JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SideblikkSamfunn

Kven er alle dei nye Høgre-folka?

Erna sit stille i båten og rir på ei Høgrebølgje. Dei har rulla over landet før, og lagt seg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Høgreleiar Erna Solberg feira oppturen med ein turné i fjor sommar.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

5786
20230120
5786
20230120

hompland@online.no

Francis Sejersted (1936–2015) var ein verdikonservativ og danna høgremann, med Minervas ugle på aksla. Han var av juridisk embetsmannslekt, men sjølv var han professor i økonomisk historie. Nobelkomiteen og Fritt Ord var to av hans arenaer. Rettsstat og ytringsfridom var ideologiske grunnmurar. Han tolka norsk historie etter 1814 som «demokratisk kapitalisme». Fordi Noreg mangla eit sterkt industri­borgarskap, spelte Staten rolla som «kompensatorisk borgerskap» i den norske idyllen.

Sejersted var også Høgres historikar (tredje bind: Opposisjon og posisjon 1945–1981). Forteljinga munna ut i høgrebølgja som løfta Kåre Willoch opp til statsminister. Som ein sleivete og karakteristisk kommentar sa Sir Francis at det at han røysta Høgre, var heilt naturleg, men at alle desse andre gjorde det, var vanskeleg å forstå. For som han også skreiv: «Høyre har alltid fungert som et interesseparti for de bedrestilte i samfunnet.»

DET EVINNELEGE spørsmålet er korfor så mange «vanlege folk» røystar på Høgre. Er dei forførte? Er dei offer for falskt medvit? Skjøner dei ikkje sitt eige beste?

Om dette har Mímir (Krist­jánsson) og (Magnus) Marsdal, som tidlegare jakta på Frp-koden, laga ein Manifest-podkast med den trøndske vernepleiaren Andreas, mark­nadsanalytikaren Dag Inge Fjeld og den franske kultursosiologen Bourdieu som hjelpesmenn.

EIN SLAGS METAFORISK konklusjon er at dei ny-konverterte kler seg i allvêrsjakke – for å vera på den sikre sida. Dei er alt-med-måte-folk: forsiktige, fornuftige, nøkterne, ordentlege, planlagde, skikkelege, anstendige, ansvarlege, ikkje-alternative. Dei er opptatt av helse, sport og kultur, utan å vera fanatiske. Dei ser seg som individualistar, men vil helst vera som folk flest, følgja straumen og ikkje skilja seg for mykje ut. Dei er verken overklasse eller arbeidarklasse; dei kjenner seg heime i ei vidfemnande og godt tilpassa middelklasse.

Dei trur på privat sektor, men kan gjerne jobba i det offentlege. Uansett er dei mot byråkrati og overdriven rapportering, og dei har stor respekt for tiltakslystne folk som vågar å satsa. Dei er allergiske mot slabbedaskar på venstresida som hetsar rikingar som skaper arbeidsplassar og verdiar. Dei trur ikkje at dei sjølve vil bli rike med Høgres skattepolitikk, men det er bra for A/S Noreg at Høgre styrer og forandrar for å bevara. Dei er meir opptekne av menneske enn av milliardar, meir av tradisjonelle verdiar enn av skatt og økonomi. Dei er ikkje freista av Framstegspartiet, for dei styggest ved absolutte haldningar og sterke meiningar.

SPALTISTEN BLEI RAMMA av eit déjà vu. Var han ikkje med i ein tjukk antologi som Tor Bjørklund og Bernt Hagtvet redigerte i 1981: Høyrebølgen – epokeskifte i norsk politikk?

Tekstarkeologiske utgravingar syner at artikkelen bygde på eit møte med den meiningsmålingsmentorerte idealtypen «Lagerleder Olsen», som melde overgang frå Arbeidarpartiet til Høgre fordi han var mot sosialisme (Dagbladet 22. januar 1979). Vidareføringa var ein retorisk analyse av den pragmatiske Jo Benkow («fruktbart vekselspill og fordomsfri prøvning»), den folkelege og inkluderande Erling Norvik som kalla Høgre «det progressive, liberal-konservative og moderate sentrumsparti», og den balanserte Rolf Presthus med eit moderert lån frå Thatcher: «Statens grenser burde trekkes noe tilbake.» Over dei svevde den polemiske Willoch som påførte fru Brundtland raude flekkar på halsen, der ho streva med å forma og fronta eit revidert sosialdemokrati etter den regulerte og bleikna stordomstida.

BYRÅSJEFEN MINNER om at den willochske høgrebølgja la seg; ho enda i ein politikk som ikkje var til å skilja frå det moderniserte Arbeidarpartiet. Derfor kom det ei ny og meir hissig høgrebølgje som Framstegspartiet nøra og reid på. Seinare kom Erna Solberg som bølgjebrytar. Nå er ho heldig fordi regjeringa må bala med krig og problem som har kome kastande på utanfrå. Høgre kan sitta stille i båten og vera med på ferda, men lata som dei protesterer for allverda.

Byråsjefen spår at også denne høgrebølgja ebbar ut, for dei har ingen alternativ politikk som er berekraftig. Om det skulle gå heilt gale, ligg den danske vegen nær: Arbeidarpartiet og Høgre er eit naturleg styringsfellesskap i alvorlege krisetider for landet.

VERTINNA GÅR LEI av å høyra på Byråsjefen, for han læt som ei kunstig intelligent prateboks. Sjølv kom ho i flyt etter at ho lét seg lokka til å førehandsrøysta på Senterpartiet. Nå er ho så plaga av straumpris og rente at ho har klatra ned frå gjerdet og vil stemma Høgre, sjølv om ho ikkje trur det ville blitt særleg annleis, og at det var frykteleg mykje rot då Solberg styrte med skiftande framstegsmannskap. For sjølv om Erna er bergensar, verkar ho godmodig og truverdig.

SPALTISTEN TILBYR eit slags verktøy for å gripa stoda: Rebecca-syndromet, etter ein roman av Daphne du Maurier.

I det gamle testamentet var Rebekka kona til Isak og mor til dei stridande tvillingane Esau og Jakob. I romanen var Rebecca den nye kona til ein enkemann, og same korleis ho tedde seg, blei det gale, for den førre var alltid betre, fortent eller ufortent. I psykiatrien er Rebecca-syndromet «retroaktiv sjalusi», men her er poenget at Jonas har hamna som Rebecca: Same kva han seier, gjer eller ikkje gjer, minnest mange at Erna gjorde det betre, trass i usosiale innstrammingar, overdrivne koronapåbod, sushi på Geilo og ei rad av udugelege justisministrar. «Erindringsforskyvning» er eit verksamt element i politikken. Den førre statsministeren blir oppskrytt for å småminka den nåverande, som med Tor Jonssons ord blir «låga ned på».

Andreas Hompland er
sosiolog og skribent.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis