«Vi vil ta i bruk alle tilgjengelege våpensystem»
Talen som Russlands president heldt i Kreml 21. september 2022:
President Vladimor Putin talar på russisk statsfjernsyn 21. september 2022.
Foto: Pressekontoret i Kreml
Vyrde vener
Temaet for denne talen er situasjonen i Donbas og gangen i den militære spesialoperasjonen for å frigjere dei okkuperte områda frå det nynazistiske regimet som etter det væpna statskuppet tok makta i Ukraina i 2014.
Eg vender meg i dag til dykk, til alle borgarane i landet vårt, til ulike generasjonar, aldrar og nasjonalitetar, til folket i det storslåtte fedrelandet vårt, til alle som er sameina av det mektige historiske Russland, til soldatane og offiserane, dei friviljuge som no kjempar ved fronten, og som er til stades på slagmarka, til brørne og søstrene våre – innbyggjarane i folkerepublikkane Donetsk og Luhansk, Kherson og Zaporizjzja oblast, og andre regionar som er frigjorde frå det nynazistiske regimet.
Temaet er dei nødvendige, presserande stega som må til for å beskytte suvereniteten vår, tryggleiken og den territoriale integriteten til Russland, om å støtte ønsket og viljen til landsmennene våre om sjølv å kunne bestemme over si eiga framtid, og om den aggressive politikken til enkelte i den vestlege eliten, som gjer alt i si makt for å bevare herredømmet sitt. Med dette målet for auga freistar dei å blokkere og undertrykke kvart sjølvstendige og uavhengige utviklingssenter, for slik å kunne å halde fram med aggressivt å tvinge viljen og pseudoverdiane deira over på andre land og folk.
Målet til denne delen av Vesten er å svekke, dele opp og til sjuande og sist øydelegge landet vårt. Dei seier no ope at dei i 1991 klarte å splitte Sovjetunionen, og no er tida inne for å gjere det same med Russland, som må bli delt opp i ei rekke regionar som då ville hamne i ein dødelig, innbyrdes strid.
Dei har tenkt ut desse planane for lenge sidan. Dei har oppmuntra internasjonale terroristgrupper i Kaukasus og flytta Natos offensive infrastruktur nærare landegrensene våre. Dei har ukritisk brukt russofobi som våpen ved å nære hatet mot Russland i fleire tiår, primært i Ukraina, som var utforma til å bli eit antirussisk bruhovud. Dei har gjort det ukrainske folket om til kanonføde og skyvd dei inn i ein krig med Russland som dei sette i verk i 2014. Dei har brukt militær makt mot sivilbefolkninga, organisert folkemord, blokadar og terror mot dei ikkje ville anerkjenne styresmaktene som blei oppretta i Ukraina som eit resultat av statsomveltinga.
Etter at det noverande regimet i Kyiv offisielt nekta å godta ei fredeleg løysing på problema i Donbas, og i tillegg kunngjorde sine ambisjonar om å ha atomvåpen, blei det heilt klart at ein ny offensiv i Donbas – det har vore to av dei tidlegare – var uunngåeleg, og som følgje av dette at eit angrep på russiske Krym, altså Russland, ikkje var til å unngå.
I samanheng med dette var avgjersla om å starte ein føregripande militæroperasjon naudsynt og det einaste moglege valet. Målet med denne operasjonen er å frigjere heile territoriet til Donbas, eit mål som framleis er gjeldande.
Folkerepublikken Luhansk er nesten fullstendig frigjord frå nynazistane. Kampane i folkerepublikken Donetsk held fram. I løpet av dei åtte åra som har gått, oppretta okkupasjonsregimet i Kyiv ei trinnvis rad av permanente forsvarstiltak. Å skulle gjere eit frontalangrep mot desse ville ha ført til store tap. Det er grunnen til at einingane våre, i tillegg til dei militære einingane i republikkane i Donbas, opptrer kompetent og systematisk, brukar militært utstyr, reddar liv og steg for steg frigjer Donetsk, reinskar byar og landsbyar for nynazistar og hjelper dei som regimet i Kyiv har gjort til gislar og menneskelege skjold.
Som de veit er det profesjonelt militært verva personell som tenestegjer i spesialoperasjonen. Side om side med desse står friviljuge einingar – folk med ulike etnisitetar, yrke og alder, som alle er ekte patriotar. Dei svarte på kallet frå hjartet om å stå opp og forsvare Russland og Donbas.
I samband med dette har eg allereie utferda instruksjonar til styresmaktene og forsvarsdepartementet om å avgjere den juridiske statusen til friviljuge og personell i dei militære einingane av folkerepublikkane Donetsk og Luhansk. Statusen må vere den same som for militære profesjonelle i den russiske hæren, inkludert materielle, medisinske og sosiale gode. Særskild merksemd må bli gitt til å organisere forsyninga av militært og anna utstyr for friviljuge einingar og Donbas’ folkemilits.
For å nå dei viktigaste måla med å forsvare Donbas i samsvar med planane og avgjerslene til forsvarsdepartementet og generalstaben har soldatane våre frigjort eit nokså stort område i regionane Kherson og Zaporizjzja og fleire andre område. Dette har skapt ei langtrekkjande kontaktlinje som er over tusen kilometer lang.
Det er dette eg ønskjer å offentleggjere for første gong i dag. Etter starten på den militære spesialoperasjonen, spesielt etter samtalane i Istanbul, reagerte styresmaktene i Kyiv ganske positivt på framlegga våre. Framlegga handla først og fremst om å sikre Russlands tryggleik og interesser. Men det var openbert at ei fredeleg løysing ikkje passa for Vesten, og det er difor – etter at visse kompromiss var oppnådde – det blei lagt fram krav om at Kyiv skulle skrote desse avtalane.
Fleire våpen blei pumpa inn i Ukraina. Kyiv-regimet bringa inn nye grupper med utanlandske leigesoldatar og nasjonalistar, militære einingar som er trena i samsvar med Nato-standardar og som mottar ordrar frå vestlege rådgivarar. På same tid blei Ukrainas regime med represaliar mot eigne innbyggjarar, som blei etablert rett etter det væpna kuppet i 2014, kraftig intensivert. Skremselspolitikken, terroren og valden veks i omfang og tek grufulle, barbariske former.
Eg vil understreke følgjande: Vi veit at dei fleste av innbyggjarane i områda som er frigjorde frå nynazistane – og dette er først og fremst dei historiske landområda i Novorossija – ikkje ønskjer å leve under åket til eit nynazistisk regime. Folk i Zaporizjzja- og Kherson-regionane, i Luhansk og Donetsk har sett og ser dei brutale handlingane som blir utførte av nynazistar i ukrainskokkuperte område i Kharkiv-regionen. Etterkomarane av «banderovetar» (medlemer av Organisasjonen av ukrainske nasjonalistar, ei ukrainsk politisk rørsle skipa i 1929, red. merk.) og medlemer av nazistiske straffeekspedisjonar drep, torturerer, fengslar, bankar opp og utfører overgrep mot fredelege sivile.
7.5 millionar menneske budde i folkerepublikkane Donetsk og Luhansk og i regionane Zaporizjzja og Kherson før fiendskapen oppstod. Mange av dei blei tvinga til å forlate heimen sin og bli flyktningar. Dei som har blitt att – kring fem millionar – er no utsette for konstante artilleri- og missilangrep frå nynazistiske geriljasoldatar som skyt mot sjukehus og skular og gjennomfører terrorangrep mot fredelege sivile.
Vi kan ikkje, har ingen moralsk rett til å la slekt og venner bli rivne i bitar av bødlar; vi kan ikkje anna enn svare på deira oppriktige kamp for å få bestemme sin eigen lagnad.
Parlamenta i folkerepublikkane i Donbas og dei militær-sivile administrasjonane i regionane Kherson og Zaporizjzja har avgjort at dei vil halde folkerøysting om framtida til territoriet sitt, og har vendt seg til oss med ei bøn om å støtte eit slikt steg. Eg vil understreke at vi gjer alt for å sikre trygge vilkår for å gjennomføre ei folkerøysting, slik at folk kan få utrykke meininga si. Vi vil støtte avgjersla som blir vedteken av fleirtalet av innbyggjarane i folkerepublikkane Donetsk og Luhansk og i Zaporizjzja og Kherson oblast.
Vyrde vener ... I dag, som nemnt, opererer dei væpna styrkane våre på kontaktlinja som er over tusen kilometer lang. Dei slåst ikkje berre mot nynazistiske einingar, men faktisk mot heile militærmaskina til det kollektive Vesten. I denne situasjonen ser eg det som naudsynt å ta følgjande avgjersle – ei avgjersle som er fullstendig adekvat i høve til trugsmåla vi står framføre: For å beskytte fedrelandet vårt, suvereniteten vår og den territoriale integriteten vår, for å sikre tryggleik for folket vårt og folket i dei frigjorde territoria, ser eg det som naudsynt å støtte forslaget til forsvarsdepartementet og generalstaben om delvis mobilisering.
Eg gjentar, vi talar om delvis mobilisering. Med andre ord er det berre militære reservistar, hovudsakeleg dei som har gjort teneste i dei væpna styrkane og har spesifikke militære yrkesmessige spesialitetar og tilsvarande erfaring, som vil bli kalla inn. Før dei blir sende til einingane sine, vil dei som er innkalla til aktiv teneste gå gjennom obligatorisk tilleggsmilitær trening basert på erfaringa frå den militære spesialoperasjonen. Eg har allereie skrive under på ordren om delvis mobilisering.
I samsvar med lovverket vil kammera i den føderale forsamlinga – føderasjonsrådet og statsdumaen – bli offisielt skriftleg underretta om dette i dag. Mobiliseringa vil byrje i dag, 21. september. Eg gir ordre til regionsleiarane om å syte for den assistansen som trengst for dei militære rekrutteringskontora. Eg vil gjerne understreke at russiske borgarar som blir kontakta i samband med mobiliseringsordren, vil få same status, løn og sosiale gode som militært verva personell.
I tillegg vil ordren om delvis mobilisering også gjelde ekstra tiltak for å sikre det statlege forsvaret. Leiarane for forsvarsindustrien vil vere direkte ansvarlege for å nå måla om auka produksjon av våpen og militært utstyr og nytte ekstra produksjonsutstyr til dette føremålet. Samstundes må regjeringa utan opphald ta fatt på alle sider ved materiell, ressursmessig og finansiell støtte til forsvarsindustrien.
Vyrde vener ...
Vesten har gått for langt i den aggressive antirussiske politikken sin, med endelause trugsmål mot landet og folket vårt. Enkelte uansvarlege vestlege politikarar gjer meir enn berre å snakke om planane sine om å organisere levering av langtrekkjande offensive våpen til Ukraina, våpen som kan brukast mot mål på Krym og andre russiske regionar.
Slike terroriståtak, der det òg blir nytt vestlege våpen, blir gjennomførte i grenseområde i Belgorod- og Kursk-regionane. Nato driv overvaking i sanntid av sørlege russiske regionar og gjer dessutan bruk av moderne system, fly, skip og strategiske dronar.
Washington, London og Brussel oppmuntrar Kyiv ope til å flytte fiendtlege aksjonar til vårt territorium. Dei seier utildekt at Russland må bli slått på slagmarka med alle middel og følgjeleg miste politisk, økonomisk, kulturell og all annan suverenitet. Dei har til og med gripe til kjernefysisk utpressing. Eg siktar ikkje berre til den vestlegstøtta bombinga av atomkraftverket i Zaporizjzja, med fare for ei kjernefysisk katastrofe, men òg til erklæringar frå enkelte høgtståande representantar for dei leiande Nato-landa om at det er mogleg og akseptabelt å bruke masseøydeleggingsvåpen – atomvåpen – mot Russland.
Eg vil gjerne minne dei som kjem med slike erklæringar om Russland, om at også landet vårt har ulike våpentypar, og nokre av dei er meir moderne enn dei Nato-land har. Skulle det komme trugsmål mot den territoriale integriteten til landet vårt, og for å forsvare Russland og folket vårt, vil vi sanneleg ta i bruk alle våpensystema vi har tilgang til. Dette er ingen bløff.
Borgarane i Russland kan vere trygge på at den territoriale integriteten til moderlandet vårt, sjølvstendet og fridomen vår, vil bli forsvart – og eg gjentek – med alle dei systema vi har tilgang til.
Dei som nyttar kjernefysisk utpressing mot oss, skal vite at vindretninga kan snu.
Det ligg i den historiske tradisjonane våre, i lagnaden til folket vårt, å stogge dei som ivrar etter verdsdominans og trugar med å splitte og slavebinde moderlandet vårt. Ver trygge på at vi kjem til å gjere det denne gongen òg.
Eg stolar på dykkar støtte.
Vladimir Putin
Talen vart publisert 21. september 2022.
Teksten er omsett frå engelsk av Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Sunniva M. Roligheten debuterte som romanforfattar i 2022. Boka som kjem ut no, har ho skrive saman med Daniel A. Wilondja.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
Orda mellom oss
Sunniva M. Roligheten, Daniel A. Wilondja og Google Translate har saman skrive ein fascinerande tekstkollasj.
Teikning: May LInn Clement
«Blokk har vore nytta om stabben folk vart halshogne på.»
Med jamne mellomrom legg Riksrevisjonen, her representert ved riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, fram undersøkingar med nokså hard kritikk av korleis vedteken politikk vert gjennomført av forvaltinga.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Eit spørsmål om kontroll
I rapport etter rapport kritiserer Riksrevisjonen statlege institusjonar for feil og manglar. Men kva kjem det eigentleg ut av kritikken?
Odd Nordstoga slo gjennom som soloartist i 2004. No har han skrive sjølvbiografi.
Foto: Samlaget
Ein av oss
Odd Nordstoga skriv tankefullt om livet, ut frå rolla som folkekjær artist.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.