Radikale historier, 8
Mellom Luther og folket
Frå radikale miljø i sentrum og på venstresida gjekk folk vidare inn i populistiske arbeidsgrupper og kristensosialistiske miljø. Det blei éin av kimane til SV i 1975.
MINNEPOLITIKK. Kritisk veke i Bergen fekk ein oppfølgjar då styret i Studentersamfundet i Trondheim gjennomførte Kritisk uke hausten 1971. Privat eige.
Foto: Åge André Breivik
Opp ei trapp og inn ei dør, eller var det to trapper. På loftet i Marken 3 i Bergen samla meiningssterke folk seg for å diskutere, skrive, lage blad. Medlemene sokna til det vide feltet mellom Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Folkeparti, og mange var partilause. Største sams mål var at dei interesserte seg for populismen som strategi.
Tidlegare medlemer av Studentvenstrelaget i Bergen hadde saman med folk som sympatiserte med Kristeleg Folkeparti eller Senterpartiet, skipa Populistiske Arbeidsgrupper i Bergen (PAG) 15. februar 1971. Om lag 40 var til stades i Folkets Hus, og bak i salen sat Hartvig Sætra.
Populisme er å fordele makt nedover og utover, sa formann Oddmund Paulsen. Folket, kvar og ein, skulle ha størst mogleg innverknad på politiske avgjerder. Han skilde klart mellom ein populistisk antikapitalisme som avviser det økonomiske systemet, og ein populisme som utfalda seg innanfor det etablerte partisystemet. Både Herbert Marcuse, Rachel Carson og Georg Borgström var viktige premissleverandørar for dei som utvikla PAG. Strategien bygde dei på lokalsamfunn, motekspertise, desentralisering og økologi. Vi er eit tverrpolitisk lag i skjeringspunktet mellom den raude og den grøne polen, poengterte Nils Aarsæther i ein debatt med Sætra nokre år seinare.
På kort tid blei PAG etablert ved det nye universitetet i Tromsø. Under namnet Grønt Gras oppstod ein sentrum-venstre- og grøn-raud-allianse i studentmiljøa i Trondheim og Oslo. Særleg i Oslo viste dette att i politisk praksis, men til liks med PAG var Grønt Gras for laust organisert til å etablere tyngd og kontinuitet.
Kristen sosialisme
Tre månader før folkerøystinga om EF i 1972 gav PAG i Bergen ut boka Norsk populisme på Samlaget. Same året gav forlaget ut Mellom Luther og Marx. I Stavanger hadde SF og NKP gått saman om å skipe Sosialistisk Valgforbund i februar 1971. To tredelar av medlemene var partilause sosialistar, dei fleste kristne. På «Sosialistisk alternativ ved kommunevalget» hausten 1971 fylte kvinner dei tre første plassane, og lista inneheldt tre partilause kristensosialistar som studerte ved Misjonsskolen i byen. Det vekte megen oppstandelse. Grundigare enn på lenge drøfta desse studentane forholdet mellom tru og politikk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.