JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KrigSamfunn

Krig, bilar og sumar

Den mest populære guvernøren i Ukraina – leiaren av frontregionen Mykolajiv – bruker sokkar i friske fargar og snakkar russisk, ukrainsk, fransk og koreansk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Innbyggjarar vinkar frå ein bygard etter dødelege rakettåtak mot eit bustadområde i Mykolajiv.

Foto: Reuters / NTB

11968
20220715
11968
20220715

I informasjonsvideoane sine fortel han stadig vitsar i ein freistnad på å få opp humøret blant folk som bur i byen Mykolajiv, som så å seie kvar natt vert bombardert av russisk artilleri og ballistiske missil.

Namnet hans er Vitalij Kim. Han er ukrainar av kore­ansk opphav. Ein vellukka forretningsmann som gjekk inn i politikken samstundes med Volodymyr Zelenskyj, og han er medlem av partiet til Zelenskyj, Folkets tenar.

Eit av dei første russiske missila som vart skotne mot Mykolajiv, øydela bygningen til den regionale administrasjonen og trefte kontoret til guvernøren. Sjølv var han ikkje der, men da bygningen rasa saman, vart over 30 tilsette i administrasjonen drepne, inkludert pressesekretæren hans. Vitalij Kim fann ein ny stad til kontoret og heldt fram med å leie regionen til eit stadig meir høglydt akkompagnement av militære operasjonar.

I tillegg til ansvaret for å byggje opp att øydelagde bustader og regional infrastruktur, har han i seinare tid blitt nøydd til å «slåst» med det ukrainske militæret. Det er mange militære i Mykolajiv, men han treng slett ikkje «slåst» med alle, berre militære sjåførar som bryt trafikkreglane og er årsak til mange ulukker på vegane i regionen.

Det er gjerne slik at militære ikkje lyder sivile, men Vitalij Kim har lagt seg på ein tydeleg militær stil. Han har erklært at dersom dei militære sjåførane bryt trafikkreglane utan grunn, vil han konfiskere køyretøya deira. Det er ikkje stridsvogner eller personellkøyretøy som lagar problema, men raske varebilar som friviljuge frå heile Ukraina har donert til det ukrainske militæret for å auke mobiliteten deira og gjere operasjonane deira meir effektive.

Alt ville vore i orden dersom alle sjåførar, både sivile og militære, hadde trening i å køyre bil i krigstid. Men ingen har forklart nokon at dei vanlege reglane for vegfarande ikkje er oppheva. Dessutan køyrer militærsjåførar ofte utan nummerskilt og med blinkande lys – mest som for å åtvare om at ein kan vente seg kva som helst frå den kanten.

På grunn av det aukande talet på trafikkulukker der militære køyretøy er innblanda, vedtok regjeringa nyleg at militære sjåførar må kursast av profesjonelle racerkøyrarar i å køyre under vanskelege og ekstreme forhold.

Eigentleg er mange militære sjåførar svært dyktige frå før, særleg om dei har røynsle frå køyring langs fronten, der livet til heile gruppa avheng av farten på bilen og sjåføren si evne til å gjere brå unnamanøvrar.

I denne krigen skjer storparten av krigshandlingane i mørkeret, om natta. Ein av dei obligatoriske tryggingsreglane for militære sjåførar ved fronten, er å køyre med sløkte frontlys. Det inneber at sjåføren ikkje berre må vere i stand til å køyre fort på vegane og over markene, og i ulendt terreng, men òg at dei må kunne køyre i blinde.

Det kan vere greitt ei månelys natt. Da kan ein i det minste sjå nokolunde at det ikkje er hindringar framfor bilen. Men er det overskya, kan ein berre køyre på intuisjon og på evna til skilje motorlyden frå ein møtande bil frå motorlyden frå køyretøyet ein sjølv sit i.

Nattleg trafikk over markene ved fronten er så intens at det er nokså vanleg med ulukker. Men også i dagslys er vegane til og frå fronten farlege, ikkje berre på grunn av granatane frå russisk artilleri, men på grunn av nervøsiteten hos sjåførane og den tekniske tilstanden til gamalt militært utstyr og bilar laga i sovjettida.

Ei av dei mest tragiske bilulukkene dei seinaste vekene hende da ein ambulansebuss køyrd av friviljuge kolliderte med ein militær lastebil som hadde punktert. Ambulansebussen, som var utstyrt for å ta seg av skadde som skulle vekk frå slagmarka, vart vrak. Ein kvinneleg dokter frå Australia døydde, og tre friviljuge sjukepleiarar og sjåføren vart alvorleg kvesta.

Bilar som er vraka i ulukker, vert vanlegvis etterlatne i vegkanten eller på eit jorde, og dei utgjer eit problem for andre sjåførar.

I Mykolajiv-regionen vert vrakdelar etter ulukker fjerna temmeleg kvikt. Det meste av regionen er under ukrainsk kontroll og tett overvaking av guvernøren.

Det er ingen brukte utanlandske varebilar på den andre sida av frontlina. Kan hende klarer ikkje russiske friviljuge og andre å skaffe slike på grunn av sanksjonane. Men nei, Russland kan framleis kjøpe bilar frå India og Kina, men treng det ikkje. Sovjetunionen etterlét titusenvis av militære køyretøy til Den russiske føderasjonen. Det er utstyr som jamt vert lasta om bord på tog og frakta til Ukraina frå alle kantar av det store landet. Vegane på den russiske sida av fronten, som no er over 2000 kilometer lang, fløymer over av tusenvis av gamle sovjetiske militærbilar som er henta ut frå langtidslagring, hundrevis av sovjetiske militære UAZ-jeepar og mange meir moderne terrenggåande jeepar.

Det finst enda ein type køyretøy den russiske hæren nyttar, ein type den ukrainske hæren ikkje har maken til: mobile krematorium. Desse svært spesielle køyretøya utgjer kanskje ikkje nokon risiko på vegen, men dei hjelper til med å skjule talet på offer for den russiske aggresjonen i Mariupol og elles.

Den verkar som den russiske bilmarknaden har nokre problem. Etter innføringa av sanksjonane får ikkje russarane kjøpt noko hos bilforhandlarar. Difor har Vladimir Putin gjeve ordre om å ta opp att produksjonen av det gamle sovjetiske bilmerket Moskvitsj. Den russiske regjeringa har òg slakka av på krava til tryggleik for bilane. No er kollisjonspute for passasjer og førar tilleggsutstyr. Kollisjonsputesystema er jo ikkje produserte i Russland.

Men for russarar er ikkje tryggleik hovudsaka. Hovudsaka er at bilen har hjul, og at motoren verkar. Dei mest populære modellane av sovjetiske/russiske bilar, som Lada, Moskvitsj og Volga, hadde ikkje kollisjonspute. For folk som ikkje hadde råd til ein importert bil, var det eit ikon limt fast på dashbordet som erstatning for kollisjonspute. Den russiske hæren har framleis nok av hjul og motorar. Og forsyningane av ikon er det ingen ende på.

Medan den mest kjende ukrainske guvernøren «slåst» med militære sjåførar i Mykolajiv, har ein pizzabil frå den skotske velgjerdsorganisasjonen Siobhan-fondet kome på arenaen. I nærleiken av fronten arrangerer ei internasjonal gruppe friviljuge pizzafest for lokale innbyggjarar som har bestemt seg for ikkje å
evakuere, men bli verande heime. For ei vekes tid sidan forsynte den mobile verksemda tusenvis av innbyggjarar i Mykolajiv-regionen med nylaga pizza.

No er det fem pizzabilar i Ukraina, kvar med ei gruppe friviljuge. Siobhan-fondet har òg sendt ein frysebil som hjelper til. Han fraktar ingrediensane til pizzabilane frå eit eige lager som er sett opp i den polske byen Medyka, nær den ukrainske grensa. Planen er at pizzabilane skal vere verksame i Ukraina til krigen er over.

For ukrainarar i utkanten av kampane og for internt fordrivne flyktningar er nylaga pizza levert på døra noko svært spesielt – noko som gjer sumaren lystigare.

Innbyggjarane i Mykolajiv har alltid meint at dei er heldige. Dei har jo Svartehavet rett ved, med kjende hotell og sandstrender, men dei har òg Søndre Bug-elva, med breidder som er populære feriestader.

Sola er heit nett no, langs frontlinene i Donbas, på grensa til regionane Mykolajiv og Kherson, der den sørlege fronten går no, og i Odesa-regionen og i Kyiv. Det er heitt overalt. Sumaren er komen for alvor, men i år er ingen misunnelege på dei som bur nær havet.

I Odesa-regionen er alle strendene stengde, mange stader er dei sperra av med piggtrådgjerde. Minst to russiske miner har alt eksplodert nær strendene i Odesa. Dei drap og skadde fleire feriegjester med granatsplintar. Etter dette er det offisielt forbode å oppsøkje strendene overalt i Odesa-regionen. Tilsvarande ulukker har skjedd i dei okkuperte områda, med den forskjellen at okkupantane ikkje har forbode bading der. Folk går stadig for å få seg ein dukkert litt unna strendene i no øydelagde Mariupol, sjølv om nokre har mista livet under symjeturen på grunn av miner og granatar.

Russiske militærbåtar patruljerer heile tida kystlina ved strendene i Mariupol. Russiske patruljar går langs strendene med maskinpistol i hendene og sjekkar papira til dei som ønskjer å få litt brunfarge i den sørukrainske sola, krig eller ei.

Nyleg gjekk ein båt roleg og høgtidsamt langs kysten ved Mariupol, følgd av eit krigsskip frå Novorossijsk. Begge båtane hadde russisk-ortodokse prestar om bord. Denne maritime «prosesjonen», med ikon og bøner, var skipa for den russiske militære TV-kanalen Zvezda (Stjerna). Dei ønskte truleg å syne russiske truande at Gud hjelper den russiske hæren. TV-journalistane tok med opptak av folk som sola seg på stranda. Synet av folk nær sjø verkar alltid roande og inspirerer til tankar om stabilitet og fred.

I Mykolajiv kan dei fleste innbyggjarane no opphalde seg trygt på breiddene av Søndre Bug-elva. Det er rolegare der, og liten fare for å trakke på noko som eksploderer.

Strendene i Kyiv, lenger nord ved den same elva, er òg fulle av folk. Mineryddarar har undersøkt alt grundig – det er ikkje miner der. Og helsestyresmaktene har kunngjort at alle strendene i Kyiv er behandla med middel mot midd. Så det einaste ein treng å uroe seg for, er russiske missil.

Trass i krigen er det mange ukrainske familiar som gjerne vil slappe av i strandkanten – om ikkje ved Svartehavet, så ved Middelhavet eller Egearhavet. Reisebyråa er i arbeid, og feriar i utlandet har ikkje blitt dyrare på grunn av krigen. Faktisk er dei no heller litt billigare, særleg om dei ferierande er budde på å reise med buss frå Kyiv eller andre byar. Prisen for ei veke på ein feriestad ved den bulgarske svartehavskysten startar på 200 dollar per person, bussturen inkludert. Om ein ønskjer å dra til Egypt, Tyrkia eller Italia, må ein fly ut frå Chisinau i Moldova.

Som ei følgje av den russiske aggresjonen har hovudflyplassen i Moldova blitt forbausande populær. Flyplassen er langt betre forretning no enn han var før krigen, ved at han har blitt så viktig for Ukraina, som ikkje har hatt flysamband med verda utanfor etter 24. februar.

Sjølv om det finst transport­-
problem, har krigen bringa Ukraina svært nær dei vestlege naboane. Polen, som Ukraina har mange uløyste historiske problem med, har lagt til sides alle klagemål og blitt ein av hovudpartnarane til Ukraina. Moldova, med ein industriregion – Transnistria – som lenge var okkupert av Russland, hjelper òg Ukraina så godt landet kan. Ukrainarane bidreg monaleg til utviklinga av økonomien i Moldova, og dette vert reflektert i at den viktigaste TV-kanalen i landet nyleg vedtok å sende to program på ukrainsk.

Di meir Putin freistar å «av-ukrainisere» Ukraina, di sterkare vert integreringa av Ukraina i Aust- og Vest-Europa. Bøker på ukrainsk vert alt prenta i Litauen, Polen og Tsjekkia. Mange restaurantar i Aust-Europa har no menyar på ukrainsk. Dessutan dukkar det opp nye ukrainske restaurantar i mange europeiske småstader og byar. Ofte er dei starta av flyktningar frå Ukraina – dei som gjerne har minst hug til å vende attende. Men litt av fortenesta deira kan godt kome til å flyte attende til Ukraina – i form av varebilar til den ukrainske hæren, forhåpentleg med kompetente sjåførar.

Andrej Kurkov

Omsett av Lasse H. Takle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I Mykolaiv-regionen vert vrakdelar etter ulukker fjerna temmeleg kvikt.

I nærleiken av fronten arrangerer ei inter­nasjonal gruppe friviljuge pizzafest for lokale innbyggjarar som har bestemt seg for ikkje å
evakuere, men bli verande heime.

Sumaren er komen for alvor, men i år er ingen misunnelege på dei som bur nær havet.

Fleire artiklar

Teikning: May Linn Clement

KommentarSidene 2-3

Vill vest i villmarka

Det har gått hardt for seg i den norske fjellheimen dei siste åra. Slik blir det når dei som kunne ha dratt i naudbremsen, er blant dei største pådrivarane for nedbygging av natur.

Astrid Sverresdotter Dypvik

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn
Cecilie Hellestveit

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Bjørgulv Straume (1938–2024).

Foto: Leonhard Jansen / Setesdalsmuseet

MinneordKultur
Hallvard T. Bjørgum

Munnharpevirtuosen frå Setesdal

Med Bjørgulv Straume voks den landsomfattande bølgja for munnharpespel seg til høgder ingen kunne førestilt seg.

Julie Moe Sandø i rolla som Aase Ivarsen syng og dansar som ei stjerne. Dessutan har ho komisk talent.

Foto: Ole Heman Andersen / Det norske teatret

TeaterMeldingar
Christiane Jordheim Larsen

Ivar Aasen-musikal for massane

Det er like lett å like Spynorsk. The Musical, som det er å like vaflar. Vi snakkar koseteater utan altfor mykje næring til tankane.

Robert Mood er tidlegare generalmajor og har mellom anna vore generalinspektør for Hæren.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte

En utilstrekkelig langtidsplan

Vi har større og mer fundamentale sårbarheter enn noen gang før som nasjon, samtidig som vi er dårligere forberedt enn på lenge.

RobertMood

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis