JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Korleis kan Frankrike styrast?

«Vinglende viljeløst, vet ei hvorhen» – sitatet frå Henrik Ibsens Kongsemnene (1864) passar utmerkt på situasjonen for franske rikspolitikarar for tida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Partileiar og parlamentsmedlem Marine Le Pen handhelsar på den franske presidenten Emmanuel Macron etter møtet i presidentpalasset tysdag denne veka.

Foto: Reuters / NTB

6477
20220624
6477
20220624

Valet på ny nasjonalforsamling vart avslutta søndag 19. juni, og mange reknar resultatet for eit jordskjelv – alle makttilhøve er endra. Dei nye representantane er no innkalla til sesjon i nasjonalforsamlinga i starten av juli. Der skal dei danne partigrupperingar. Korleis dei skal sjå ut, er alt eit stormfullt offentleg tema; dei nye valalliansane vil gjerne splitte seg opp.

Kvifor er flest alle franske profetiar så dystre for styringsevna til ei ny regjering? Ein repeterer ad nauseam at slik oppflising av nasjonalforsamlinga er ukjend sidan 1958, då den femte republikken kom til. Ein fryktar at kaoset i den fjerde republikken, 1946–1958, tek seg opp att, då såg ein 22 regjeringar. Ni av desse vara kortare enn 41 dagar.

Jakobinisme

At den fjerde republikken fekk slike vanskar, kom dels av den gjenoppvekte jakobinismen etter krigen. Jakobinarklubben vart danna i 1789 og stod bak terroren. Dei var sterkt antirojale, lente mot nasjonalisme i ymse gradar, og var samstundes for liberalisme og liberale livssynshaldningar.

Såleis finn ein mildare og hardare jakobinisme overalt i fransk politikk, dermed også i synet på rolla staten skal ha. På yttersidene artar han seg som antiglobalisme og skepsis til staten. Her møtest partia Det ukuelege Frankrike og Nasjonal samling ofte, noko båe sider prøvde å utnytte til å stele veljarar frå kvarandre i siste parlamentsvalkampen. Å framstille presidenten som konge eller gud (Macron som Jupiter) gjer kritikarar frå absolutt heile skalaen likevel.

Symbolmarkeringar

Tradisjonen har etterlate manikeiske arvemerke som går langt lenger enn vi er vane med, våre stridar må kallast venlege i samanlikning, og det ligg ikkje store drama bak mykje av kranglinga her. Det gjer det alltid i Frankrike. Ein unngjekk etter krigen å snakke om quislingregjeringa i Vichy, ein tala ikkje høgt om Algeriekrigen før nasjonalforsamlinga i 2011 vedtok at det var ein krig.

Likevel vart det skapt ein retorikk der alle debattar om all rikspolitikk vart symbolske for kva for posisjonar folk hadde då det galdt. Difor vert då også flest alle rikspolitiske ordskifte til symbolmarkeringar av kampen mellom det gode og det vonde. Det minste hint om at ein ber fram suspekte standpunkt, gjev gneistar til fryktelege kontroversar.

Valalliansar

Så lat oss ta det stegvis: Jean-Luc Mélenchon er ein breial leiar for ytre venstre-partiet La France Insoumise (Det ukuelege Frankrike), folketribun og meister i alle former for formidlingsteknikk av i dag. Straks etter presidentvalet 24. april overrumpla han alle med det utenkjelege framlegget om å samle venstresida til éin valallianse.

Under over alle under: Etter ei vekes tid var alliansen der: Det ukuelege Frankrike, Sosialistpartiet (PS), Dei grøne, Kommunistpartiet og ei nytt lite parti, Génération.s – med støtte frå smågrupperingar. Resultatet vart kalla Nupes – Ny økologisk og sosial folkeunion.

Ingen trudde PS kunne kome seg etter dei to siste presidentvala, lutfattige etter å ha selt hovudkvarteret og det meste anna av eigedom. Ingen trudde det var kjangs for at Nupes-partia kunne samarbeide. Likevel har det alltid regionalt og lokalt vore valalliansar: mange små grupper forhandlar seg fram til plassar ved å få markante personlegdomar på lister saman med større parti. Slik også nasjonalt denne gongen: Nupes kom inn med 133 representantar.

Andre grupper livna no til og tok etter. Dei to konservative partia fekk til saman 64 representantar. Presidentpartiet skifta namn frå Republikken på marsj! (LREM) til Renaissance og kopla seg til ulike grupper under namnet Ensemble! (Saman!). Dei fekk 245 røyster, 54 for lite til å få absolutt fleirtal, som LREM har hatt i fem år.

Det nytta ikkje lenger å skremme veljarane attende i falden ved å truge med partiet til Marine Le Pen, Nasjonal samling (RN). Det var det god grunn til å tru, for RN er det einaste som gjennom dei siste to–tre regionalvala har arbeidd systematisk med å byggje partiorganisasjonen regionalt.

Valkampsaker

Skremsla fordunsta då Macron «stal kleda til Marine», for å bruke eit uttrykk frå norske valkampar. I presidentvalkampen hadde han hevda at illegal innvandring er eit hovudproblem. Det er berre delvis sant, stormengda er urettmessige asylsøkjarar som byråkrati og politi ikkje klarar å kaste ut.

Ein heil del er offer for menneskesmugling; ein avtale mellom Marokko, Spania og Frankrike avslører og stoggar slike bandar heile tida – men ein veit ikkje nett kva ein skal gjere med offera. Marine Le Pens dyrking av Putin vart òg annullert som ei skam for henne, i og med all den aktiviteten Macron utfalda i telefonsamtalane med han, men òg utanom i noko som vart oppfatta som apologi for Putin.

I hast skrudde Macron og regjeringa saman ein plan for å styrkje kjøpekrafta. Dette var i heile valkampen ei hovudsak for RN, Macron avviste krast før attvalet at staten kunne gjere stort med det. No, derimot, ville han auke den absolutte minsteløna (SMIC), regulere låge løner især i kvinneyrke etter den, og senke avgifter på drivstoff, slik han har gjort med straum. Inflasjonen er galopperande, så rentene må opp, mangt vert dyrare same kva. Løynlege voner om at arbeidsgjevarar vil vise storsinn og auke lønene for mellomklassen, som i stor grad støtta Macron i starten, vert nok ikkje oppfylte.

Forpliktande avtalar

Macron seier at Frankrike er i fare no, men fører forhandlingar med alle parti. Han kunne kopla seg til høgrepartia, som det er tre av, og fått absolutt fleirtal – dersom han ikkje dermed ville sprengt sin eigen allianse, Ensemble!. Det som utanfrå sett er unikt med stoda, er ikkje faren frå ekstremhøgre eller ekstremvenstre, sjølv om talspersonane for båe er særs høgrøysta.

Derimot at det for fyrste gong sidan krigen må seriøse forhandlingar til, og dei må gje forpliktande samarbeidsavtalar. Det er mange ferske fjes og namn i nasjonalforsamlinga, mange av dei gamle rauk ut. Med godt handlag og fotarbeid kan Macron og kumpanane utrette eit mirakel; dei kan bryte den jakobinske forbanninga, opne sinna og løfte blikka så symbolkampane taper seg til føremon for reelle løysingar. Heile Europa ventar i spenning.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Univer­sitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Skremsla fordunsta då Macron «stal kleda til Marine».

Fleire artiklar

Den israelske militære talspersonen, admiral Daniel Hagar, møter media.

Foto: Amir Cohen / Reuters / NTB

UtanriksSamfunn

Iransk kanondiplomati

Det iranske åtaket mot Israel bognar av strategiske bodskapar. Og mottakarane er mange.

Cecilie Hellestveit

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Thomas Lohnes / NTB

IntervjuSamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Paven midt imot

Alle lèt til å misforstå kvarandre i kjønnsdebatten. Judith Butler blir både dyrka og demonisert av folk som ikkje har lese eit ord av bøkene hen skriv.

Bondelagsleiar Bjørn Gimming talar til demonstrantane utanfor Stortinget torsdag morgon. Bønder frå heile landet protesterer mot måten bondeinntekta blir rekna ut på.

Foto: Heiko Junge / NTB

LandbrukSamfunn
Per Anders Todal

Jordskjelvet

Senterpartiet ville løfte bøndene, men har skaka sitt eige grunnfjell.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Abortutvalet saman med helseminister Ingvild Kjerkol under overrekkinga av rapporten. Utvalet føreslår å flytte grensa for sjølvbestemt abort til veke 18.

Foto: Heiko Junge / NTB

IntervjuSamfunn
Sofie May Rånes

Moralske kvalar

Å leggje restriksjonar på abort, er ein måte å anerkjenne menneskeverdet på, seier Morten Magelssen i abortutvalet. Han tok dissens.

Henrik H. Langeland har skrive både romanar og sakprosa etter debuten i 2003.

Foto: Svein Finneide

BokMeldingar

O’hoi!

I sjangeren «skipsreiarroman» har Henrik H. Langeland levert eit svært medrivande bidrag.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis