Frå matfatet
Ny frihandelsavtale
Når Noreg tingar om handel, handlar det mest om mat.
Eit lite lysteleg gjensyn. Likevel er et naudsynt å sjå dette biletet no og då, for å minne oss på kor maten vår eigentleg kjem frå.
Foto: Andre Penner / AP / NTB
I september har Noreg, gjennom Efta, signert ein frihandelsavtale med dei søramerikanske Mercosur-landa (Argentina, Brasil, Uruguay og Paraguay). Innhaldet i avtalen var løynt fram til etter signering, og konsekvensane av innhaldet er ikkje greidde ut.
Som vanleg.
Men kva står det i den 1800 sider lange og 12 kilo tunge avtalen? Noreg gjennomfører altså ikkje uavhengige konsekvensutgreiingar av frihandelsavtalane våre – i det minste ikkje noko som nokon gong vert offentleggjort. Men EU har gjort det, då dei offentleggjorde sin frihandelsavtale med Mercosur tidlegare i år. Forholda er ikkje heilt samanliknbare, men vi skal sjå på nokre punkt likevel.
Sjølv om avtalen inneheld punkt om og krav til tiltak knytte til klima i samband med Parisavtalen, konkluderer den austerrikske stiftinga for utviklingsforsking (OFSE) med at tiltaka har høgst symbolsk natur, og at innhaldet i avtalen vil bidra til å auke klimagassutsleppa. Avtalen vil òg truleg føre til tap av opp mot 120.000 arbeidsplassar i EU, føre til negativ utvikling i bruttonasjonalprodukt (i det minste på kort sikt) og svekke høvet EU får til å innføre nye sosiale reguleringar og miljøreguleringar i framtida.
Frå alt dette trekker rapportforfattarane slutninga at avtalen vil bidra lite til å styrke den økonomiske tryggleiken i Europa.
Null toll på fisk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.