Kommentar
Kristen fascismekritikk
Religiøs orientering blir fort slege saman med høgreekstremisme. Men er det hald i dette?
Charlie Kirk hadde eit sterkt engasjement for kristen tru. Her frå ein debatt ved Universitetet i Washington i Seattle i 2024.
Foto: David Ryder / Reuters / File Photo / NTB
Det går ein lang debatt om religion og
politikk for tida. Vi kan registrera ei aukande interesse for religion: Både i
folkekyrkja og i frikyrkjene melder ein om stor interesse for religiøs
orientering. Det er kanskje for tidleg å seia noko om kor sterk og varig
impulsen er, men han bryt i alle fall ein nokså samanhengande sekulariserande
trend dei siste femti åra.
På same tid ser vi at konservative
politiske miljø har framgang, sjølv om sympatien flytter seg frå det ein gong
verdikonservative Høgre til det meir populistiske FrP. Den konservative
vendinga i KrF lyfte partiet den nødvendige halve prosenten for å koma over
sperregrensa.
Amerikanske straumdrag
Ei frustrert venstreside knyter dette til
amerikanske straumdrag, der nokre av dei kristen-nasjonale retningane går motstandslaust
inn for autoritære styreformer, og riv ned balansen mellom utøvande og
lovgjevande makt, trugar ytringsfridommen og byggjer opp ein fascistoid
maktkonsentrasjon hos mafiabossen på toppen. Toleransen for dette er
forbausande og skremmande.
Dette har blitt diskutert i fleire
omgangar: frå Hilde Sandvik slo alarm om religiøs maktbruk tidleg i sommar,
gjennom valkampen og ein fornya runde etter mordet på Charlie Kirk. I denne
debatten blir fascismeomgrepet brukt nokså fritt og uvørdent, og det kan vera
grunn til å sjå på den norske historia om fascisme og religion.
Eit historisk sveip
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.