JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn
Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Forfattar Rolf Sagen.

Forfattar Rolf Sagen.

Foto: Anton Haugstad / NTB scanpix

Forfattar Rolf Sagen.

Forfattar Rolf Sagen.

Foto: Anton Haugstad / NTB scanpix

3178
20170421
3178
20170421

«Kvifor er det ikkje meir snakk om Rolf Sagen?» er eit sitat som kan førast tilbake til meg. Og når eg no igjen skal snakke om Rolf Sagen, dagen før eg skal i gravferda hans, er det med eit sterkt håp om at dette ikkje er siste gong det blir snakka om Rolf Sagen. Og ikkje minst om at dei beste bøkene hans ikkje skal bli gløymde.

Sagen døydde 6. april, han hadde lide av Parkinsons sjukdom i mange år.

Rolf Sagen var sjefen min i fem år, frå 1988 til 1993. Han hadde fått i gang storprosjektet Skrivekunstakademiet i Hordaland. Han var dagleg leiar, i tillegg til at han underviste sjølv, og han kalla inn Jon Fosse og underteikna til å vere dei første lærarane på årskurset. Og han var ein nærmast perfekt sjef. Ein såg han sjeldan, og han la seg aldri opp i kva vi andre lærarane hadde føre oss.

Ein kan vanskeleg overvurdere den rolla Sagen har spelt når det gjeld utviklinga av skriveundervisning og forfattarutdanning her i landet. (Eldrid Lunden var rett nok aller først ute, med etableringa av forfattarstudiet i Bø.) Det er neppe andre enn Sagen, med sin økonomiske og praktiske sans og sine politiske kontaktar og overtalingsevner, som kunne fått i stand noko slikt som Skrivekunstakademiet, der han var dagleg leiar frå 1985 til 1993, og seinare underviste.

Men det er bøkene hans eg ønskjer at han først og fremst skal bli hugsa for. Han er ei heilt original røyst i den norske litteraturen. Han er lett gjenkjenneleg og liknar ingen annan. Og ingen veit kor han tok det frå. Han fekk Vesaas’ debutantpris for debutboka Dørklinker i 1968, men det var nok med romanen Kvengedal i 1970 – boka er sett saman av tekstar frå to lokalaviser på Sunnmøre i ein toårsperiode – at ein skjønte at her kom ein til å ha med ein heilt spesiell forfattarskap å gjere. Noko som blei forsterka med romanen Morgonmannen held utstilling året etter. Då eg for første gong skulle opphalde meg i utlandet i lengre tid, i 1975, var Sagen si diktsamling Båten til Bergen den boka eg først og fremst ville ha med meg, for å halde ein slags kontakt med gamlelandet.

Sagen gav ut bøker i alle sjangrar. Og om romanane hans var ganske forskjellige, frå det absurde og fantastiske til det realistiske og nesten-dokumentariske, så kjenner ein alltid att Sagen-røysta. Mine favorittar er Springfart ved fjorden og Lyden av vatn. To av dei beste bøkene som kom ut her i landet i det 20. hundreåret. Den første er også truleg den boka eg har ledd mest og høgast av nokon gong, eit komisk meisterverk.

Personen Sagen kjende eg eigentleg ikkje så godt. Eg visste lite om livet hans utanfor bøkene og skriveundervisninga. Men eg har eit godt minne om ein turné som forlagsredaktør Finn Totland arrangerte i 2007, med Jon Fosse, Rolf Sagen og underteikna. Ein miniturné på Sunnmøre for å feire Rolf Sagen og boka han nettopp hadde gitt ut, oppvekstskildringa Kraftverk.

Siste gong eg såg Rolf Sagen var i 2014, då ei rad av gode kollegar feira han og det som blei den siste boka hans, MS Liv. Han var ganske redusert og sa lite, men såg ut til å setje pris på det som skjedde.

Eg vil sakne Rolf Sagen, og eg skulle ønskt at han hadde fått skrive endå fleire bøker. Fred over minnet hans.

Ragnar Hovland

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis