JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FiktivtSamfunn

Folkekyrkja ved eit trusskifte

Trur prestane på det dei forrettar ved døypefonten og ved båra? Dag og Tid har spurt seks prestar om synet på dei grunnleggjande lærespørsmåla i Den norske kyrkja.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.

Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.

Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.

Sundagsmesse i Sagene kyrkje i Oslo.

9215
20190920

Kva trur eigenleg prestane på?

Dag og Tid spør prestar i Den norske kyrkja om grunnleggjande tru slik ho kjem til uttrykk i liturgi og truvedkjenning. Lever me midt i eit trusskifte?

Denne veka: Presentasjon av serien

Neste veke: Knut Rygh frå Halden, sokneprest i Sagene og Iladalen kyrkjelyd

Prestetru

havard@dagogtid.no

Kva tid ber du om samtale med ein prest? Før bryllaup og gravferd? Og kva kjem ut av praten? Vel, dei siste vekene har eg bede om samtale med mange prestar. Ikkje av di eg nett no står ved eit vendepunkt i livet, og heller ikkje for å høyra kva dei tenkjer om klimaendringar og samlivsformer. Nei, eg har spurt om dei grunnleggjande lærespørsmåla i Den norske kyrkja.

Kvifor? Mykje tyder på at me lever midt i eit trusskifte, eit skifte som av ein eller annan grunn ser ut til å koma om lag kvart halve tusenår: Då Noreg for fem hundre år sidan gjekk frå katolisisme til lutherdom, var det fem hundre år sidan overgangen frå åsatru til kristendom. No tyder tal på at skiftet skjer snøgt. Så seint som ved førre tusenårsskifte vart framleis åtte av ti norske born døypte – i ein tusenårig tradisjon. I dag vert fem av ti born døypte, i det fleirreligiøse Oslo berre tre av ti.

Folketrua endrar seg. Er det ei tilsvarande endring i folkekyrkjetrua? Kva trur prestane?

Ritane

Ein ting er trua. Viktigare for framtida for folkekyrkja er nok oppslutnaden om ritane. Rite? Ordet peikar på det universelle i seremoniar kring dei store vendepunkta i livet: fødsel, pubertet, samliv og daude. I alle kulturar finst livsritar, og i Noreg tek dei fleste ein eller annan gong del i kyrkjelege handlingar – når me sjølve, ein ven, ein kollega eller slektning vert fødd, ungdom, gift eller døyr.

Endringane syner seg i statistikkar, men skjer i personlege val. I sumar stod ein klokkar og eg åleine att utanfor ei kyrkje der eg snart skulle føra dotter mi til altaret. Sjeldan har eg sett ein kyrkjeleg tilsett så glad som då han forstod at ho var borgarleg konfirmert, men skulle gifta seg i kyrkja. Han fekk ei von om at trendane ikkje berre går den eine vegen.

Kva me trur sjølve, har vorte ei privatsak, men kva trur presten me gjev i oppgåve å skipa ei ramme om dei største livshendingane våre? Kor stor er fråstanden mellom folketrua og folkekyrkjetrua?

Arvesynda

Oppslutnad og trusinnhald heng saman. I dåpsliturgien ligg eit menneskesyn. Er me fødde vonde? Kva har skjedd med dåps- og menneskesynet kyrkja forkynte for femti år sidan? Risikerer udøypte framleis å gå fortapt? Og om ikkje –?er det av di ikkje berre arvesynda er annullert, men fortapinga òg?

Ei natt kring 1970 fødde ei ung kvinne på heimstaden min eit barn som ikkje ville leva til morgonen, og fleire gonger vart ho plaga av sjukehuspresten som ville døypa det døyande barnet – noko mora sa nei til av di ho høyrde til ei baptistkyrkje.

Alt på den tida svarte godhjarta prestar at «Gud har ei bakdør inn i himmelen for dei udøypte», så ting ordna seg likevel. For to år sidan endra kyrkja dåpsliturgien, opna sjølvaste perleporten for ikkje-medlemer og meiner no det som metodistar, baptistar og pinsevener alltid har lært: at alle nyfødde høyrer Gud til.

I dag er nauddåp mindre naudsynt. I år er det hundre år sidan far min vart nauddøypt på St. Olavs hospital i Trondheim. Ei luthersk forskrift for nauddåp fann eg i ei gamal salmebok: Om korkje prest eller vatn var innan rekkjevidd, laut jordmora spytta tre gonger på hovudet til barnet.

Annanrangs

Men er sjølve læra endra? Ved dåpen som med andre døme er ikkje læra hoggen i stein. Ho står ikkje i ei lovbok som vert endra med jamne mellomrom, men er ramma inn av Bibelen og truvedkjenninga, av Luther, kyrkjemøta og liturgien, men òg av folketrua og endra førestillingar i samfunnet. Innanfor, og stundom litt utanfor, dette feltet orienterer den einskilde presten seg.

I synet på arvesynda og dåpen ligg eit menneskebilete og dimed òg eit syn på naturen og jorda vår. Ikkje berre er borna våre «fødde med menneskeslekta si synd og skuld», som det heitte i dåpsliturgien før 2017, men «verda ligg i det vonde», jorda er urein og annanrangs. Ei heil og rein verd finst berre i eit parallelt univers.

Men om det vonde har lege som eit natursyn i botnen av ei tru som er to tusen år gamal, og i dag er den største religionen i verda, kva har det hatt å seia for at me handsamar jorda som noko annanrangs og ureint? Avtalen med prestane var at eg skulle snakka med dei om arvesynda og etterlivet, ikkje om klimaet og CO2-utsleppa, men ofte fekk me ei kjensle av at spørsmåla hang saman.

Kven har eg møtt?

Eg har møtt mannlege og kvinnelege prestar i ulik alder, frå tjueåra til femtiåra, frå ulike landsdelar – dei har vakse opp i Rogaland og Østfold, i Hedmark og Vestfold. Eg har samtalt med nyutdanna vikarprestar og godt vaksne sokneprestar. Eg har ikkje oppsøkt prestar eller åndelege leiarar i andre trus- og kyrkjesamfunn, men berre i «folkekyrkja», Den norske kyrkja. Eg har heller ikkje oppsøkt forskarar på dei teologiske fakulteta, men teologar som står i dagleg teneste, som døyper, konfirmerer, vier og held minnetalar som ein del av kvardagen. Kravet er ikkje at dei har ein doktorgrad, men at dei har snipp – det vesle halstøystykket er ein profesjonsmarkør om lag slik stetoskopet har vore det for lækjaren.

Kva har eg spurt om?

Eg bad om ein samtale om «dei ævelege ting» og dei grunnleggjande trusspørsmåla – ikkje ein fritt filosoferande samtale om havet, dauden og kjærleiken, men om kva dei tenkjer og trur i lærespørsmåla, i spørsmål om truvedkjenninga og dei to sakramenta i Den norske kyrkja: dåp og nattverd. Prestane har svart på spørsmål om arvesynda, himmelferda, atterkoma, domedagen, oppstoda, etterlivet, himmel og helvete.

Av di dei eg møtte ikkje fyrst og fremst er forskarar, men prestar i dagleg teneste, vart det ikkje berre abstrakte spørsmål om dogmatikk, men òg om konkrete situasjonar i arbeidet deira: Kan du gje syrgjande von om å få sjå att ein kjær dei har mista? Kva seier du i minnetalen over ein som hadde gudstru, men ikkje trudde på etterlivet?

Ein ting er kva dei kan seia privat. Ein annan ting er kva dei kan meina som prest. Før samtalane snakka eg med ein rådgjevar i Oslo bispedøme for å høyra kvar grensene går før presten vert kalla inn til samtale med biskopen.

Endringsprosessen

Tolkingsrommet for prestane i Den norske kyrkja varierer frå eitt bispedøme til neste. Ei utsegn som er innanfor for éin biskop, kan vera utanfor for ein annen, og har i somme høve ført til permisjon eller avskil.

Men den dreieboka prestane må fylgje, og som overskrid fridomen og tolkingsrommet, er truvedkjenninga og liturgien til dei to sakramenta dåp og nattverd.

Kyrkja balanserer på ein knivsegg i lærespørsmål, og presten står for den daglege balansegangen, stundom i lag med biskopen. Om ein ikkje endrar læra, kan kyrkja mista oppslutnad. Om ein endrar læra, kan kyrkja mista seg sjølv. Endringar skjer difor gradvis og litt umerkeleg. Liturgien vert opna og tilpassa ei ny tid. Men grunngjevinga er då ikkje at han var «feil», men at han «ikkje kommuniserte godt».

Korleis svara dei?

Den viktigaste rolla i abrahamsreligionane (jødedom, kristendom, islam) har ikkje vore presten, men profeten, sjåaren, Guds røyst på jorda ­– med Moses som ein av dei fyrste og fremste. Men Moses hadde ei taleutfordring og trong difor ein som kunne føra ordet for han i møte med folket og forsamlinga, og det vart bror hans, Aron, den fyrste presten.

Det fortel ein del om rolla til prestane i dag òg. Dei har gjerne ordet i si makt. Så flinke er dei med ord at dei kan snakka seg bort frå spørsmål som råkar grensene lære og liturgi set. Difor har eg mint dei på meisterens ord i Matteus 5,37: «Lat eit ja vera ja og eit nei vera nei!»

Stundom har samtalen handla vel så mykje om orda og omgrepa som om læra. For kva skal ein tru er det opphavlege innhaldet i nykelord som arvesynd og himmel? Og er dei eigenleg nykelord?

Fråstand

I den fyrste førespurnaden til kvar prest skreiv eg: «Kan henda vil samtalen syne at fråstanden mellom deg og lesarane våre er mindre eller større enn dei hadde sett føre seg.»

At trusendringane ikkje er så enkle å setja ord på, vil ikkje seia at dei ikkje er store. Når både arvesynda og helvetet no for ein stor del ser ut til å vera avskaffa, kjem det av at sjølve menneskesynet og synet på naturen har endra seg. Luther vraka skirs­elden, lutherske prestar vrakar helvetet – om ikkje med hammarslag. Mennesket har vorte godt og høyrer Gud til, både før og etter jordelivet. Korkje kroppen eller naturen er det noko syndig og gale med i utgangspunktet. Verda ligg no i det gode, ikkje i det vonde.

Serien vil syna korleis ein norsk prest i dag set ord på slike djuptgåande endringar utan å rasera ei to tusen år gamal tru eller tilsetjingsforholdet sitt.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I alle kulturar finst livs­ritar, og i Noreg tek dei

fleste ein eller annan gong del i ei kyrkjeleg handling.

Mennesket har no vorte godt og høyrer Gud til, både før og etter jordelivet.

Eit meir positivt menneske­syn fortrengjer arvesynda og fortapinga.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis