Essay

Mangfaldsparadoks

Del II

Publisert Sist oppdatert

I første del av dette essayet freista eg å vise at «mangfald» ofte er eit mangetydig og paradoksalt omgrep, slik ordet blir brukt i den samtidige norske politiske konteksten. Det er ein sentral norsk verdi, noko vi vil fremme og feire, utan eigentleg å stille spørsmål. Kva mangfaldet omfattar, er ofte uklart, og omgrepet blir ofte nytta til å forsvare det motsette, altså einsretting.

I denne andre delen skal det handle meir om statusen til mangfaldet i ein større samanheng. Også internasjonalt er «mangfald» eit heilt sentralt politisk omgrep. Ja, ein kan hevde at dei kanskje viktigaste politiske skilja i den vestlege verda på ulike måtar krinsar rundt «mangfald», og korleis ein vel å stille seg til det. Eg vil òg leite etter røtene til mangfaldsideologien.

X

Før snakka ein ofte om «det fleirkulturelle samfunnet», men dette omgrepet høyrer ein ikkje så ofte lenger, kanskje fordi det har fått ein negativ klang. Over heile Europa og i USA er framandkulturell innvandring i dag ei splittande sak. Knapt nokon større politiske parti er i dag for auka innvandring. Derimot har mange parti på høgresida vakse seg stadig større gjennom å gjere motstand mot den fleirkulturelle røynda. Dei vil ha mindre innvandring, mindre mangfald, mindre globalisering, og dette er ofte sjølve drivkrafta i desse rørslene. Nokre rettar seg òg mot seksuelt mangfald (spesielt i Aust-Europa), men det er etnisk mangfald som blir oppfatta som hovudproblemet.

Dei er diverre ikkje opportunistiske blaff, for høgrepopulistiske rørsler har vakse seg sterkare og sterkare gjennom 30–40 år. I dag er dei i regjeringsposisjon i fleire land, og i nærleiken i andre. Sverigedemokraterna blei til dømes nest største parti ved valet i 2022, det same blei Alternative für Deutschland ved det tyske valet i februar i år. I Frankrike var det høgreradikale Rassemblement National (Nasjonal samling) rekordstort etter valet i fjor (partiet utgjer den største franske partigruppa i Europaparlamentet), mens Fratelli d’Italia (Italiensk brorskap) har regjeringsmakt i Italia. Liknande rørsler dominerer politikken i fleire austeuropeiske land, og Romania vil sannsynlegvis velje høgrepopulisten George Simion neste veke.

Det er ikkje for sterkt sagt at mangfaldsproblematikk splittar den vestlege verda og er i ferd med å omskape den demokratiske røynda. Dette er ei mørk utvikling, men det skal godt gjerast å nekte for at det er dette som faktisk skjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement