JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

NaturSamfunn

Fossilalderen slår sprekker

I Nederland er sjølv jordskjelva menneskeskapte. Gasseventyret i Groningen enda som eit mareritt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I det nordlege Nederland er kring 80.000 hus skadde av jordskjelv dei siste 20 åra. Dette biletet er teke i Hunzinge i 2018.

Foto: NTB

25232
20230310

Groningen-feltet

Eitt av dei største gassfelta i verda.

Oppdaga ved landsbyen Slochteren nord i Nederland i 1959.

Vart sett i produksjon i 1963.

Har dekt storparten av gassforbuket til Nederland sidan da.

Gassen vart òg eksportert til Tyskland, Belgia, Frankrike og Italia.

Utvinninga har ført til kring 1600 jordskjelv i Nederland.

Over 85.000 hus er skadde.

Produksjonen skal stogge i seinast neste år.

Reportasje

peranders@dagogtid.no

Eit meir fredfylt landskap er det vanskeleg å tenkje seg. Alt er vassrett, alt er i balanse, verda er i vater. Den vesle landsbyen Overschild er omkransa av jorde som så vidt har byrja bli grøne. På himmelen ser eg store gåseflokkar, i sør beitar ein saueskokk. Det einaste høgdedraget er vollen langs kanalen som fører til hamnebyen Delfzij i nordaust. Slik er landsbygda i Groningen, den nordlegaste provinsen i Nederland. Overschild skulle vere ein stad der tida går sakte. Men når ein går gjennom landsbyen, er det mykje som skurrar. Somme av dei gamle mursteinshusa er støtta opp med trepålar, somme er i ferd med å bli rivne, andre er under full restaurering. Og her er splitter nye hus i avstikkande stilartar: importerte tømmerhus frå Romania, svenske ferdighus, funkishus i tre, ein arkitektonisk kakofoni.

– Det er vel 15 år sidan eg kjende det første jordskjelvet. Det var eit sjokk. Det skulle jo ikkje vere mogleg med jordskjelv i Groningen, seier Berdien Kazemier. Eg møter ho tilfeldig ved kanalen, ho har gått tur med hunden. Kazemier bur saman med mannen Hilbert Tuinema i eit gammalt gardshus i utkanten av landsbyen. Dei har budd her i tre år. Det første skjelvet ho opplevde, var i Garmerwolde lenger vest. Men jordskjelva kom her i Overschild òg.

– Dyra merkar skjelva litt før oss. Hestane reagerer, hunden bjeffar, seier Kazemier.

– Det største skjelvet vi har opplevd her, kom i firetida på morgonen. Vi vakna av at senga rista. Det var da desse sprekkene kom.

Ho viser meg skaden på våningshuset. Sprekkene som strekkjer seg oppover murveggen, har former som liknar lyn. Men dette sjokket kom nedanfrå.

– Vi er ikkje av dei hardast råka. Huset vårt treng ikkje rivast, men det må forsterkast, seier Kazemier. Ho og mannen er i mindretal: 80 prosent av husa i Overschild er anten rivne eller skal rivast, fordi dei ikkje lenger er trygge å bu i.

«Gud skapte jorda, men nederlendarane skapte Nederland», heiter det i eit ordtak. Og nederlendarane har laga sine eigne jordskjelv òg.

Berdien Kazemier på tur langs kanalen ved Overschild. I den vesle landsbyen er 80 prosent av husa anten rivne eller klare for riving.

Foto: Per Anders Todal

Dette dramaet har ei lang forhistorie. Tre kilometer under bakken i Groningen-provinsen ligg det største gassfeltet i Vest-Europa. Gassen i Groningen er lagra solenergi frå 300 millionar år gamle skogar i tropiske sumplandskap på superkontinentet Pangaea. Planterestane vart til torv, torva vart dekt av sand som store elvar vaska ut i sjøen. Med tida vart torva til kol og sanden til sandstein, og frå kolet seiv naturgass inn i den porøse steinen. Der vart han liggjande inntil oljeselskapet Nederlandse Aardolie Maatschappij (NAM) gjorde eit lukketreff for 64 år sidan.

NAM var etablert av kjempene Shell og ExxonMobil og hadde leita lenge etter olje i Nederland utan nemneverdig hell. Men 22. juli 1959 kom funnet av gass ved landsbyen Slochteren aust i Groningen. Feltet viste seg å vere eit av dei aller største i verda, med nærare 2800 milliardar kubikkmeter gass. Det er dobbelt så mykje som Troll, det største gassfeltet på norsk sokkel.

Groningen-funnet var òg med på å gjere Noreg til ein petroleumsnasjon. I 1958 hadde Noregs geologiske undersøking avskrive sjansane for å finne olje på norsk sokkel. Men da direktør Paul Endacott i Phillips Petroleum var på bilferie i Nederland i 1960, vart han merksam på boreriggane i Groningen og fatta mistanke om at også andre delar av nordsjøbassenget kunne innehalde petroleum. Han skreiv eit brev til norske styresmakter og spurde om løyve til å utforske kontinentalsokkelen. Og i 1969 vart Ekofisk oppdaga.

Som i Noreg var den nederlandske petroleumsutvinninga lenge ei lukkeleg soge. Produksjonen frå Groningen-feltet tok til i 1963, og i tiåra som følgde, omforma gassen både samfunnet og økonomien. Røyrleidningar frakta gassen ut til heile landet, til stålverk og annan industri og inn i heimane, der han vart brukt til oppvarming og matlaging. Groningen-gass vart eksportert til Tyskland, Belgia, Frankrike og heilt til Italia. (Det siste visstnok etter påtrykk frå USA: Amerikanarane frykta at Italia, eit land der kommunistane stod sterkt, skulle bli avhengig av gass frå Sovjetunionen. Gassleveransar har vore geopolitikk lenge.)

Den nederlandske staten, som tok inn storparten av inntektene frå utvinninga i Groningen i skatt, sette ikkje pengane på bok. Gassformuen vart stort sett brukt til å byggje opp velferdsstaten. Fram til i dag har Nederland tent over 4000 milliardar kroner på Groningen-feltet, medan Shell og ExxonMobil sit att med 770 milliardar. Dette har vore ei fantastisk investering. Men i 1980-åra kom dei første teikna på at gassutvinninga kunne dra med seg uventa kostnader. Der gassen vart henta ut, fall trykket nede i berggrunnen. Og jorda byrja å kaste på seg.

Folk i Groningen-provinsen meinte å ha kjent rørsler i bakken alt i 1970-åra, men det første offisielt registrerte jordskjelvet skjedde ved byen Assen i 1986. Dei neste åra følgde fleire mindre skjelv i det nordlege Nederland, ein region der slike fenomen til da hadde vore heilt ukjende. Da geografen Meent van der Sluis hevda at årsaka kunne vere gassutvinninga, vart han ikkje berre avvist, men latterleggjord offentleg av NAM-leiinga. Men skjelva byrje å kome tettare: fire i 1991, seks i 1992 og heile 16 i 1993. Samanhengen lét seg ikkje lenger nekte for. I ein felles rapport vedgjekk NAM og styresmaktene i 1993 at gassutvinninga var årsak til skjelva. Men utvinninga heldt fram, jordskorpa heldt fram med å kaste på seg, og skadane vart større.

I august 2012 kom det til no største jordskjelvet i Groningen, i landsbyen Huizinge. Dette vart målt til 3,6 på Richter-skalaen. Det er ikkje verkeleg stort, til dømes vart det katastrofale jordskjelvet i Tyrkia og Syria i vinter målt til 7,8. Men dei nederlandske skjelva gjer meir skade enn styrken skulle tilseie, dels fordi dei startar høgt i jordskorpa, og dels fordi så mykje av grunnen er mjuke massar som sand og leire. Huizinge-skjelvet åleine gjorde skade på fleire tusen hus, og erstatningskrava strøymde inn til NAM.

Den hendinga endra òg spelereglane. Den nederlandske staten tok over erstatningssakene, dette var ikkje oljeselskapet i stand til å handtere. I tillegg innsåg styresmaktene at eit dødeleg skjelv i Groningen, eit som kunne få hus til å kollapse, ikkje var utenkjeleg. Eit kolossalt arbeid med å forsterke husa i provinsen tok til, og det er dette eg ser i full sving i Overschild.

– Det har vore ein lang prosess, og det er frustrerande. Men det er bra vi ikkje treng å rive huset, og no har vi blitt lova støtte til å forsterke strukturen, fortel Berdien Kazemier. Å reparere sprekkene i veggen er berre ein del av arbeidet. Golvet i andre etasje må skiftast ut for å sikre at det ikkje rasar ned om det kjem eit større skjelv, kanskje må også fundamentet forsterkast. Og det er ikkje berre husa i landsbyen som er skadde av jordskjelva.

– Vi som bur her, har vore nøydde til å kjempe for rettane våre. Somme er glade fordi dei har fått nye hus, men landsbyen er ikkje den same. Alle kjempar for seg sjølve, kvar sak er ulik. Somme blir misunnelege på naboen. Det er som om energien er borte, seier Kazemier.

– Eg vil ikkje klage for mykje. Eg veit at jordskjelva i Nederland er små, samanlikna med det som var i Syria og Tyrkia nyleg. Og folk her i nord er kjende for å vere rolege av seg, vi er ikkje så lettskremde. Men når du veit at det kan kome eit stort skjelv, kjenner du deg ikkje trygg i heimen din.

Den neste eg møter i Overschild, er Rob Gramberg, ein venleg, eldre kar som nett har fått seg ny heim: eit grått ferdighus i tre, produsert i Sverige. Det tok berre nokre dagar å setje opp, fortel han.

– Det gamle huset mitt fekk sprekker i veggene i 2012. Mannen som kom for å reparere skaden, sa: «Eg skal gjere det fint att. Men neste gong det blir jordskjelv, kjem det same til å skje.» Han fekk rett, seier Gramberg tørt.

Det var likevel ikkje skadane som førte til at det 90 år gamle murhuset hans vart rive.

– Kravet var at husa skal tole eit skjelv på 5 på Richter-skalaen. Styresmaktene fann ut at det ville koste 750.000 euro å gjere det gamle huset jordskjelvsikkert og berre 450.000 euro å byggje eit nytt, seier Gramberg.

– Det nye huset er fint, det. Og betre isolert enn det gamle. Men mange her er lei seg fordi dei har mista ein heim dei har levd heile livet sitt i. Og somme har fått økonomiske problem fordi erstatninga ikkje dekte kostnadene deira. Mange av oss har kjempa i årevis. Det løyste seg for meg, men ikkje alle orkar.

– Stoler du på styresmaktene etter alt dette?

– Ikkje spør meg, seier Gramberg og ler.

–?Dei må gjere mykje godt dei neste åra om eg skal stole på dei igjen.

Vesle Overschild er truleg den hardast råka landsbyen i Groningen, sett i høve til storleiken. Men jordskjelva har gjort skade på hus over det meste av den nesten 3000 kvadratkilometer store provinsen. Til no er det registrert nesten 1600 skjelv i Groningen, og ni av dei har vore over 3 på Richter-skalaen. Over 85.000 hus er skadde, syner tal frå nederlandske styresmakter, og alt frå splitter nye bustadhus til kyrkjer frå mellomalderen er råka.

Eg reiser vidare til Loppersum, ein småby som òg er hardt råka av skjelva. Også her er det hus med støtter, tomme tomter etter nyleg rivne hus og nye heimar under bygging. Musikar og musikkforhandlar Ger Warink (60) tek imot meg i den mellombelse heimen sin i Lagestraat. Huset hans lenger nede i gata skal renoverast fullstendig, berre fasaden blir att. Også Warink har hatt ein lang kamp med NAM og det offentlege byråkratiet for å få reparert huset sitt – i tre omgangar, fordi nye skjelv laga nye skadar.

– Huset mitt skal stå ferdig neste år. Men kva om det kjem eit nytt skjelv, og det sprekk igjen? Det emosjonelle stresset med dette er enormt. Folk blir sjuke av det. Eg måtte sjølv på sjukehus etter at eg fekk hjartearytmi i eit møte med NAM. Legen min seier: «ikkje stress». Men korleis skal eg unngå det?

–?Vi kjenner oss som undermenneske her nord. Det er ein fæl ting å seie, men det er sant.

Ger Warink har sjølv ført striden sin offentleg i media. Han har vitna i parlamentet om erfaringane sine og hatt møte med fleire statsrådar. Kampen handlar ikkje berre om kompensasjon for skadane, men om å få teke vondet ved rota. Til liks med mange andre innbyggjarar i jordskjelvområda har Warink lenge kravd at gassutvinninga skal stogge. Og no ser det ut til at målet snart kan vere nådd: Utvinninga har blitt trappa ned dei siste ti åra, og etter kvart har jordskjelva blitt noko svakare og færre. Effekten kan ikkje merkast med det same, og det kjem til å vere skjelv også etter at produksjonen har stogga heilt, men dei vil bli stadig mindre. Lovnaden frå regjeringa er at Groningen-feltet skal stengjast i år eller neste år.

– Eg trur ikkje på dei, seier Warink.

– Dei kjem ikkje til å stogge i år. Ikkje neste år heller. Det er gass for fleire hundre milliardar euro der nede i bakken enno. Eg gjettar på at dei ikkje vil stogge før det er tomt. Trua mi på politikken og demokratiet døydde for mange år sidan.

Kanskje fekk Warink i det minste attende litt av trua på demokratiet ei dryg veke etter besøket mitt i Loppersum. 24. februar vart ein stor parlamentsrapport lagd fram i Nederland, etter to år med gransking av heile historia om Groningen-feltet. Rapporten felte ein hard dom over både staten og oljeselskapet. Interessene til folk i Groningen vart ignorerte av både staten og NAM gjennom mange år, og konsekvensane var katastrofale, slo rapporten fast. Gassen gav landet velstand, men lokalbefolkninga måtte betale ein altfor høg pris, og erstatningsprosessane har vore for tungrodde og byråkratiske. «Nederland står i æresgjeld til folket i Groningen», slår rapporten fast. Også den sitjande regjeringa til statsminister Mark Rutte får hard kritikk for handteringa si av denne saka, og fleire opposisjonspolitikarar krev at han skal gå av.

For Coert Fossen kom rapporten som ein stor lette og ei anerkjenning. Han er leiar for organisasjonen Groninger Bodem Beweging, «Jordrørsla i Groningen», som har kjempa for rettane til dei jordskjelvutsette og mot gassutvinninga sidan 2009.

– Eg er verkeleg glad for denne rapporten. Han viser at vi hadde rett heile vegen: Interessene til lokalbefolkninga vart neglisjerte, og tryggleiksomsyna vart sette til side. No har vi det svart på kvitt, seier Fossen.

– Samstundes løyser ikkje denne rapporten problema vi står oppe i. Arbeidet med å reparere og forsterke husa går framleis for sakte. Og vi har framleis ikkje fått lovfesta at gassutvinninga i Groningen skal stogge.

Framleis er kring hundre brønnar i produksjon rundt i Groningen-provinsen. Ein kan sjå anlegga hist og her langs motorvegane. Dei liknar romstasjonar bak inngjerdinga si, stålgrå røyr og tankar og ein tappekran ned til skattane tre kilometer under oss. Her er alt fjernstyrt, ikkje eit menneske er å sjå, ei særs kostnadseffektiv utvinning som ikkje gjev mange arbeidsplassar til Groningen.

Men produksjonen er ein skugge av det han var. I 2013 henta NAM opp over 50 milliardar kubikkmeter gass frå Groningen-feltet. Frå oktober 2021 til oktober 2022 var produksjonen berre 4,5 milliardar kubikkmeter, og frå oktober i fjor til oktober i år er produksjonstaket på 2,8 milliardar kubikkmeter. Nederland har blitt ein netto gassimportør, samstundes som Groningen kunne ha levert mykje meir. Tre fjerdedelar av gassen er teken ut, men kring 700 milliardar kubikkmeter gass er att i bakken. Og da gassprisen i Europa gjekk i vêret etter den russiske invasjonen av Ukraina i fjor vinter, kom den nederlandske regjeringa i skvis: Ho hadde lova å fase ut produksjonen i Groningen, samstundes som importen frå Russland stupte og nabolanda skreik etter gass. Nederland sat på den einaste store gassreserven i Europa der produksjonen kunne aukast monaleg ganske raskt, og i teorien kunne Groningen-feltet kompensert for ein god del av den tapte gassen frå Russland. Men her klarte Rutte-regjeringa å halde att. Planen er framleis å stengje feltet neste år. Og framtida ser alt anna enn lys ut for Nederlandse Aardolie Maatschappij.

Hovudkvarteret til NAM er eit lyst, massivt kontorbygg i Assen, litt sør for Groningen. Arkitekturen gjev assosiasjonar til den gamle austblokka, bygget minner om ein festning. Og dei siste ti åra har folk på innsida truleg ofte kjent at dei var kringsette. Men den arrogansen selskapet møtte dei tidlege protestane med, er det lite att av. Martijn Kleverlaan, direktør for gassutvinninga på land, er lågmælt og audmjuk i tonen.

NAM feira 75-årsjubileum i fjor, og dei første 65 åra var ei stor suksesshistorie. Gassen gav energi og velstand til Nederland. Men dei siste ti åra har historia kome i eit anna lys, seier Kleverlaan.

– Jordskjelva har mint oss på at energi og velstand ikkje er gratis. Det har vore ei påminning om at industrien vår har enorme effektar, både positive og negative.

– Kan du skjøne sinnet mot NAM frå folk i Groningen?

– Eg skjøner godt kor det kjem frå. Om du ikkje kjenner deg trygg i din eigen heim og årsaka er noko andre gjer, er det lett å forstå, seier Kleverlaan.

– Da jordskjelva byrja, kunne eller burde NAM ha handla tidlegare?

– Vi kunne vore meir nyfikne. I ein tidleg fase kunne vi vore opnare for ein samanheng mellom jordskjelva og gassutvinninga. Og også etter at samanhengen vart slegen fast i 1993, undervurderte vi faren for skade på bygningar. Vi trudde ikkje at det kunne bli større skader, og vi var truleg for teknokratiske.

For leiinga i NAM er det lite støtte å hente hos eigarselskapa Shell og Exxon. Gassutvinninga i Groningen er no ein klamp om foten som berre fører med seg dårleg publisitet og store summar i erstatning for dei øydelagde husa. Shell-sjef Ben van Beurden sa i fjor haust at han ønskte Shell hadde trekt frå prosjektet for lengst, og dei to oljekjempene har varsla at dei vil selje eigardelane sine i NAM.

– Shell og Exxon ser på NAM som eit søkkande skip. Har selskapet ei framtid?

– Produksjonen i Groningen går mot slutten, men vi har òg ein del mindre gassfelt som framleis kjem til å produsere. Det kan vere andre spelarar som er interesserte i å overta, men det er ikkje nokon avtale om sal enno, seier Kleverlaan.

–?Det siste året har vist at samfunna våre ikkje er i nærleiken av å klare seg utan fossil energi. Vi må gjere det beste ut av dei ressursane vi har, medan vi held fram med å utvikle fornybar energi.

– Groningen-feltet kan sjåast som ein metafor: den søkkande grunnen som byrjinga på slutten for fossil energi?

–?Eg ser poenget. Målet er at vi skal få ein karbonnøytral økonomi, og eg deler det målet. Men vi er ikkje der enno. Groningen-feltet stengjer, men dette er ikkje slutten for hydrokarbona, seier Martijn Kleverlaan.

Kleverlaan har rett: Vi lever framleis i petroleumsalderen, og skal gjere det ei god stund til. Men Groningens tid som petroleumsprovins er snart over. Nederland ønskjer seg ein energirevolusjon, og kva regime kjem etterpå? Eg dreg på besøk til Catrinus Jepma for å få nokre hint. Han er professor emeritus i energi og berekraft ved Universitetet i Groningen og har mellom anna 12 år i klimapanelet til FN bak seg.

Det er ein solvarm vinterdag, og Jepma serverer kaffi på terrassen bak villaen litt sør for Groningen by. Bak huset veks ein uregjerleg skog ned mot innsjøen Paterswoldemeer. Naboen har sett ulv her ein gong.

– Ein kan verkeleg føle årstidene her. I april eksploderer det i grønt, og fuglesongen er ikkje til å tru, seier Jepma.

Jobben hans er å tenkje grønt. Jepma er mellom anna president for Erig, eit EU-finansiert nettverk som studerer kva rolle gass kan spele i det europeiske energisystemet, og det er ikkje den naturgassen vi vanlegvis tenkjer på.

–?Vi snakkar ikkje om gass, men om gassar no, seier Jepma.

Gassane kjem vi attende til. Men først snakkar vi om kva Groningen-feltet har hatt å seie for Nederland. Jepma er gammal nok til å hugse den førre nederlandske energirevolusjonen, da gassen erstatta kolet i 60-åra.

– Groningen-funnet gjorde Nederland sjølvberga med energi. Det meste av vinstane gjekk til staten, og pengane vart brukte til å byggje opp velferdsstaten. Desse inntektene var ein slags bonus. Nederland vart aldri ein petrostat. Økonomien her er sterk og mangfaldig, gassen var berre ein del av biletet. Men alle likar jo ein bonus.

Jepma har ingen problem med å skjøne sinnet og frustrasjonen til dei som bur i jordskjelvområda.

– Folket i nord føler at dei har blitt gløymde heile tida. Dei er sinte fordi dei meste av gasspengane vart brukte i sør og vest. Den kjensla var der før, men ho har blitt mykje sterkare etter at jordskjelva tok til.

Også etter at siste brønnen i Groningen-feltet er plugga, kan området spele ei viktig rolle for energiforsyninga, meiner Jepma.

– Det skjer veldig mykje i denne regionen no. Det grøne skiftet kjem raskt. Røyrleidningsnettet kan brukast til å frakte hydrogen i staden for naturgass. Studiane så langt tyder på at det går bra. Risikoen er ikkje særleg større enn med naturgassen.

Hydrogen har ein viktig fordel framfor naturgass: Forbrenninga gjev berre vatn som biprodukt, ikkje karbondioksid. Ulempa er at ein må lage hydrogen, og det krev energi. Og det står mellom to variantar: Blått hydrogen blir laga av naturgass (der CO2 blir skilt ut og lagra), medan grønt hydrogen blir laga ved elektrolyse. I dag er blått hydrogen billegare å lage, men det kjem til å endre seg, trur Jepma.

– Slik det no ser ut, trur eg grønt hydrogen vil utkonkurrere blått i løpet av eit tiår. Det er i så fall ikkje bra for dykk i Noreg, seier han og smiler litt. For Noregs del kan blått hydrogen sikre at gassen på sokkelen blir verdifull også i ei utsleppsfri framtid. Difor er dette eit stort satsingsfelt for norske styresmakter.

–?Grønt hydrogen er dyrt i dag, men du treng berre elektrisitet, og slepp kostnaden med å fjerne karbonet i naturgassen. Så er det mykje vi ikkje veit om framtida. Vi veit ikkje kva det vil koste å sleppe ut CO2, vi veit ikkje kva gass vil koste om ti år. Men vi veit at det kjem til å kome store mengder straum frå vindkrafta som blir bygd ut i Nordsjøen. Og straumnettet er ikkje stand til å ta unna særleg meir enn i dag. Vi kan forsterke nettet, men det vil ta lang tid.

Om Jepma får rett, kan Groningen bli ein stor hydrogenprovins. Straum frå turbinane i Nordsjøen kan brukast til å lage hydrogen ved kysten, og dei gamle røyrleidningane kan frakte den nye gassen til industri og husstandar over heile landet.

– Straum kan ikkje lagrast, men det kan hydrogen. Å frakte det i røyr er nesten gratis. Det er mange grunnar til at hydrogen er heitt.

Jepma ser ikkje mange attraktive alternativ til hydrogenframtida.

– Energitryggleik er høgt på dagsordenen no. Europa har innsett at det ikkje var klokt å basere seg på gass frå Russland. Vi kan importere LNG med skip, men det er dyrt. Med hydrogen kan vi bruke den gamle infrastrukturen til lagring og transport, og røyrleidningane blir ledige når gassutvinninga stoggar, seier Jepma.

– Denne regionen prøver å gjenoppfinne seg sjølv etter naturgassen, og eg trur hydrogen er løysinga.

– Folk eg har snakka med i Groningen, trur ikkje på at feltet blir stengt?

– Dei er slitne og desillusjonerte, og det skjøner eg. Men det kjem til å bli stengt, seinast neste år. Kanskje trengst gassen neste vinter, men så er det over. Shell og Exxon vil ut, dette er uansett peanuts for dei, og regjeringa kan ikkje gå attende på dette.

Den europeiske famlinga etter løysingar på energiproblemet er effektivt oppsummert i Eemshaven lengst nordaust i Groningen. Eg får skyss opp dit med ein nederlandsk ven. Ved denne hamna er det som om sjølve lufta er ladd med kraft. Når vi nærmar oss Eemshaven, tetnar det til med høgspentliner langs vegen. Så kjem ein skog med ruvande vindturbinar, deretter ser vi røyken frå pipene til kol- og biokraftverket til tyske RWE, der både fossil og fersk ved går i omnen.

Nokre hundre meter mot sør ligg gasskraftverket til Electrabel, nokre hundre meter mot nord ligg gasskraftverket til RWE, som i nær framtid skal byggjast om til å fyre med hydrogen. Rett sør for hamna ligg det 190 dekar store solkraftverket til Vopak. Ved Eemshaven kjem den undersjøiske NorLed-leidningen til lands med vasskraft frå den sørnorske fjellheimen. Og på hamna ligg to massive LNG-skip, «Energos Igloo» og «Gaslog Seattle», med flytande gass frå USA. Dei leverer til den flytande gassterminalen som opna her i fjor haust, eit krisetiltak for å kompensere for tapt gass frå Russland.

Eemshaven er ein underleg stad. Nesten heile den europeiske energimiksen er komprimert innanfor nokre få kvadratkilometer. Og biletet kunne vore komplett: For to år sidan lufta statsminister Mark Rutte også ideen om å byggje eit atomkraftverk her. Reaksjonane førte til ein rask retrett. Folk i Groningen ønskte slett ikkje å bli pådytta meir risiko for å sikre landet energi.

Ved hamna i Eemshaven handlar det meste om energi. Til venstre skip med LNG frå USA, til høgre røyken frå eit kol- og biokraftverk.

Kontrasten er kolossal frå science fiction-scena i Eemshaven til det rolege jordbrukslandskapet langs motorvegen sørover til provinshovudstaden Groningen. Vi køyrer gjennom eit land som er nesten rein kultur, der all mark er dyrka eller bebygd, eit land som var nær fritt for naturressursar inntil gassen vart funnen nede i grunnen. Hist og her ser eg gammaldagse vindmøller. Desse nederlandske ikona er i seg sjølve vitnemål om energifattigdomen: Den vesle vinden var alt som var, og ein må ta det ein har. Her er ingen høgdeskilnader som gjev vatnet kraft. I Nederland har ikkje vatn vore ein hjelpar som kunne skape industri eller straum. Det har vore ein fiende å stengje ute med dike langs kysten, drive ut av grunnen med vindmøller og pumper, eller drenere vekk med grøfter og kanalar.

Litt aust for Groningen by passerer vi Slochteren, landsbyen der gasseventyret starta i 1959. Så dukkar ein stor metallskulptur opp i vegkanten, eit elegant gassmolekyl i stål. Det vart avduka av dronning Beatrix ved 50-årsjubileet for gassfeltet i 2009. Like etter kjem ein ny skulptur på motsett side av vegen. «Det andre monumentet» er ein åtte meter høg kloss i same form og farge som ein murstein, med ei vertikal sprekk som splittar stålet frå topp til botn. Fossilalderen viser janusandletet sitt langs motorvegen A7. Finst her utvegar?

Groningen prøver i alle fall å skape seg om. Utanfor busstasjonen i sentrum passerer nye hydrogenbussar frå QBuzz, med påskrifta «Deze bus rijdt op groene waterstof» – denne bussen går på grønt hydrogen. Einaste utsleppet frå bussen er ei lita sky vassdamp. Og drivstoffet? Det er frå Shell, det.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Denne regionen prøver å gjenoppfinne seg sjølv etter naturgassen.

Catrinus Jepma, professor i økonomi

– Jordskjelva har mint oss på at energi og velstand ikkje er gratis.

Martijn Kleverlaan, direktør i NAM

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Ida Lødemel Tvedt

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram er på turné for å fortelje om langtidsmeldinga for Forsvaret. Her besøkjer han ubåten «KMN Utvær» i Bergen 10. april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

ForsvarSamfunn
Per Anders Todal

Vil ruste opp ei lekk skute

Regjeringa lovar eit historisk forsvarsløft. I dag slit Forsvaret med å halde på mannskapet som alt er der.

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Khamzy Gunaratnam (Ap)

Foto: Vidar Ruud / NTB

HelseSamfunn
PernilleGrøndal

Avfeiar abortkritikk frå KrF

– Det kvinner treng, er rettleiing og oppfølging, ikkje å møte i nemnd, seier Kamzy Gunaratnam (Ap).

FNs generalsekretær Dag Hammarskjöld fotografert saman med Kongos statsminister Patrice Lumumba.

Foto: Scanpix / NTB

KommentarSamfunn
Bernt Hagtvet

Den handleføre mystikaren

Dag Hammarskjöld var den andre generalsekretæren i FN, frå 1953 til sin død, etterfølgjaren til Trygve Lie. Filmen som går om livet hans no, der Mikael Persbrandt spelar Hammarskjöld, vekkjer han til live på ein både kjenslevar og realistisk måte.

Songlerka hekkar på bakken, langt frå skog. Biletet syner godt den vesle fjørtoppen som vert reist opp dersom fuglen opplever fare eller er opphissa.

Foto: Sveinung Lindaas

DyrFeature

I dirrande lerkeposisjon

Er det sant at songlerka «jublar høgt i sky»?

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis