JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Lita skriftSamfunn

Bilhat

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1888
20211015
1888
20211015

Meir om hatet mitt mot moderne bilar. Heilt sidan eg kjøpte bilen min for to år sidan, har det blinka gult på dashbordet. Alle som veit noko om EØS-kontrollen, veit at blinking i dashbord er ulovleg og kjem til å kosta pengar. Men då eg var på EØS-kontroll på den lokale verkstaden min i Volda, sa mekanikaren at «det der gjev vi blaffen i. Det har ingenting å seia for bilen».

Så kva er årsaka til at det har blinka gult? Dekksensoren i den eine ventilen. Han har prøvt å seia frå om at han er gåen. Kva gjer dekksensoren? Han seier frå om det er lite luft i hjulet, og om eg eventuelt har punktert. Slikt var som kjent umogleg å finna ut av før. Men eg har altså ignorert blinkinga, vel vitande om at eg kan gje blaffen. For det har ein mekanikar sagt til meg!

No har eg gjeve etter. Eg skifta til vinterdekk no onsdag, sidan det er kome snø på Strynefjellet. Eg var innom Dekk1 i Asker. Der kunne dei fortelja meg at sensoren var gåen, og sa at eg burde skifta ventil.

– Kva kostar det, var eg dum nok til å spørja om.

– Vi gjer det i ein fei, og du treng berre betala for sjølve ventilen, som vi sel for 500 kroner.

Eg sa ja. Skift til vinterdekk og ny ventil skulle berre kosta 1000 kroner og taka 20 minutt.

Det gjekk 20 minutt, og eg vart beden om å gå ned i hallen og henta bilen. Problemet var berre at karane ikkje hadde fått resett hjernen. Ja, dei sa «hjernen». Dei diskuterte lenge seg imellom og kom til at ingen av dei kunne det på min modell. Eg vart beden om å køyra opp til ekspedisjonen. Der skulle ein verkeleg kompetent kar sitja, han som overtalte meg til å kjøpa ny ventil.

Det heile tok halvannan time og involverte telefonar, datamaskiner og ein lovnad frå mi si side om at eg skulle køyra ti minutt over 25 km/t.

Det gjekk sjølvsagt ikkje i eit bustadfelt med fartshumpar og kryssande trafikk og menneske.

Lampen i dashbordet blinkar enno. Hat.

JH

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis