JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Mørk tale full av lygn

Knapt noko av det Vladimir Putin hevda i talen sin onsdag morgon, var i samsvar med sanninga. Spørsmålet er om Putin sjølv trur på det han sa.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russisk politi slo ned på dei som demonstrerte etter å ha høyrt talen til president Vladimir Putin onsdag 21. september 2022.

Foto: Reuters / NTB

4445
20220923
4445
20220923

I 2014 kom eit nynazistisk regime til makta i Kyiv gjennom eit væpna kupp. Dette naziregimet har terrorisert folket i Donbas, ja, drive med folkemord. Nokre gonger har nazistane i Kyiv rett nok vore inne på å gjera kompromiss med Russland, men då har «det kollektive Vesten» tvinga dei til å halda fram på med den antirussiske politikken.

No trugar vestlege politikarar med å øydeleggja og stykka opp Russland. Til og med syslar dei med planar om å nytta atomvåpen. Alle som gjer det, skal vita at Russland har endå meir effektive våpen å svara med. Som Russlands ansvarlege president har han difor ikkje nokon annan utveg enn å kunngjera ei delvis mobilisering av den russiske krigsmakta.

Dryg kost

Dette var bodskapen til Vladimir Putin då han vendte seg til den russiske nasjonen for to dagar sidan. Det var dryg kost. Lettast hadde det vore å avfeia det heile som propaganda. Så enkelt er det ikkje. Me veit nemleg ikkje om Putin trur på det han sjølv sa, eller om han er klar over at det meste av det han sa, var fri fantasi, lygn og svart propaganda.

Per i dag er det vanskeleg å seia det eine eller det andre: Dersom Putin trur på det han sa, gav han prov på at han lever i ein såkalla alternativ røyndom. I denne røyndomen sit ein nazist i presidentstolen i Kyiv, heia fram av ei samansverjing av vondarta, vestlege leiarar som legg planar for å knusa Russland. Om Putin ikkje trur på det han sa, om han veit at den jødiske Volodymyr Zelenskyj ikkje er nokon nazist og at ingen i Vesten syslar med tanken på å gjera Russland om til ein radioaktiv ørken, då lyg han med fullt medvit.

Kva er verst: å ha mista kontakten med det verkelege livet eller å lyga mens ein veit at ein lyg? Det er vanskeleg å seia det eine eller det andre. Det einaste som er sikkert, er at Russland, Ukraina, Europa og heile verda har hamna i ein farleg situasjon: I Kreml sit det ein mann som anten har mista kontakten med det verkelege livet, alternativt er viljug til å servera dei aller grøvste lygnene for å halda seg ved makta. Og denne mannen kan når tid som helst gje melding om at det er på tide å opna atomkofferten.

Inn i eit hjørne

No kan me tru og håpa at det aldri vil skje. Problemet for Putin er at han er blitt trengd inn i eit hjørne og ikkje veit korleis han kjem seg ut. Den hæren han sette inn i Ukraina i februar, er i ferd med å bli riven i sund. Han må gjera noko, og det minst vonde han kunne koma på, var ei såkalla delvis mobilisering. Nokre fleire hundre menn skal bli sende til Ukraina. Alle som har litt kjennskap til det militære, veit at det tek minst tre månader, ofte eit halvt år å skapa ei slagkraftig, væpna eining. I mellomtida vil den ukrainske militærmaskinen halda fram med å pressa den russiske hæren attende på slagmarka.

Dette veit Putin, men han snakka sjølvsagt ikkje om det i talen sin onsdag. Han snakka heller ikkje om det som kanskje uroar han mest: Fram til no har krigen i Ukraina vore noko som for dei fleste russarar har gått føre seg på fjernsynsskjermen eller på ei slagmark langt unna. Gutar frå Burjatia og Basjkortostan er blitt drepne, noko dei fleste moskovittar gjev blaffen i. Plutseleg gjev Putin ordre om at fleire hundre tusen vernepliktige skal bli kalla inn. For fyrste gong kjem middelklassa i Moskva, St. Petersburg og andre store byar bokstaveleg talt i skotlina.

Demonstrasjonar

Korleis det vil utvikla seg, såg me alt same dagen som Putin heldt talen sin: I fleire byar demonstrerte mange tusen, og 600­–700 menneske blei arresterte. Alle flybillettar til stader der russarar ikkje treng visum, vart selde ut. Samstundes kom det ei ny lov som slo fast at vernepliktige ikkje kunne forlata landet utan løyve. Dei som dreg seg unna, kan få ti år i fengsel.

Skal Putin hindra at situasjonen kjem ut av kontroll på heimebanen samstundes som han held krigen i gang i Ukraina, vil han bli tvinga til å auka kontrollen med samfunnet. Det vil seia å senda tryggingstenesta FSB og Nasjonalgarden ut på gater og torg, til kontor og fabrikkar. Russland vil bli meir og meir likt Sovjetunionen. Om det russiske folket finn seg i det, står igjen å sjå.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det einaste som er sikkert, er at Russland, Ukraina, Europa og heile verda har hamna i ein farleg situasjon.

Fleire artiklar

Anatolij Potij er ein eksperimenterande amatørgartnar. Takk vere han er det no mogleg for ukrainarar å dyrke bananar i eigen heim.

Foto: rubryka.com

KrigSamfunn

Bananane som overlevde

I krig og okkupasjon kan både folk og vekstar vise seg uventa motstandsdyktige.

Andrej Kurkov

Krasukha-4 er juvelen i den elektromagnetiske krigføringa til russarane.

Kjelde: Vitaly V. Kuzmin / Wikimedia Commons

TeknologiFeature
Per Thorvaldsen

Elektromagnetisk krigføring

Militære styrkar brukar radio, radarar og infraraude detektorar for å koordinera operasjonar og finna fienden.

Selv med økende immunitet i befolkningen, viser tilgjengelige, men altfor sparsomme data at sars-cov-2-viruset fortsetter å belaste vårt samfunn, skriver Gunhild Alvik Nyborg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

Svar til Preben Aavitsland

Å gjennomgående underkjenne seriøse, konsistente forskningsresultater er vitenskapsfornektelse.

Den andre boka i septologien til Asta Olivia Nordenhof er no komen på norsk.

Foto: Albert Madsen

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Kapital, kjærleik og Scandinavian Star

Asta Olivia Nordenhof held på med ein dyster romanserie om dødsbrannen på «Scandinavian Star». Ho vil likevel ikkje gi opp vona om at dagens verdsorden kan endrast til noko betre.

Villreinbestanden i Noreg i dag er på rundt 25.000 dyr vinterstid. Sidan 2021 har villreinen vore klassifisert som nær truga på den norske raudlista.

Foto: Paul Kleiven / NTB

Kommentar

Villrein i eit villnis

Stortingsmeldinga om villrein er ikkje til å verte særleg klok av.

Eva Aalberg Undheim

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis