JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norsk spesialitet: ost frå Irland

Tine byggjer meieri i Irland, og fortel at dei ikkje treng ein einaste drope norsk mjølk for å lage norsk merkevare. Godt over halvparten av all Jarlsberg kan i framtida vere produsert i Irland.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Meierisamvirket Tine skal bruke 750 millionar kroner på å byggje meieri for produksjon av Jarlsberg – i Irland.

Foto: Tine

10805
20171215
10805
20171215

MATPRODUKSJON

eva@dagogtid.no

I ein reklamevideo frå meierikonsernet Tine no i førjulstida står fjøsnissen bak blå vindaugskarmar saman med vesle Maja og ser ut på månen som skin over nysnø. «Jeg blir så sulten av å se på ’n», seier nissen og prøvar å overtyde Maja om at månen er ein ost. Maja veit betre: «Månen er laget av stein eller noe.» Men ho vert motsagt. «Nå er du veldig naiv. Det er det de vil du skal tro», seier nissen. «Hvem?» undrar Maja, og nissen har det litt oppgitte blikket når han svarar: «Meierisyndikatene. De ville ikke fått solgt ost om folk visste at det er masse gratis ost der ute. Tenk deg det, da.»

Dersom vi tek reklamen på ordet og tenkjer på de, kva er det Tine vil vi skal tru? At det er mykje gratis ost der ute? At det som skin, kan vere laga av stein?

Spørsmåla er ikkje mindre relevante etter førre veke. Då vedtok styret i Tine å bruke 750 millionar kroner på å byggje eit gigantmeieri for produksjon av Jarlsberg-ost – i Irland. Målet er å erstatte og auke den norske produksjonen som har gått til eksport, når det etter 2020 vert ulovleg å gje eksportstøtte, som følgje av WTO-reglar. Jarlsberg-eksport frå Noreg utan subsidiar kjem ifølgje Tine ikkje på nokon måte til å vere lønsamt. Norsk råvarepris på mjølk er for høg til å kunne konkurrere utanlands.

I framtida skal difor samvirket – som opphavleg vart danna som eit salslag for norske mjølkeprodusentar – i hovudsak bruke irsk mjølk for å produsere Jarlsberg for eksportmarknadene. Godt over halvparten av all Jarlsberg-ost kan i framtida vere produsert i Irland.

Irlands-planane har vorte kritiserte. Tine «dreper» merkevaren og undergrev argumenta for at norsk beite, norske kyr og norske bønder har unike kvalitetar, skreiv Hilde Charlotte Solheim, juryleiar for Årets lokalmatgründar, i nettavisa Kampanje i sommar. Tine svara mellom anna at det er like krav til produksjon av Jarlsberg utanfor Noreg som i Noreg, og at «det skal ikke være stor forskjell mellom norsk og irsk produsert Jarlsberg».

Bodskapen er altså at det ikkje trengst éin drope norsk mjølk for å lage det som er ein norsk merkevareost, og at det heller ikkje finst kvalitetsargument for å lage osten på norsk mjølk. Kvifor vil eit selskap eigd av norske mjølkebønder sende eit slikt signal?

«Irsk ost slår tilbake»

Den som vil vere djevelens advokat, har nok å ta av her.

Den store kostnaden ved å produsere ost, er mjølkeprisen, ifølgje Atle Kjøl Jacobsen, som er konstituert konserndirektør i Tines internasjonale avdeling. Mjølkeprisen i EU er i dag nesten 2 kroner lågare per liter enn i Noreg. Det vil seie mellom 30 og 40 prosent lågare. Vert osten selt til Sverige, kan nordmenn få kjøpt irskprodusert Jarlsberg som er billigare enn – og like god som – den norskproduserte, like over grensa.

Som følgje av EØS-avtalen finst det òg tollfrikvotar for ost frå EU til Noreg. Kvotane er for tida 8400 tonn årleg. I teorien kan norske matvarekjeder bruke desse til òg å importere irskprodusert Jarlsberg, stadfestar Landbruksdirektoratet. Og kvifor skulle dei ikkje ville det, om osten er både billigare enn og like god som den norskproduserte?

Dagens Næringsliv og Finansavisen, som verken er særleg glade i landbrukssubsidiar eller importvern, har begge raljert over satsinga i Irland på leiarplass. «Mat produsert i utlandet er altså like god som mat produsert i Norge. Det er bare å ønske landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) lykke til med neste års jordbruksforhandlinger», skriv DN.

Landbruksministeren har i eit innlegg på Facebook ønskt Tine lukke til. «Norske bønder er gode kapitalistar», skriv han. Blant dei som har kommentert innlegget, er det derimot liten entusiasme å spore. «Er redd for at irsk ost slår tilbake og knekker den norske osten på pris», skriv éin. Andre skriv: «Dette er tøysete. Kalkylene er laga av folk som kjenner prisen på alt, men ikke kjenner verdien av noe», eller «Skal norske mjølkebønder lukkast, er det verdiskaping på den norske mjølka som gjeld».

Hilde Charlotte Solheim, juryleiaren for Årets lokalmatgründar, er òg styreleiar for Destinasjon Røros, som sel og marknadsfører Røros-regionen som reisemål. Ho meiner Tine med avgjerda tek eit stort, men feil, vegval.

– Det går sikkert å lage flott ost av irsk mjølk, men vi er jo inne i ei tid der vi prøvar å reindyrke dei unike kvalitetane og smakane ved norsk produksjon for å skape høgare verdiar. Når Tine, som er ein så dominerande aktør i den norske marknaden, brukar investeringsmusklane sine i Irland, er det eit vegval i retning meieriindustri utan lokalt eller nasjonalt særpreg. Bodskapen til Tine er at vilkåra mjølka er produsert under, ikkje er så viktige. Det er i strid med deira eigen reklamebodskap, som seier at norsk geografi og dyrevelferd gir norsk mjølk og ost eit eige særpreg.

– Ville vore kritisk

Tine har produsert Jarlsberg-ost utanlands i fleire år alt. 17 år i USA, der konsernet no har eige produksjonsanlegg, og ti år i Irland, der det i dag driv leigeproduksjon hjå meierisamvirke Dairygold. Johnny Ødegård, som er konserndirektør for rådgjeving og medlemmer i Tine svarar i eit e-brev til Dag og Tid at utlandsproduksjonen vart starta fordi etterspurnaden oversteig eksportkvota frå Noreg.

I 2017 utgjer utlandsproduksjonen samla rundt 7300 tonn ost. Det går ifølgje Tine med rundt ti liter mjølk for å produsere eitt kilo ost, så mengda svarar til 73 millionar liter mjølk frå irske og amerikanske kyr. Til jamføring er det norske forbruket av Jarlsberg i år på rundt 8500 tonn.

I tillegg produserer Noreg litt over 9000 tonn Jarlsberg årleg for eksport, så lenge det varer. Meieriet i Irland skal ha kapasitet til å produsere 20.000 tonn årleg, og tek over når subsidiane som gjer dagens eksport mogleg, vert fasa ut i 2020.

Samstundes forsvinn altså marknaden for nær 90 millionar liter mjølk produsert i Noreg. Bortfallet av eksportsubsidiar råkar samla om lag åtte prosent av den totale norske mjølkeproduksjonen.

Hilde Charlotte Solheim meiner Tine burde konsentrere både kompetansen og investeringsmidlane mot å vidareutvikle norsk produksjon og den norske verdikjeda fyrst og fremst. Ikkje mot å vere meieristyrarar i Irland.

– Oppdraget til Tine burde vere å skape høgst moglege verdiar av norsk mjølk. Eksport er ikkje eit mål i seg sjølv, om det tek vekk vektlegginga av denne oppgåva. Dersom eg var mjølkebonde og eigar i Tine, ville eg ha vore sterkt kritisk til dette, seier ho.

– Styrkjer bonden

– I ein stor organisasjon som Tine, med 11.000 eigarar, er det naturleg at det finst ulike syn. Slik også i denne saka. Men i det store og heile er inntrykket mitt at dei fleste av eigarane stiller seg bak strategien om å ta vare på merkevaren Jarlsberg gjennom å produsere meir av han utanlands når eksportstøtta forsvinn, svarar Ødegård i Tine.

Tine meiner satsinga i Irland ikkje undergrev, men styrkjer norsk landbruksproduksjon.

– Å styrkje Tines sterkaste merkevare internasjonalt vil i neste omgang styrkje økonomien til norske mjølkeprodusentar, seier han.

Det er ifølgje Ødegård heller ingen ting som tyder på at Jarlsberg-produksjonen i utlandet kjem til å gå ut over norsk produksjon av Jarlsberg til forbruk i Noreg.

Konstituert konserndirektør i Tines internasjonale avdeling, Atle Kjøl Jacobsen, meiner òg det skal svært mykje til for at Jarlsberg produsert i Irland kan verte importert til Noreg gjennom tollfrikvotane som følgjer av EØS-avtalen.

– Tine har god kontroll på kven vi sel til, og vi må miste kontrollen før noko slikt kan skje, svarar han per e-brev.

Irsk merke

I vår fekk Dagbladet to osteekspertar frå ein delikatessebutikk i Oslo til å jamføre smaken på irskprodusert Jarlsberg kjøpt i Sverige og norskprodusert Jarlsberg frå Noreg. Dei fann «en markant smaksforskjell». Det same gjorde kundane deira, som også prøvde ostane. Ifølgje Dagbladet var osten kjøpt i Sverige ikkje merkt som produsert i Irland. Det skal Jarlsberg-osten som vert produsert på Tines nye meieri i Irland, vere, forsikrar Jacobsen.

Spørsmål om den markante smaksskilnaden osteekspertane fann mellom norskprodusert og irskprodusert ost, får til svar at Tine har produsert Jarlsberg i USA og Irland i mange år, og osten er teken godt imot i marknaden. Det er like strenge krav til kvalitet på råvara i USA og Irland; all Jarlsberg er laga på det som svarar til norsk elitemjølk og etter same oppskrift.

Jacobsen seier òg det er eit «klokkeklart krav» at mjølka Tine tek imot, både i Noreg, Irland og USA, skal vere utan restar av antibiotika og garantert fri for bruk av GMO.

– Hadde ikkje val

Professor og forskar Reidar Almås ved det som før heitte Norsk senter for bygdeforskning ved NTNU, no Ruralis, har skrive om Norsk Landbrukshistorie. Han meiner Tine ikkje har anna val enn å auke produksjonen av Jarlsberg utanlands når eksportsubsidiane vert fasa ut. Alternativet ville vore å slutte å selje Jarlsberg i verdsmarknaden, og det hadde gått ut over mjølkebonden, ifølgje han.

– Fortenesta Tine har av å produsere Jarlsberg med mjølk i utlandet, har gjeve bøndene solid tilbakebetaling dei siste åra. Det er snakk om fleire titusen kroner i etterbetaling, seier han.

No trur han fortenesta frå sal av Jarlsberg kan klare å halde status quo, men unngå tilbakegang. Mjølkeprisane kjem likevel til å verte pressa ned av overproduksjon i den norske marknaden når eksporten stoppar, seier han.

Vanskeleg å talfeste

Jarlsberg vert i dag seld i 15 land ved sida av Noreg. Dei store voluma går til USA, Canada, Australia, Storbritannia, Sverige og Tyskland. Merkevara står for ein stor del av den internasjonale omsetnaden til konsernet, som samla var på 2,9 milliardar kroner i fjor, ifølgje Jacobsen.

– Tines internasjonale avdeling hadde i 2016 eit overskot i drifta på 77 millionar kroner, og bidreg såleis til å løfte mjølkeprisen for eigarane i Tine, seier han.

Til jamføring vart det i 2016 gjeve tilskot på 81,9 millionar kroner til merkevareeksport av ost, ifølgje tal frå Landbruksdirektoratet

Kor stor inntening Tine har hatt frå utlandsproduksjonen av Jarlsberg isolert, altså minus eksporten, har det ikkje lukkast Dag og Tid å få svar på frå Tine.

Kor stor inntening anlegget i Irland kan gje på sikt, har Tine heller ikkje svar på.

– Å talfeste framtidig inntening er ikkje enkelt, sidan det er mange faktorar som påverkar resultat, slik som mjølkepris, effektiviteten i drifta, valutakursar og tollreglar, seier Jacobsen.

Om det er gråstein eller ost som blenkjer der ute, står dermed att å sjå.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Dersom eg var mjølkebonde og eigar i Tine, ville eg ha vore sterkt kritisk.

Hilde Charlotte Solheim

Emneknaggar

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis