JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Trump slår til att

Trump skjeller framleis ut «dei» som øydelegg USA. Men skjønar ikkje leiarane i det republikanske partiet at det er Trump som øydelegg USA?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Mitch McConnell, den mektige republikanarleiaren i senatet, har vist litt mindre forståing for at det var patriotar som storma kongressen. Det mislikar Trump.

Foto: J. Scott Applewhite AP / NTB

4053
20220121
4053
20220121

Kommentar

torbk@ntnu.no

Spørsmålet er kvifor partiet lar Trump tura fram slik. Har dei ikkje lært noko av Trump-tilhengjarane som braut seg inn i kongressbygningen den 6. januar i fjor og skremde vatnet av både demokratar og republikanarar – inkludert Trumps eigen visepresident, Mike Pence? Kvifor tek dei ikkje affære?

Det korte svaret er at dei er redde. Republikanarane har lært at sjølv om Trump ikkje er president lenger, har han stor politisk makt. Han kan framleis skapa og øydeleggja politiske karrierar i partiet.

Demokratisk prinsipp

I eit demokratisk system er det veljarane som avgjer. Og Trump har eit godt tak på veljarane. Han rosar kandidatar som støttar han, men skjeller ut dei som kritiserer han. Dei er udugelege kjeltringar og svikarar og Republicans In Name Only (RINOs).

Slike kandidatar mistar røyster, og Det republikanske partiet kvittar seg med kandidatar som mistar røyster. Slik dei kvitta seg med Liz Cheney i fjor. Ho var ein av leiarane i partiet og ein konservativ politikar på alle vis. Men ho røysta for at Trump måtte stillast for riksretten etter stormen på kongressen. Då mista ho raskt alle dei politiske verva i partiet.

Ho var ikkje den einaste republikanaren som distansere seg frå Trump etter åtaket på kongressen, men ho var blant dei få som ikkje endra standpunkt. Senator Lindsey Graham, ein av Trumps næraste støttespelarar, ytra seg òg kritisk til Trump i fjor, men berre ei kort stund.

Kevin McCarthy, leiaren for republikanarane i representanthuset, var òg skeptisk ei tid, men skjøna fort kor vinden blåste. Mitch McConnell, den mektige republikanarleiaren i senatet, har vist litt mindre forståing for at det var patriotar som storma kongressen. Trump har skjelt han ut for å vera ein dumb son of a bitch.

Manglande ryggrad

Finst det ikkje lenger politikarar i Det republikanske partiet med prinsipp og politisk ryggrad? Eit populært svar er: Nei! Dei er ein utdøyande art. Republikanske politikarar med ryggrad har forlate politikken – anten friviljug, eller så har dei blitt fjerna på ymse vis.

Her vil republikanarar protestere. For USA er eit demokrati, og der skal politiske representantar spegla folks vilje. Sidan to tredjedelar av USAs republikanarar trur at Trump vann valet i 2020, er det då opptil politikarane å innbilla dei noko anna?

Men dette er eit juksespørsmål. Demokrati inneber leiarskap og ikkje passiv etterplapring. Eit viktigare spørsmål er dette: Kvifor trur to tredjedelar av USAs republikanarar at Trump vann valet i 2020? Dette spørsmålet har òg eit kort svar: Veljarane har blitt indoktrinerte av løgnaktige nyhendeskanalar og sosiale medium. Men det er ikkje eit fullgodt svar. For kvifor skjøna ikkje veljarane med ein gong at media serverte urimelege bodskap?

Polarisering

Dette spørsmålet har mange svar. Nokre seier at amerikanarar ikkje skjønar seg på politikk – at veljarar er uvitande og røystar mot sine eigne interesser. Andre seier at, nei, veljarane er fullt klare over eigne interesser, men desse er annleis enn dei interessene samfunnsvitarane seier veljarane burde ha.

Atter andre argumenterer med at veljarane er forma av altfor raske økonomiske og kulturelle endringar – store sosiale grupper har ikkje klart å tilpassa seg nye tilhøve; dei har falle inn i utanforskap og håpløyse. Dei vil kvitte seg med politikarar som stod bak denne utviklinga. Dei vil tilbake til slik det var før.

Det er innsikter i alle desse svara. USA er digert – det er ein føderasjon av 50 ulike statar. Samfunn og politikk er komplisert og i konstant endring.

Politikk er å forhandla seg fram til kompromiss, men i dag er amerikansk politikk så polarisert at det er vorte umogeleg. Begeistringa for Trump tyder på at amerikansk politikk har gått i stykke.

Torbjørn L. Knutsen er professor i statsvitskap ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Trump har eit godt tak på veljarane.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Per Anders Todal

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Trålar utanfor Måløy sentrum.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte
RagnarSandbæk

Barents blues, også et flytende samfunn

Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis