Historie

Lærarane stod imot nazifiseringa

Lærarstriden under krigen var eit klassisk døme på offentleg mot då det verkeleg galdt.

Gartnargjengen: Kring 700 lærarar vart sende til Kirkenes på tvangsarbeid i 1942. Tungt arbeid venta, mellom anna med rydding av Lærerveien ved Storskog på grensa til Russland.
Publisert Sist oppdatert

Krig intensiverer val. Kva ein gjer og ikkje gjer, kan få fryktelege konsekvensar for andre – og for ein sjølv. Difor høyrer vi ofte at livet var meir intenst under krigen. Då levde vi. Meir konsekvensrikt. Paradoksalt nok.

Få andre kampfrontar illustrer desse dilemmaa betre enn dei to fremste: motstandshistoria til Den norske kyrkja og kampen lærarane utkjempa mot Norsk Lærersamband, Vidkun Quislings freistnad i februar 1942 på å einsretta oppsedinga av ungdomen. Dette var klassiske sivile ulydnadsaksjonar som innebar stor personleg risiko for dei som var med.

I dag, med trugsmål mot det menneskerettsbundne demokratiet fleire stader i verda, kan det vera grunn til å sjå nærare på korleis sivilsamfunnet møtte Quisling-regimets «nyordning». Gløym heller ikkje at desse aksjonane vart inspirasjonskjelder etter krigen for «militærvesen utan vald»-tradisjonen med folk som Arne Næss, Johan Galtung og Gene Sharp i framgrunnen og Mahatma Gandhi i bakgrunnen.

Kan henda er det ikkje heilt gale å seia at prestane og lærarane i Noreg under naziåket i 1942 skapte verdshistorie?

Drastisk nyordning

Her er det fyrst grunn til å minna om at okkupasjonen frå 1940 til 1945 var noko heilt anna i Noreg enn i til dømes Danmark. Danskane opplevde det ein kunne kalla ein «normal» okkupasjon. Fyrst i 1943 spissa motstanden seg til, og danskane fekk «norske tilstandar» med sabotasje og aktiv sivil motstand på brei front. Danmark hadde til og med relativt frie val i 1943, der Fritz Clausens naziparti fekk berre 2,1 prosent av røystene.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement