JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Når aksane kryssar seg

I 20 år var kampen mot globalisering ei venstresidesak. Så enkelt er det ikkje lenger.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Brexit-forkjemparen og UKIP-leiaren Nigel Farage møtte Donald Trump under presidentvalkampen i 2016. Dei to delte ein sterk skepsis mot overnasjonalitet.

Foto: NTB scanpix

8752
20190222
8752
20190222

Politikk

peranders@dagogtid.no

Kampen mot overnasjonalitet, finansmakt og økonomisk liberalisme har hatt mange andlet dei siste 20 åra. Sinte demonstrantar, jordlause bønder, meritterte økonomiprofessorar, svartkledde anarkistar, milde miljøvernarar, marginale kommunistar og trauste fagforeiningsfolk har vore blant deltakarane. Men trass i mangfaldet: Sidan starten seint i 1990-åra har globaliseringsmotstand i all hovudsak vore ei sak for folk som stod til venstre politisk.

I dag har USA ein høgrepopulistisk president som er erklært motstandar av frihandelsavtalar, og Trump trekte USA frå forhandlingane om Trans-Pacific Partnership, ein stor frihandelsavtale for landa kring Stillehavet. Også i Europa har krefter på høgresida blitt ivrige kritikarar av overnasjonalitet. Konservative krefter var pådrivarar for brexit, og på norske nettstader som Document og Resett er «globalistene» eit vanleg skjellsord.

Denne kritikken frå ymse høgrefløyer handlar ikkje berre om innvandringspolitikk, men òg om overnasjonale avtalar og sjølvråderett, som er kjende tema for dei «gamle» globaliseringsmotstandarane. Men blant norske venstreorienterte som har kjempa mot globaliseringa i over 20 år, er det lite jubel over dei nye tonane frå høgre.

Overlapp

– Den ytre høgresida har greidd å fange opp mykje av misnøya med problema som kjem når den nasjonale kontrollen blir mindre, seier Aksel Nærstad. Han har lang fartstid i den globaliseringskritiske rørsla. Nærstad har hatt sentrale verv i mellom anna Utviklingsfondet, Handelskampanjen, Norges sosiale forum og Attac. Han var òg leiar av Raud Valallianse, forløparen til Raudt, frå 1987 til 1995.

– Eg synest ikkje det er bra at det er ytre høgre som har teke så mykje av denne plassen. Men vi som står til venstre, får berre erkjenne at her er det nokre felles standpunkt. Vi som har kritisert globaliseringa i fleire tiår, kan ikkje slutte å meine det vi meiner, berre fordi det er noko overlapping med ytre høgre, seier Nærstad.

– Kan du gle deg over at det kjem kritikk av globalisering og frihandelsavtalar frå Det kvite huset?

– Eg veit ikkje heilt om det er noko å gle seg over. Men Trump snur kappa etter vinden, og det han seier, er i det minste eit uttrykk for at motstanden blant folk mot liberalismen aukar. Folk reagerer på aukande skilnader og meir maktkonsentrasjon.

Nasjonalisme

Den antiglobaliseringsrørsla Nærstad har vore ein del av, er svært internasjonalt orientert. Han har sjølv vore med på World Social Forum (WSF) nesten kvar gong denne konferansen har vore skipa sidan starten i 2001. På WSF har globaliseringskritiske aktivistar frå det meste av verda møtst. På det meste trekte arrangementet over 100.000 deltakarar, men dei siste åra har WSF krympa.

– Tyder ikkje erfaringane dei siste åra på at det er lettare å få politisk gjennomslag for globaliseringskritikk nasjonalt?

– Det er nok eit poeng. Men for folk på venstresida er det vanskeleg fordi ytre høgre spelar så mykje på nasjonalisme. Vi har ikkje lyst til å gå i allianse med desse kreftene. Vi vil ikkje bli slått i hartkorn med folk som Trump, seier Aksel Nærstad.

Symptom

Heller ikkje Helene Bank finn særleg trøyst i Trump eller brexit. Ho er rådgjevar i alliansen For velferdsstaten, og har tidlegare arbeidd for mellom anna Handelskampanjen, Attac Norge og stiftinga IGNIS. Ho ser ikkje teikn til at måla til den globaliseringskritiske rørsla er nærare ved å bli realiserte. Tvert om.

– Vi har kjempa for demokrati og arbeidarrettar, og vi har kritisert monopoliseringa til storselskapa, dei auka økonomiske skilnadene og miljøøydelegginga. På alle desse områda har ting blitt verre dei siste 20 åra. Gapet mellom dei rikaste og dei 99,9 prosent andre har auka grotesk mykje. Mange har falle utanfor, og fagrørsla er under åtak over nesten heile verda, seier Bank.

– Men kan ein ikkje sjå brexit og valet av Trump som protestar mot den globaliseringa du og andre har kjempa mot?

– Jau, men dei har ikkje løysingar å tilby. Båe delar er heller symptom på dei problema vi åtvara mot. Trump er eit svar på ropet om den sterke mannen.

Ubehag

Helene Bank trur ikkje at Trump-skepsisen til frihandelsavtalar som TPP og Nafta vil føre til noko godt.

– Trump vil berre at frihandelsavtalane skal bli enda meir i tråd med interessene til USA. Han har berre skaffa seg handlingsrom med motstanden sin, seier Bank. Ho viser til at forhandlingane mellom USA og EU om avtalen Transatlantic Trade and Investement Partnership (TTIP) vart lagde på is etter at Trump vart vald, men no er i gang att.

– Kan du sjå noko bra i brexit?

– Eg trur at brexit kan vere bra, sjølv om eg skulle ønske det var meir debatt om kva som kan bli den alternative politikken i Storbritannia. Men når fleirtalet røysta for utmelding, er det bra for demokratiet i England. Og kanskje skjøner leiarane i EU at dei må lytte meir til folk.

– Kjenner du eit ubehag ved at globaliseringskritikken no er sterk i delar av høgresida?

– Det er ubehageleg, og problemet aukar når fleire fell utanfor. Difor må kampen gå på fleire felt: mot rasisme, for utjamning og global solidaritet. Den ytre høgresida har ikkje det solidariske perspektivet, dei har ein politikk som er retta mot dei andre, seier Helene Bank.

Ti år for tidleg

– Den globaliseringskritiske rørsla var ti år for tidleg ute, meiner Magnus Marsdal, forfattar og leiar for tankesmia Manifest. Han var leiar for Attac Norge i 2005 og 2006.

– Attac vart starta som ein reaksjon på Asia-krisa i 1997. Kritikken var heilt rett: Finansbransjen var for mektig, han var parasittisk og han skapte kriser. Men dei neste åra vart det svidd av mykje aktivistisk energi. Da finanskrisa kom i 2008, var brått alle samde om at finansbransjen var for mektig og skapte kriser. Men da var mange aktivistar trøytte av å reise på World Social Forum. Om den globaliseringskritiske rørsla hadde starta i 2008, ville ho ha treft planken.

Situasjonen sidan finanskrisa liknar mykje på 1930-talet, meiner Marsdal.

– Politikken til liberalistane bidrog til krakket i 1929, og misere og massearbeidsløyse følgde. Når slike paradigme bryt saman, kjem protestane mot den globale frihandelspolitikken både frå venstresida og frå ytre høgre. I mellomkrigstida vann sosialdemokratar fram i Noreg og Roosevelt i USA, i Tyskland vann nazistane.

– Kan ikkje Trump-skepsisen til frihandelsavtalar føre noko godt med seg?

– Eg veit ikkje, for vi veit eigentleg ingenting om kva han vil. Det er lite samanheng mellom det Trump seier og det han gjer, meiner Marsdal.

– Det som er bra med Trump, er at han har gjort slutt på hyklinga om frihandel. Industrielle stormakter, først Storbritannia og så USA, har alle praktisert proteksjonisme og støtta eigne kapitalistar, og preika global frihandel når dei hadde blitt sterke nok til å vinne på det. Trump seier «America first» – og det er det USA alltid har stått for.

Kamp om flagget

– Attac og rørslene på World Social Forum tenkte internasjonalt. Men det ser ut som globaliseringsmotstand er mest effektivt i ei nasjonal ramme?

– Skal ein vinne fram politisk, må det byggje på styrke nasjonalt. Det er utenkjeleg at krefter som er svake i sitt eige land, skal få enorm styrke gjennom å møtast internasjonalt. Og vi som var med på WSF, stod stort sett svakt heime. Det forumet var aldri ei rørsle som kunne erobre verda, men det skjedde mykje bra der. EU-kampen i Noreg skapte heller ikkje parti, men han skapte mange samband og alliansar.

Den norske EU-motstanden har ofte blitt misforstått ute i Europa, meiner Marsdal.

– Når vi har snakka om nasjonal suverenitet, har det ofte blitt tolka som høgresjåvinisme. Men om ikkje venstresida og fagrørsla løftar fram nasjonal suverenitet, om vi gjev frå oss flagget, lèt vi folk som Trump og Nigel Farage få det. Det fanst sjåvinistiske og framandfiendtlege folk i rørsla bak brexit, og eg gler meg ikkje over Trump og UKIP. Men striden mot dei er ein del av kampen om å få definere det nye paradigmet etter at den liberalistiske ortodoksien har brote saman.

– Innvandringsmotstand er vel ei svært viktig drivkraft for framgangen til partia på ytre høgre?

– Det er det ikkje tvil om. Dei høgrepopulistiske partia som har framgang, har stort sett innvandringsfiendtleg retorikk. Men vi skal ikkje ta årsakssamanhengane heilt for gjevne her. Folk som er permitterte eller misser jobben, er meir tilbøyelege til å stemme innvandringsfiendtleg. Er innvandrarane da årsak eller syndebukkar? Innvandring spelar ei rolle, men innvandrarane kan òg vere syndebukkar for misnøye som har opphav i kapitalismen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

– Om vi gjev frå oss flagget, lèt vi folk som Trump og Nigel Farage få det.

Magnus Marsdal

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Eskil Skjeldal har skrive fleire bøker, både sakprosa og romanar.

Foto: Vegard Giskehaug

Meldingar
HeleneGuåker

Der mørkeret bur

Eskil Skjeldal er ikkje redd for å gå dit det gjer mest vondt.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
RichardAubrey White

Tendensiøs statistikk om senfølger

Myndighetene må anerkjenne at senfølger eksisterer og utgjør et samfunnsproblem.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis