har derimot satsa på gassfracking og kan truleg på sikt tilby meir flytande gass, LNG. Det kan også dei arabiske landa. Men det å laga LNG krev mykje energi. LNG-gass har dobbelt så høge CO2-utslepp som norsk gass som går i røyrleidning. Det høyrest ikkje ut som ei grøn vending. Her høyrer det kan henda med å nemna at den forma for energiproduksjon som krev minst areal og minst råvarer, er atomkraft.

Balansekraft

Auka satsing på vind og sol har så langt ført til større etterspurnad etter balansekraft i form av gass, som er den einaste godt eigna balansekrafta til vind og sol saman med magasinkraft. Då burde EU kanskje ha lagt til rette for høgre produksjon av gass òg.

For få i Vest-Europa har truleg tenkt strategisk om kva verkeleg tryggleik er, og kva grunnleggjande behov vi menneske har. Mat og energi burde ha vore høgre oppe på lista. Økonomar plar kalla redusert førespurnad etter ei vare for «demand destruction», etterspurnadøydelegging. Det er ikkje så farleg når det står skrive, men det kan få stygge konsekvensar i det verkelege livet.

Om Vesten ikkje hadde gjeve Russland sjølvtillit nok til å gå til åtak på Ukraina, hadde ikkje dei 15 millionar tonna med korn som no ligg på lager i Ukraina, vore der. Dei hadde vore på veg mot Nord-Afrika, som vantar kunstgjødsel i tillegg til mat.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trur vi verkeleg at Russland vert ein fullverdig medlem av den internasjonale råvareøkonomien i framtida?

Fleire artiklar

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis