Kommentar
Labour eitt år etter – den sure svien etter den søte kløen?
Labour vann ein overveldande valsiger 5. juli i fjor – partiet fekk ein majoritet på 211 plassar, samla 412. No, eitt år etter, har vi ein slags rekneskap etter all furoren.
Storbritannias statsminister Keir Starmer på ein pressekonferanse i London i år.
Foto: Ian Vogler / Pool Photo / AP / NTB
Kvifor gjekk det så gale? Er det noko håp om at Keir
Starmer tek seg opp att?
Og: Er det noko ålment å læra for dei som vil ha
djuptgripande reformer i avanserte industriland?
Tre veker er lang tid i politikken, sa Harold Wilson.
Eitt år er all æva.
Etter Labours eittårsjubileum er tida no inne til å take
stock, som britane seier. Me kunne ha føydd til det Thorbjørn Jagland sa då
han gav frå seg statsministernøklane: «Velkomen til røyndomen.» Labour har no møtt
røyndomen.
Kaos og inkompetanse
Tonen i jubileet vart sett av Guardian Weekly 11. juli
no i sumar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.