JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

ØkonomiSamfunn

– Russland har mist vekstkrafta

Russlands økonomi går tilsynelatande godt. Tala lyg, meiner Jeffrey Sonnenfeld ved Yale.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Nøkkeltala for russisk økonomi kjem frå det russiske statistiske sentralbyrået Rosstat.

Foto: Dmitri Lovetsky / AP / NTB

13092
20230303
13092
20230303

Økonomi

jon@dagogtid.no

Det skulle gå økonomisk verkeleg gale for Russland om dei gjekk til invasjon av Ukraina, var melodien vi fekk høyre før starten av Putins krig. Mellom anna lovde Joe Biden at russarane skulle få oppleva «økonomiske konsekvensar som ingen før har sett», dersom dei kryssa grensene til grannelandet.

Konsekvensane kom. Heile Vesten saman med Japan fraus alle valutareservar, 300 milliardar dollar som den russiske sentralbanken hadde i dei ulike sentralbankane i rike land. Brorparten av dei russiske bankane vart stengde ute av det internasjonale veksle- og betalingssystemet Swift, store delar av utlandsformuane til russiske oligarkar vart konfiskerte, og sist, men kanskje ikkje minst, kom eksportforbod av teknologi til Russland.

Vekst i 2023

Det økonomiske sanksjonsregimet vart knallhardt, og tilsynelatande likevel ikkje. Der dei rekkje internasjonale økonomiske fagmiljøa spådde ein attendegang i den russiske verdiskapinga i 2022 på ein stad mellom 10 til 20 prosent, enda resultatet berre i minus 2,5 prosent, skal vi tru den russiske sentralbanken og Det internasjonale pengefondet, IMF, som no spår at russisk BNP vil auka med 0,3 prosent i 2023.

Jau, Russlands eksport av gass gjekk drastisk ned i 2022, men når prisen på den same gassen gjekk drastisk opp, ja, så tente likevel Russland langt meir på gasseksporten enn i eit normalår. Og no skal dei altså få vekst i år, medan eit land som Storbritannia, spår IMF, får ein attendegang på 0,6 prosent av BNP.

Oppgang i investeringar

Korleis gjekk det med interne investeringar i Russland som Bloomberg Economics spådde skulle gå attende med 20 prosent i 2022? Då same Bloomberg Economics reviderte tala sine no i februar, kom dei til at investeringane i Russland hadde gått opp med 6 prosent. Då utlendingane trekte seg ut, steppa den russiske staten inn og pøste pengar over verksemder som utlendingane forlét, og samstundes vart våpenindustrien sett i høggir. Importen av realkapital og konsumvarer frå Kina har gått i taket.

Det er likevel noko som skurrar her. Kven er det som hentar inn tala, analyserer dei og sender dei vidare til slike som IMF, som har russiske økonomar tilsette for å analysera Russland? Det er Rosstat, Russlands svar på Statistisk sentralbyrå, som her heime har ansvar for nasjonalrekneskapen, som Rosstat har i Russland. Skal vi tru Rosstat, gjekk den russiske økonomien berre attende med 2,1 prosent i 2022, som er mindre enn det sentralbanken seier.

Faktum er at vi ikkje kan lita på Rosstat. I fjor fekk dei fleire gonger nye leiarar, truleg av di Putin ikkje var nøgd, og frå før av veit vi at dei manipulerte til dømes covid-19-statistikken. Fleire gonger dei siste åra har dei også endra på tal om levevilkår hjå vanlege russarar, tal som i utgangspunktet stilte Putins skryt i eit dårleg lys.

Putins tal

Russland gjennomførte i praksis ikkje særleg med tiltak mot covid-19, og dei tiltaka som kom, vart i høg grad ignorerte av innbyggjarane. Men kva sa tala frå Rosstat? Jau, Rosstat sa at 340.300 «ekstra» døydde i Russland i 2020, men dei sa samstundes at berre 144.700 døydde av koronaviruset. Resten døydde av lungeinfeksjon, som gjekk opp 2,6 gonger, diabetes, som gjekk opp med 26 prosent, og så vidare. Ingen har grunn til å festa lit til desse tala.

Ein som verkeleg ikkje lit på Rosstat, han kallar tala som kjem derifrå for «Putins tal», er økonomiprofessor Jeffrey Sonnenfeld ved Yale University. Straks invasjonen var eit faktum, samla han ei gruppe på over 80 friviljuge som gjorde det til si oppgåve å samla inn så mange tal som mogleg om den russiske økonomien, særleg tal om korleis multinasjonale selskap reagerte på invasjonen.

Sonnenfeld har til dømes ikkje mykje godt å seia om danske Carlsberg, som har nekta å trekkja seg ut, og som framleis tener store pengar i Russland.

Tull og tøys

Sonnenfeld seier enkelt og greitt at tala frå IMF, den russiske sentralbanken, OECD, Rosstat og så vidare er «tull og tøys». Denne artikkelen er bygd på eit intervju Sonnenfeld har gjeve til Deutsche Welle og artiklar han har skrive i Foreign Affairs, Foreign Policy og Fortune.

Sonnenfeld seier rett ut at vi ikkje anar kva dei rette tala om vekst og attendegang i russisk BNP er, men at dei tala han og gruppa hans har samla inn, indikerer ein mykje større attendegang i russisk økonomi enn Putin og dei ulike statistikkbyråa hans presenterer, og at den økonomien som er att, står på leirføter.

Langt over 1000 globale selskap har trekt seg ut av Russland. Desse selskapa hadde i 2021 ei omsetning i Russland som svarte til 36 prosent av BNP, og hadde 12 prosent av den russiske arbeidsstyrken som tilsette. Nei, at desse selskapa trekte seg ut, inneber ikkje at alle dei tilsette vart sagde opp og dei russiske avdelingane lagde ned. Mange selskap heldt fram med nye eigarar eller vart tekne over av staten, men mykje av aktiviteten i selskapa er enkelt og greitt borte.

Ser på sal

Sonnenfelds metode handlar, som han seier, om at «for kvar kjøpar er det ein seljar». Hamner i Vesten trykkjer lister over det dei importerer og det dei eksporterer. Statistikkbyrå verda over publiserer tala over varer og tenester som kryssar grenser. Det kan vera at Rosstat manipulerer tal, men kva som vert eksportert frå ei rekkje land, det finst det tal på. Desse tala har Sonnenfelds gruppe samla inn.

Dessutan kjem det annan informasjon frå Russland som kan nyttast. Sonnenfeld-gruppa har til dømes ei mengd bilete av kjøleskap som har vorte «slakta», av di også kjøleskap inneheld mikrobrikker, som kan nyttast i våpenindustrien. Massivt med velfungerande utstyr som inneheld element som våpenindustrien treng, er no øydelagt. Dette verdi- og velferdstapet fangar ingen vanleg statistikk opp.

Farlege bilar

Tak noko så enkelt og vanskeleg som bilproduksjon: Sonnenfeld-gruppa har henta inn tal frå stort sett alle som før eksporterte bildelar til Russland. Sonnenfeld påstår at eksporten av slike delar til Russland har gått ned med 99 prosent. I røynda vert det ikkje produsert skikkelege bilar lenger i Russland, til dømes har russiske styresmaktar fjerna krav om kollisjonsputer.

Rosstat seier at det vart produsert 450.000 bilar i Russland i 2022, som er ned 67 prosent frå året før. Om det talet er rett, må bilane ha vorte produserte på basis av delar importerte før krigen, men Sonnenfeld lit ikkje på dei tala heller.

Ja, vedgår han. Det går framleis fly i Russland, og desse flya er importerte frå Vesten. Men korkje Airbus eller Boeing leverer lenger reservedelar til flya. Den einaste måten Aeroflot kan halda fram med å tilby flygingar på over tid, er ved å slakta eitt og eitt fly for delar, til dei slutt ikkje sit att med fly.

Slutt med gass?

Jau, Russland har tent massivt på fossileksporten. Men før krigen gjekk 86 prosent av Russlands gassproduksjon til EU. Den eksporten er no så godt som borte, og sjølv om eksporten til Kina har gått opp, har ikkje Russland i nærleiken av den røyrleidningskapasiteten mot aust og sør som dei før hadde mot vest. Overskotet på Russlands samla olje- og gasseksport er no 500 millionar dollar lægre per dag samanlikna med det Russland tente på det meste i 2022.

Før krigen utgjorde valutainntektene frå olje og gass over 50 prosent av eksportinntektene og vel 50 prosent av inntektene til statskassa og 20 prosent av BNP. Den tida er over. Tek vi med kapitalutgiftene, bør Russland få betalt vel 42 dollar per fat olje for å tena pengar. Pristaket på russisk olje som G7, USA, Canada, Storbritannia, Japan og i praksis EU har innført, er meint å hindra at Putin tener særleg med pengar på oljen, samstundes som han nett tener nok til å halda oppe produksjonen. Det ser ut til å fungera.

Jeffrey Sonnenfeld ved Yale University i USA har sanka eigne tal for stoda i russisk økonomi som indikerer ein mykje større attendegang enn Putin og dei ulike statistikkbyråa hans presenterer.

Foto: UD i USA / Wikimedia Commons

Like mykje olje

Russisk oljeproduksjon har halde seg oppe omtrent som før, om lag 7 millionar fat per dag, og manglande olje har såleis ikkje ført til ein kraftig prisoppgang på olje globalt, men den oljen som før gjekk til Vesten, går no mykje til Kina og India. Det tek ein månad å få olje til India, og fraktkostnadene er høge, om lag 10 dollar fatet. Dimed har den daglege kontantstraumen frå oljen gått ned frå 600 millionar dollar per dag til 200 millionar dollar.

Dessutan må ikkje berre olje- og gassinfrastrukturen vedlikehaldast, som vert vanskeleg når vestlege selskap har trekt seg ut, men også slikt som databasar, fiber og mobilmaster. Kven skal gjera det, når 500.000 unge og velutdanna menneske rømde landet straks invasjonen var eit faktum, og minst 700.000 til flykta då mobiliseringsordren kom? Kasakhstan og Georgia seier at dei har motteke minst 200.000 kvar av i hovudsakleg unge og velutdanna russarar.

Varme minibankar

Grannelanda i aust og sør er ikkje med i sanksjonsregimet mot Russland, difor har det vore mogleg for russarar som har flykta, å taka ut pengar i desse landa. Uttaka har gått opp over ti gonger samanlikna med før krigen. Mykje av pengane har russarane nytta til å investera i nye arbeidsplassar, seier Sonnenfeld.

I Usbekistan, til dømes, har Tasjkent IT Park auka omsetninga med 223 prosent og hatt ein vekst i eksporten på 440 prosent. Hjerneflukta er verkeleg stor.

Samstundes går prisane på dyre bustader rett opp i byar som Istanbul og i Dei sameinte arabiske emirata. Truleg har så mange som 30 prosent av dei rikaste russarane forlate Russland. I tillegg har så mange som 10.000 russiske gravide kvinner drege til Argentina for å føda. Born fødde i Argentina får automatisk argentinsk pass, og deretter får foreldra det, om dei vil ha det. Og det vil russarar.

Irrelevant

Sonnenfeld går så langt som å seia at Russland er i ferd med å verta irrelevante i dei globale verdikjedene innanfor råvarer. I 2021 kom 46 prosent av gassen til Europa frå Russland. Mot slutten av 2022 importerte EU meir LNG enn dei noko gong har importerte røyrgass frå Russland målt mot same tidsperiode, hevdar han.

Innan 2024 vil verda ha bygd ut kapasitet til å eksportera 200 milliardar kubikkmeter ekstra naturgass i form av LNG, ein kapasitet som vil vera større enn Russlands samla eksport av gass i 2021.

Russland kunne før rekna med å eksportera 150 milliardar kubikkmeter med gass til EU i eit normalår. Det har vorte erstatta med ein mykje mindre ekstraeksport til Kina på 16 milliardar kubikk. Ny eksportkapasitet til Kina vil det taka minst ti år å byggja.

Ja, Russland har vore store innanfor mineral og metall også, men sidan prisane gjekk så høgt i byrjinga av krigen, har fleire gruver andre stader i verda vorte opna og ny kapasitet lagt til. Dei komande to åra vil ekstra kapasitet innanfor kobolt og nikkel, svarande til Russlands samla eksport i 2021, koma til andre stader i verda.

Kina og India

Ja, Russland har framleis Kina, men Kina køyrer harde prisstigningar med Russland, som også India gjer. India auka sin import av russisk olje i 2022 heile 33 gonger samanlikna med 2021. Men dei forlangte 40 prosent rabatt målt mot verdsmarknadsprisar. Kina har kravd opp til 50 prosent rabatt. No i januar måtte den russiske sentralbanken veksla inn 55 milliardar yuan frå valutareservane dei framleis har i Kina, som truleg tek seg ekstra godt betalt når andre driv med sanksjonar mot Russland.

No skal det seiast at Sonnenfeld verkar å vera vel sikker om kor dårleg det står til i Russland. Når han seier at Russland må ha ein oljepris på over 42 dollar for å tena pengar, er det under føresetnad av at Russland skal ha betalt for investeringar dei alt har gjort. Men når desse investeringane fyrst er gjorde, ja, så står oljeriggane der og går. Driftskostnader er noko anna enn gjennomsnittlege balanseprisar som oljeselskapa reknar på før dei byggjer ut felt.

Det er òg slik at mesteparten av verda framleis vil ha russiske råvarer og kunstgjødsel. Sjølv om Vesten og Japan ikkje vil kjøpa, vil India, Afrika og Sør-Amerika i tillegg til Kina framleis ha russiske råvarer. Ingen av seglingsleiene ut av Russland er stengde.

Vekstkraft borte

Det er likevel klart at særs mykje av vekstkrafta i Russland er borte. Dei ferdigprodukta som vart laga i Russland for den heimlege marknaden, slik som bilar og kvitevarer, vart i hovudsaka laga av vestlege selskap eller på lisens frå desse selskapa. Dei er no nesten alle ute. Nye olje- og gassinstallasjonar vart i stor grad bygde med vestleg hjelp. Også mykje av drifta vart gjord av vestlege selskap, som har ein kunnskap som ikkje kan erstattast over natta.

Dessutan vert det særs vanskeleg å oppretthalda moderne infrastruktur når dei beste hjernane har drege til andre land. Kven held ved like slikt som serverane til den russiske trygdeetaten? At Vesten er borte som handelspartnar, om ikkje for alltid så i mange år framover, er ikkje ein dristig spådom. Det er ikkje sikkert russarane vil lika det som kjem etter EU og Tyskland.

Som Sonnenfeld skriv i Fortune: «Det ser ut til at Russland er på veg ned i eit hol dei lenge har vore redde for å falla i – dei hamnar i ein posisjon der dei vert ein økonomisk vasallstat av Kina, deira leverandør av billige råvarer.»

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Ein tilhengar av Donald Trump med MAGA-ostehovudhatt.

Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB

Ordskifte

Framleis ikkje overtydande

I eit historisk lys er det meir treffande å seie at Trump og MAGA-rørsla sitt særkjenne, ideologisk sett, er at dei står for grunnlova og dei verdiane som er nedfelte der.

ØivindØstberg

Cannabiskafé i Los Angeles.

Cannabiskafé i Los Angeles.

Foto: Richard Cogel / Reuters / NTB

Ordskifte
BjørnRøse

Hvor skal man sette grensene?

Gode forsetter og kunnskapsmangel er en farlig kombinasjon.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Frå innspelinga av Mor i Nidarosdomen.

Foto: Morten Lindberg

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Vekselverknad

Nidaros Domkor skaper einskap mellom fortid og notid.

Situasjonen på Gaza no gjev grunn til å seie opp samarbeidsavtalar med israelske universitet, meiner folkerettsprofessor Terje Einarsen. Bilete frå Khan Younis sør på Gaza.

Foto: Mohammed Salem / REUTERS

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Forsvarar universitetsboikott

Folkerettsprofessor Terje Einarsen meiner samarbeid med israelske universitet, er med på å legitimere ulovleg okkupasjon, folkemord og brotsverk mot menneske.

Ida Fjeldbraaten arbeider som tekstforfattar og driv miniforlaget Teori & praksis.

Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss

BokMeldingar

For å seie det mildt

Allereie dei gamle grekarane visste om sambandet mellom framskritt og feilsteg.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis